tirsdag 27. april 2010

Halshogging

No er våren her og samstundes kjem kravet om halshogging av ei rad relativt uskuldige hagetre. Kravet er sjølvsagt ikkje halshogging men spørsmål om me kan ta på oss litt kraftig beskjæring. Det vil me som regel ikkje, fordi me veit at me gjer kunden vår ei bjørnetenesta med å kappa toppen av treet hans/hennar. Det vert gjeve så mange grunnar for at dei vil ha dette utført; naboen klagar, treet er for stort, det tek sola, frykt for at det vil detta ned osv, nokon meiner til og med at dette har med trepleie å gjera?!
Når me får desse spørsmåla prøver me å ta ei doktarrolle - altså at pasienten kjem med eit problem og dei har funne løysinga sjølve så om me berre kan kappa av den vonde delen så er alt i orden. Ikkje mange doktarar ville ha bite på den (om nokon?), så me prøver heller å finna ein god diagnose og spør; kva er problemet med treet?
Alt etter kva svaret er prøver me så å finna alternative løysingar som ivaretek treet på beste måte i høve til problemet. Det er veldig mykje som kan gjerast utan å øydeleggja treet og skal det først øydeleggjast så er det best å gjera det ved rota:)
Det mest vanlege er at naboen klagar og kjem og krev treet fjerna eller halshogd med nabolova i hand. No er ikkje nabolova så klar som ein skulle tru så treeigaren kan stort sett ta kravet med ro MEN prisen kan vera å møta naboen i forliksrådet og retten og få eit naboskap deretter. Å berre føya naboen med knytnevane i lomma kan gje same resultatet, så eit kompromiss er ofte å føretrekkja.
So er det den evindelege sola som skal koma til i alle krinkelkrokar. Det ein gløymer er at ved å hogga hovudet av treet gjer at treet reagerer med å veksa dobbelt så mykje og dobbelt så tett så den vesle solgløtten ein får er vekk på få år.
Det same med utsikt, i tillegg får ein utsikt til eit stygt tre!
Redsla for at treet kan detta ned - vel, hovudkapping gjer at treet misser røter og byrjar å rotna i stamma der det er kappa, dei nye greinene som veks ut er også veldig dårleg festa til stamma. Kort sagt, eit hovudkappa tre er fårlegare enn eit heilt tre, risikoen kan og vurderast av fagfolk og skulle treet vera risikabelt bør det fellast.
Likevel, trass i all kunnskap me no har om tre, kvar vår lyser det stadig fleire ferske sår frå halshogde tre imot meg.
Arbeidet med å prøva å fortelja folk at dette er feil minner meg litt om Halstein Bronskimlet sin endelause biografi "Eg baska meg trøytt" (Flåklypa). Det er ikkje gjort i mange handevendingar og er sikkert kjent for dei fleste av dykk men det gjeld å ikkje gje seg - stå på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar