fredag 24. januar 2014

Vil du verta Arborist?

Likar du tre og å arbeida ute (i all slags ver),
Slit du sånn passeleg med høgder eller ikkje i det heile  og ellers er sunn og frisk er kanskje ei framtid i trekrunene eller rotande rundt i trerøter på jakt etter skumle soppar noko for deg:)

Fagskulen i trepleie uteksaminerer no til våren kull nr to av lovande Arboristar og har no inntak av nye elevar.

Sjå her for info og påmeldingsopplysingar.

Det er først i den seinare tida at trepleieyrket har vokse fram her i landet, det byrja med eit par arboristar i Oslo på 80 - 90 talet, tok fart i byrjinga av 2000 talet og no er det over hundre utdanna trepleiarar her i landet, derav 6 med Fagskule - til våren vert det 11 til.
Det er ein stor marknad og nok tre til alle så om dette er noko som fenger deg vil du i alle fall ikkje utdanna deg til arbeidsløysa, tvert imot er det stor etterspurnad etter dyktige trepleiarar. Men det er eit krevjande studie og ein krevjande jobb så det passar ikkje for alle.

Passar det for deg...meld deg på så sjåast me til hausten:)

mandag 25. februar 2013

Kvifor ein skal bruka fagfolk til trepleie

Har saksa litt frå youtube, der er det mange døme på kvifor ein skal bruka ein sertifisert eller erfaren trepleiar når tre skal fellast eller pleiast.

Tree trimming accident
Oaaah
Laaaaang stige
Sweeeping
Einball, toball, treball...
Ups
Jadda
Nok tau
I think his saw stuck..
Tadatten ta ta taddelidi ta tatten ta ta dei
Og del 2

Dette kan nok sjå litt sprøtt ut men tru meg på at eg har bæde sett og høyrt om liknande ting mange gonger. Stort sett kjem folk frå det med livet i behald...

Folk flest har ingen vanskar med å få ein røyrleggjar til å fiksa røyrene, snikkar til snikring etc men det ligg ein god del mannleg prestisje i å kunna ordna noko så enkelt som å saga ned eit tre...












 

torsdag 31. januar 2013

Trepleie i Førde Kommune

Trepleie i Førde

Trepleie er eit fag på lik linje med andre grøne og annleisfarga fag. Det er fleire sertifiseringsordningar samt ei fagskuleutdanning for trepleiarar.
I større byar og andre stader der bestillarar bryr seg er det stilt krav til dei som skal forvalta og stella eigaren sine tre – og kvifor det skal tru.
For det første er det dyrt å planta og etablera eit tre langs gater og vegar, dei må stellast og passast så dei i det heile skal veksa opp.
Når dei er større og byrjar å verta til pryd for ålmenta må dei jamnleg beskjærast for å få ein god og sikker krunestruktur.
Når dei er retteleg store og fine må dei reinskast for tørre kvistar og anna som kan detta i hovudet på folk og ein må sjå etter at dei er trygge.
Det skal altså meir kunnskap til enn å kunna starta ei motorsag og leiga ein lift!
Ansvarleg i kommunen si utsegn om at det er det same korleis berre dei er beskorne minner sterkt om Tine sin Jarlsberg reklame: “Samma det, gulost er gulost”
Eg reknar med at samme lemfeldige omgang med krav til kompetanse også går att når andre tenester skal tingast, trepleiarar kan også vera gode røyrleggjarar.
Det som er gjort her no er at desse bøkane er øydelagde, dei vil sjølvsagt vera grøne frametter men vil vera avhengige av mykje stell for å halda seg nokonlunde. Det vil sei at kommunen ved å tinga ukvalifisert beskjæring har kjøpt seg eit stort framtidig vedlikehald eller på godt Norsk – kjøpt katten i sekken!
Eg ser at mange meiner det ville vorte så mykje dyrare om det hadde vorte gjort av kompetente folk på skapeleg vis. Det er absolutt ikkje belegg for å hevda det, på Fagskulen i Trepleie underviser me folk i teknikkar som skal gjera dei konkurransedyktige i høve folk utan peiling pluss at dei skal kunna produsera eit mykje meir bærekraftig resultat med minimalt vedlikehald i framtida.
Eg ser mange artige innlegg i denne strengen, det som er positivt er at folk engasjerer seg om tre. Dersom ingen bryr seg skjer det heller ikkje noko!
Til sist – dersom det var meininga å ha små tre langs vegen, kvifor då planta bøk med eit potensiale til å verta over 20m høge?? Det finns då mange gode småvkasne tresortar.
Kanskje ein trepleiar skulle vore spurt før plantinga og..

fredag 19. oktober 2012

Trefelling i Slottsparken

Slottsgartnaren i Slottsparken har bestemt at 150 tre i ein alle skal fellast. Eg har ikkje sett trea så eg skal ikkje uttala meg om det men Andreas Løvold har sett dei. Han har skrive ein artikkel i Aftenposten om saka, les og døm sjølve.

mandag 30. april 2012

Krossfelling

I Gulen sto ein gamal steinkross utanføre kyrkjegarden i over 1000 år heilt til kyrkjeleg fellesråd fann ut at ei stor lønn i nærleiken måtte fellast så ho ikkje skulle ødeleggja krossen om velta i ein storm. Det lokale skyttarlaget vart hyra inn til jobben, gravsteinar vart flytta, vinsjar etc sett opp og ... delar av treet datt på krossen og knekte han.
Saka er no meld til politiet sidan det er tale om eit automatisk freda kulturminne. Kyrkjeleg fellesråd vil ikkje skulda på dei lokale bøndene i skyttarlaget som utførde jobben, det er tilsynelatande eit hendeleg uhell.

No vil det vera verdas enklaste sak å raljera med denne triste saka her i bloggen men eg skal lata det liggja, eg vil berre påpeika at det faktisk finnes fagfolk som feller slike vanskelege tre dagstøtt med godt resultat. Fagfolk med ei 10 mill anleggsforsikring, utdanning i fagfeltet og lang praksis og som ikkje hadde kosta meir enn dei som utførde oppdraget.

Spørsmålet som politiet i si etterforsking naturleg må spørja seg er om oppdragsgjevaren her hadde sikra seg at utførande hadde naudsynt kompetanse for oppdraget, ville dei td brukt same folka til å fiksa det elektriske anlegget, røyropplegget, leggja tak eller måla kyrkjetårnet.
Oppdragsgjevaren har også eit stort ansvar til å sjekka kompetansen til dei som vert sett til eit oppdrag!

Linke her

onsdag 11. april 2012

Arborist fagskulen

Då nærmar søknadsfristen seg for fagskulen i trepleie. Dersom de har tenkt på å søkja på denne unike utdanninga er det no på tide å putta søknaden i posten, hugs det er to år til neste opptak!
De finn mykje info om utdanninga på heimesidene til Hjeltnes Gartnarskule men i korte trekk er det ei praktisk teoretisk utdanning innan trepleie som går over to år på deltid. Det er ei vekesamling på skulen i månaden og ei praksisveke ute i arbeidslivet i månaden.
Ved bestått eksamen får ein tittelen Fagskuleutdanna Arborist og er godt rusta til ein av verdas beste jobbar :)

søndag 26. februar 2012

Årsmøte NTF

Det nærmar seg årsmøtekonferansen til NTF, årets happening for oss treskallar!
Dei som ikkje har fått med seg dette storhendet bør ta ein titt her
I år er det Bergen som er staden og me ser fram til eit par fine dagar i Noregs finaste by - byen som vår Herre er så glad i at han vaskar han mest kvar dag:)
Det er mykje interessant på programmet - berre ta ein titt, ekstra interessant er det at det via ein heil dag til konkurranseutsetjing og problemstillingar rundt offentlege innkjøp. Altfor ofte er me vitne til at me små trepleiefirma tapar i konkurransen for store multitask firma som kjøper inn kompetansen vår etterpå til ein sterkt skvisa pris.
Skal og verta interessant å høyra kva større aktørar seier om oppfølgjinga av slike tilbod.