onsdag 11. august 2010

Aftenposten 07.08.10

Det var ein flott artikkel i om treklatring Aftenposten forrige laurdag. Fredrik Juelsen, ein av dei unge, ivrige arboristane i trepleiegruppa til ISS i Oslo, hadde med seg ein journalist på klatring i ei stor lønn. Dette resulterte i ein stor og fin artikkel heilt utan tabloid sensasjonsvinkling. Her vart både treklatring i seg sjølv og trepleie presentert på ein god måte.
Godt gjort Fredrik! Way to go Aftenposten!

3 kommentarer:

  1. Hei! fin blogg du har her. Eg såg denne artikkelen og lærte at det går ann å vere treklatrer av yrke. Nice! Men den lenkja dei viser til - www.treklatring.no - ser ikkje ut til å fungere. Eg skulle gjerne visst meir om kva som skal til for å bli ein treklatrar. Kan du hjelpe?

    mvh.
    Guro

    SvarSlett
  2. Hei Guro
    Vore litt borte så svaret kjem litt seint.
    Først: Takk for at du likar bloggen min, prøver så godt eg kan å finna på litt av interesse for oss med denne smale interessa :)
    Så, kva skal til for å verta ein treklatrar. Vel, det spørs om du meiner treklatrar som fritidssyssel eller trepleiar som yrke. Som yrke bør du først og fremst ha interesse for den grøne sektoren og først og fremst for tre. Deretter er det ein føremun å vera glad i å jobba ute og helst vera impregnert mot vatn :). God fysikk og lite høgdeskrekk kjem også godt med men dette er ferdigheiter som kan lærast. Det finnes lite av kurs og opplæring men du kan prøva på treesolutions.no dersom du er på austlandet eller hogstogrydding.no dersom du er her vest. Det er ei fagutdanning som leiar fram til tittelen arborist på Hjeltnes Gartnarskule men denne føreset at ein har fagutdanning som anleggsgartnar eller noko liknande som grunnlag. Du kan ta kontakt med dei på heimesida deira for å forhøyra deg litt.
    Det kan vera lurt å ta kontakt med lokale trepleiarar eller trepleiefirma for å høyra om dei treng lærlingar, då får du sett om dette er noko for deg.
    Oversikt over trepleiarar i Noreg i dag finn du på www.norsk-trepleieforum.org
    Lukke til

    SvarSlett
  3. Tusen takk for utfyllande svar med mange tips!

    (trepleie burde ikkje vere så smalt. tre er kjempestilig og særs viktig for menneske og miljø)

    SvarSlett