lørdag 2. januar 2010

Kaldt


No er det skikkeleg kaldt både for folk og tre. Det kan godt vera at nokre eksotiske nyplantingar ryk med i vinter. Eg har ein Robinia som eg planta i vår. Den vaks som ein helt heilt til kulden kom og han fraus, ikkje sikkert det er mykje liv der til våren - i alle fall ikkje i dei nye skota. Dottera mi har hatt ein Fatsia japonicum ståande ute i Kvinnherad i mange år, den slit nok no.
Eitt anna fenomen var det store snøfallet før jol som ute ved kysten var så fuktig at det la seg på trea og knekte ned greiner og toppar. Ei fin furu i hagen til dottera mi er heilt traska og lyt sikkert fellast :(
Det kan vera lurt å notera seg bak øyret at me trass alt lever langt mot nord og kan få slike periodar med kulde og velja tre deretter. Eksotisk er spennande men kan vera litt gambling. Til trass for dette har eg alt tinga ein Robinia idahoensis il meg og ein Albissa til dottera mi til våren - kjekt å gambla litt og, det kan jo verta fint!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar