fredag 30. april 2010

Bilete frå NM treklatring

















Her er eit utval av bilete som eg har fått av Kathrine Tysnes Haldorsen. Resten av bileta hennar er lasta opp på picasa De gjekk glipp av ein nydeleg dag i Oslo alle de som sikkert med verdens beste grunnar ikkje var der. Velkomne neste år:)

torsdag 29. april 2010

Nytt stolpeplakatfirma


I lang tid har eg småirritert meg over gule stolpeplakatar frå eit visst firma som visstnok skal vera både sertifisert og forsikra. Dei lyser lystig gult ifrå omlag annankvar stolpe over størstedelen av landet, til og med i sentrale strøk som her i nabolaget mitt på Ringheim.
I dag dukka det opp ein ny type, ljosegrøn og laminert. Der lokkast det med stor erfaring i både seksjonsfelling og kronereduksjon (topping?, lang erfaring med store tre. Underteikna med eit mobilnummer.
Er dette måten me vil marknadsføra oss på? I skarp konkurranse med Polske studentar og andre som kan alt til eikvar tid??
Dersom det no skulle vera vanlege folk som les dette ( ikkje einspora trenerdar)så vil eg gjerne gje eit godt råd før de slepper nokon til på trea dykkar; Sjekk referansar, forsikring, sertifikat og om vedkomande firma er registrert i Brønnøysund. Eit enkelt søk på navnet i Purehelp.no vil fort avsløra om det er eit registrert firma eller eit Donald Duck firma.
Plakat vedlagt under.

onsdag 28. april 2010

Tenk før du plantar

Eitt tre er ei langsiktig investering, i ein hage gjerne for generasjonar framover. Det er difor naudsynt å planleggja litt før ein plantar i stadenfor å impulskjøpa tre på salg på Plantasjen.
Det viktigaste er sjølvsagt å sjekka om treet kan trivast på veksestaden. Kartlegg forholda der med omsyn til sol/skugge, jordsmonn (type, drenering, vasstilgang, pH), klimasone og mikroklima (lunt eller utsett osv), plass både i høgde og breidde og til sist om det finnes epidemiske sjukdomar i nærområdet (Almesykje, Askeskotsykje, Phytophora ramonum etc)
Deretter er det lurt å bestemma seg for kor høgt og breitt ein ynskjer at treet kan verta. Dette er ikkje alltid så enkelt å finna ut sidan det er nokså motseiande opplysingar i dei ulike oppslagsverka, kanskje ein tur på eit arboret kan vera til hjelp.
Ved hjelp av kriteria ovanføre skulle det no lata seg gjera å finna eit utval som høver på staden og har rett storleik. Deretter må ein finna ut kva eigenskapar ein ynskjer; rik bløming, fine haustfargar, bær og frukt, vintergrønt, fin bark eller stamme osv.
Ved slik systematisk framgangsmåte vil ein til sist sitja att med eit lite utval av tre som sannsynlegvis både høver på staden og har dei eigenskapane eigaren likar. Deretter er det å finna dette treet i planteskule eller utsal, i god stand utan skavankar og planta det på staden.
Men hugs: Sjå opp før du plantar - det kan vera linjer over plantestaden. Me som ryddar linjer tykkjer det er tragisk å finna fine tre planta med "loddsnor" under ei straum eller telefonlinje - det endar som regel med kort prossess.

tirsdag 27. april 2010

Halshogging

No er våren her og samstundes kjem kravet om halshogging av ei rad relativt uskuldige hagetre. Kravet er sjølvsagt ikkje halshogging men spørsmål om me kan ta på oss litt kraftig beskjæring. Det vil me som regel ikkje, fordi me veit at me gjer kunden vår ei bjørnetenesta med å kappa toppen av treet hans/hennar. Det vert gjeve så mange grunnar for at dei vil ha dette utført; naboen klagar, treet er for stort, det tek sola, frykt for at det vil detta ned osv, nokon meiner til og med at dette har med trepleie å gjera?!
Når me får desse spørsmåla prøver me å ta ei doktarrolle - altså at pasienten kjem med eit problem og dei har funne løysinga sjølve så om me berre kan kappa av den vonde delen så er alt i orden. Ikkje mange doktarar ville ha bite på den (om nokon?), så me prøver heller å finna ein god diagnose og spør; kva er problemet med treet?
Alt etter kva svaret er prøver me så å finna alternative løysingar som ivaretek treet på beste måte i høve til problemet. Det er veldig mykje som kan gjerast utan å øydeleggja treet og skal det først øydeleggjast så er det best å gjera det ved rota:)
Det mest vanlege er at naboen klagar og kjem og krev treet fjerna eller halshogd med nabolova i hand. No er ikkje nabolova så klar som ein skulle tru så treeigaren kan stort sett ta kravet med ro MEN prisen kan vera å møta naboen i forliksrådet og retten og få eit naboskap deretter. Å berre føya naboen med knytnevane i lomma kan gje same resultatet, så eit kompromiss er ofte å føretrekkja.
So er det den evindelege sola som skal koma til i alle krinkelkrokar. Det ein gløymer er at ved å hogga hovudet av treet gjer at treet reagerer med å veksa dobbelt så mykje og dobbelt så tett så den vesle solgløtten ein får er vekk på få år.
Det same med utsikt, i tillegg får ein utsikt til eit stygt tre!
Redsla for at treet kan detta ned - vel, hovudkapping gjer at treet misser røter og byrjar å rotna i stamma der det er kappa, dei nye greinene som veks ut er også veldig dårleg festa til stamma. Kort sagt, eit hovudkappa tre er fårlegare enn eit heilt tre, risikoen kan og vurderast av fagfolk og skulle treet vera risikabelt bør det fellast.
Likevel, trass i all kunnskap me no har om tre, kvar vår lyser det stadig fleire ferske sår frå halshogde tre imot meg.
Arbeidet med å prøva å fortelja folk at dette er feil minner meg litt om Halstein Bronskimlet sin endelause biografi "Eg baska meg trøytt" (Flåklypa). Det er ikkje gjort i mange handevendingar og er sikkert kjent for dei fleste av dykk men det gjeld å ikkje gje seg - stå på!

mandag 26. april 2010

Syringa cinensis

Kinasyrin er eit fint lite tre for dei som har litt lite plass. Han er heller herdig - H5 innland, blømer veldig rikt og har god lukt. Treet vert ikkje høgare enn ca 8-9m og har ei fin kruneform. Det er eit svært godt alternativ til å planta eit høgareveksande for så å hogga hovudet av det når det veks opp!

Dette eksemplaret står i ein hage på Voss (Treet altso ;)), det er over femti år gamalt og ser nett ut som eit stort tre i miniatyr, stilig!


Vedala

No er det tid for å kløyva ved og lø han i la. Nokon gjer seg meir føre enn andre, sjå på dette vedalaet!

søndag 25. april 2010

Bloggurat

Har forresten registrert arbutus på Bloggurat for å koma vidare ut med dei gode nyhenda.

John Coles Norgesmeister i treklatring

Då er årets NM i treklatring unnagjort. Etter ein nydeleg dag på St Hanshaugen i lag med gode vener og kollegaer vart årets Norgesmeister kåra etter at han leverte ein nydeleg gjennomført Master´s Challenge. John Coles har med dette to napp i vandrepokalen, ikkje verst.
Inger Endal fulgde opp successen frå i fjor på kastelineøvinga, ho vann ikkje i år som i fjor men ho kom inn på ein svært respektabel tredjeplass. Konkurransen var hard og det var mange gode kastarar. Ole Sundsdal var suverent best i denne øvinga.
Meir frå meisterskapen i lag med litt bilete følgjer snart.

torsdag 22. april 2010

Kastanje Vangsnes

Rett før påske tok me turen til Vangsnes for å beskjæra og forankra kruna på den store freda kastanjen på Vangsnes. Treet er ikkje så høgt, maks 20m men det er minst like breidt som det er høgt. Me reinskar gamle brotskadar, tynte litt og letta den lengste greina ved å skjera toppen inn til nokre sidegreiner.
Deretter vart det sett opp to Tree Save forankringar for å sikra kruna mot meir brekkasje. Ein grei og triveleg jobb i nokonlunde fint ver.

onsdag 21. april 2010

NM Treklatring

Då nærmar NM i treklatring seg att, dagen er laurdag 24de og staden er stHanshaugen i Oslo. Det har vore litt tynt med påmeldinga sjølv om det har teke seg opp dei siste dagane, ikkje akkurat oppmuntrande for dei som arrangerer happeningen på fritida si. Men no er det nok påmelde til at det vert noko av og godt er det. NM i treklatring er ikkje nokon dødsseriøs konkurranse med primadonna deltakarar med eigne massørar etc, nei tvertimot så er det meir ein sosial happening der me trenerdar kan møtast, prata, drikka og konkurrera litt. Skikkeleg morosamt.
I fjor var det arrangert på Sørlandet, i år i Oslo og til neste år kanskje på Vestlandet.
Men hugs det, alle tregingar, at dersom me pratmakarar skal kunna få dette høvet til å møtast og prata må ein del melda seg på for å konkurrera, ellers vert det ikkje noko av.
Inger Endal er einaste påmelde i dameklassen så langt - kor er alle de andre jenter??
Eg vonar at mange tek seg tid til å møta i parken på StHanshaugen på laurdag og at me får ein fin og trivelig dag!
Me snakkast der!

søndag 18. april 2010

Dyr brøyteskade

Brøyteskadar på knutekolla gatetre på Voss er vorte taksert ved hjelp av VAT03 systemet utvikla av Thomas Randrup. Skadane det gjeld er omfattande greinbrekk og flekkeskadar på to tre og stammeskade i basen av eitt tre. Totalt er skaden rekna ut til litt i overkant av 46000,- kroner, det hadde kanskje vore ein ide å vera litt meir forsiktig når snøen skal vekk??

Ospeeldkjuke

Ospeeldkjuke eller Phellinus tremulae er den viktigaste råtesoppen på osp, Populus tremula. Han kan også gå på andre poppelartar. Soppen lagar ein kvitrote som endar opp som "holrote", dvs at stamma vert hol inni. Soppen kjem inn stamma gjennom kvistbrekk eller ved tørrkvistar, typisk er alle kjukene plassert rett under gamle kvisthol eller tørrkvistar.
Soppen angrip oftast tre som står på skrinn, grunn eller vassjuk mark, tre som står på god mark held seg friske mykje lenger.
Sjå her for meir info. For oss som putlar og klatrar i tre og feller frå toppen er det litt viktig å ha i bakhovudet at ei osp med synleg sopp ikkje toler like mykje krefter ved rigging som ei frisk osp, ta mindre bitar!
Her er nokre bilete eg fann i eit ospebestand på skrinn skogsmark.



torsdag 15. april 2010

IKEA elskar tre!?

Det står det på ein stor plakat på veggen hjå IKEA i Åsane. Det kan godt vera men vaktmeisteren gjer det nok neppe. Alle trea på parkeringsplassen og ut mot gata er "beskorne" av "profesjonelle" som har konsekvent ignorert alle reglar og metodar for beskjæring. Me nevner i fleng; knaggar, flekking, liontailing, sprekker etter feil snitt og flushcut, i tillegg er alle reduksjonssnitt enten laga med stubbe utom den nye toppen eller med reine toppekutt. Eg såg rett og slett ikkje eitt korrekt kutt! Så her kan det neppe vera tale om uhell eller vanvare. Eg trur rett og slett at desse ..!! har utvikla eit heilt nytt konsept for beskjæring og sit inne med kunnskap me andre ikkje har fenge del i enno, eller..
Ekstra synd er det at dette dreier seg om ein av dei få parkeringsplassane eg veit om der det har vore vellukka treetablering, og so er alt øydelagt av rein kunnskapsløysa, ein kunne verta so ...!!!

Her er nokre døme

Dette er berre eit lit utval og sikkert ikkje dei verste ein gong, eg har sett slikt i hagar men at IKEA som av og til målber kvalitet kan stå inne for dette...
Ta ein tur og sjå sjølve, førebels lågmål frå "hakkarane".
Men for all del, det er ikkje berre IKEA som har ein artig måte å beskjæra på i Åsane. Slik som dette har resten av trea vorte beskorne i vinter, kanskje same "proffen"

tirsdag 13. april 2010

Sherril tabbe

Her er ein link til heimasido til Sherril der dei har lagt ut ein fiffig måte å få opp tauet over ei grein, først ein liten blunder og så korleis det eigentleg var meint. Test denne.

torsdag 8. april 2010

Climbing Trees in New York

Mark sende meg dette frå ein reportasje i CNN. Ser ut som me lærer på same måten kor me enn er.

onsdag 7. april 2010

About Trees av Sharon Brown

Her er ein artikkel av Sharon Brown om hennar tilhøyrigheit til tree, kanskje dekkande for litt fleire av oss??

fredag 2. april 2010

Tree Climb

Hey, sjekk denne filmen av ein ny elektrisk tauheis, fantastisk! Me har fått kontakt med produsenten via Wouter i Holland og skal testa den ut med det første - nokon frivillige??

torsdag 1. april 2010

Nytt ISA Today

Her finn de siste utgåve av ISA today, mykje bra og interessant her.