torsdag 28. april 2011

NM i treklatring

På laurdag er det NM i treklatring i Oslo. For første gong på mange år kan eg ikkje vera til stades, det er midt i innspurten i bygginga heime på Store Ringheim så eg vert nok ståande med målarkosten heile helga.
Litt surt men ikkje noko å gjera med det.
Det er meldt eit fantastisk ver så alt ligg til rette for eit fint meisterskap så eg vonar mange tek turen og deltek eller ser på.
NM er så mykje meir enn berre ein konkurranse, det er på mange måtar årets høgdepunkt for oss som likar å kliva i tre. Her møtest me ein gong i året og knyter nye band.
Det er også ein stad for å utveksla nye idear og teknikkar, visa nytt utstyr osb.
Det har alltid vore meininga at det ikkje skal vera høg terskel for å delta, det er rom for alle. Nokon er sjølvsagt svært gode og trenar hardt fram til denne dagen, andre er kanskje med mest for moro skuld. Det er i utgangspunktet gleda over å kunna koma seg fram oppi desse fantastiske skapnadane som trea er, som skal stå i fokus.
Ha ein fin dag!

tirsdag 19. april 2011

If there were no trees...

Sjå her for å finna ein fin artikkel om tre eg fann på Dave´s Garden sitt nyhendebrev. If there were no trees.. av Sharon Brown.
Ein aktuell tanke no om våren når folk ringer og vil ha felt hagetrea sine. Tenk den tanken..om det ikkje var tre.
Utenkeleg, sjølv dei største solelskarane og trefiendane tykkjer det. Likevel vil dei hogga ned trea i hagane sine og spesielt i naboane sine hagar - forstå det den som kan.
Les og kos dykk med artikkelen.

Når kastanjene visner i Bygdø Allé..

Det har vore kritisk for hestekastanjane i Bygdø Alle ei stund. Vanskeleg for tre som har vakse opp med god plass, sporadisk biltrafikk og hestetrafikk å tilpassa seg det moderne livet. Rikeleg med salt har ikkje vore til hjelp.
No er det på gang ein ny redingsaksjon, Erik Joner i Bioforsk skal i samarbeid med eit Tsjekkisk firma sprøyta inn mychorriza (sopprot) i grunnen rundt trea for på den måten å betra evna deira å ta opp næring.
Me vonar det beste men er litt skeptisk. Resultatet vil visa seg etter nokre år.
Sjå linken her

fredag 15. april 2011

Dyr? platanlønn i Trondheim

Ei dame i Trondheim har funne det for godt å fella ein Platanlønn, Acer pseudoplatanus, som sto i vegen for sola.
Ho hade søkt kommunen om å få løyve til å fella treet og fått avslag, men ho felte likevel. Det var klausul på treet etter plan og bygningslova og dette visste ho om då huset vart kjøpt. Platanlønna har stende der i bortimot 150 år, damo såg heller ung ut og var vel heller eit levande prov på at vitet veks med bolen eller meir direkte - ho har mykje å gå på når det gjeld vanleg folkavit.
Ho fekk då også 30000,- i bot for udåden, høgst fortent. Men no er ho sjølvsagt foruretta og kjenner seg urettvist handsama. Bakgrunnen er sjølvsagt den berømte svartelista der platanlønnen står som einaste tre. Dette er då tolka meir enn bokstaveleg som at alle artar på svartelista skal utryddast i Noreg. I dette synet har ho sjølvsagt fenge støtte frå FRP som er imot alt framand og saka vert teken opp i stortinget. Det er heilt rett, det burde vore teke opp i stortinget, men då om korleis ein skal få betre rettsvern for alle store gamle tre som står i private hagar og er offer for tilfeldig behandling av eigarane, ikkje at ei dame i Trondheim skal få verta solbrend!
Sjå linken her

torsdag 14. april 2011

IKEA trea eitt år etter

Ein av innlegga eg skreiv i denne bloggen i fjor var det om vandalskjæringa av trea på parkeringsplassen til IKEA i Åsane i Bergen. Eit vaktmeisterfirma hadde gått laus og hakka på trea etter beste evne med eit litt miserabelt resultat, men dei fekk sikkert godt betalt.
No var eg ein liten tur på IKEA att og gjekk forbi desse trea eitt år etter. Resultatet var vel omlag som forventa. På alle "knaggane" som sto att var det no kome vasskot, etter ein par tre år er trea overgrodde av villvekst og ser ikkje ut. Då lyt nok vaktmeisteren ut med saks og sag att, pengar i slikt!
Ei god oppskrift på å laga stygge tre av fine, stå på!