fredag 26. november 2010

Siste glimt

Ein kjapp tur i skogen i dag gav meg desse motiva. Først ei litt blyg bjørk som held eine "foten" opp for å skjula seg.
Lenger oppe i skogen dukka det brått opp ein ljosflekk på ei stamme framføre meg. Det var einaste lysflekken å sjå så han stakk seg verkeleg ut, vakkert.
Då eg snudde meg rundt såg eg sola stikkande inn mellom trerøtene, kanskje siste glimt i år? Stemningsfullt var det uansett, det gjeld å ha augene med seg når ein ferdast ute, det er mykje fint å sjå.

torsdag 25. november 2010

Kurs i felling langs linjer og stell av motorsag SKL

Fekk denne fine filmsnutten frå kurset frå Åsmund Eikeland. Han var med på kurset og ivrig med kameraet, dreispå klipping har han og. Flott gjort!
Legg spesielt merke til filmklippet der var plassert eit kamera 15m oppe i eit stort tre medan det vart fellt. Kult! No ser me kor det er utan å prøva sjølve.
Send meir!

Fagdag i Tønsberg

I går var eg på ein interessant fagdag i Tønsberg. Temaet var å vurdera helsetilstanden på gamle tre, åstaden var Tønsberg Gamle Kirkegård.
Dagen var arrangert av Fagus , Faglig Utviklingssenter for grøntsektoren. Fagusrådgjevar Kristin Moldestad gjekk igjennom prinsippa for helsevurdering, deretter vart ivrige deltakarar sleppte laus på trea på kyrkjegarden med kvart sitt vurderingsskjema. Kaldt og surt men duverden så moro.
Etterpå bar det innatt for presentasjon og gjennomgang av resultata.
Det er mange dårlege tre der på staden så det var mykje å finna.
Langt å køyra for nokre timar men no var det slik at eg hadde eit par møte i Tønsberg tidlegare på dagen slik at eg var der likevel. Godt trefft.
Burde kanskje ha vore ein slik dag i Bergen og? Ta kontakt med Fagus og spør.

mandag 22. november 2010

Kurs for SKL i trefelling og bruk av motorsag

Hadde ein fin dag på Stord i dag. Eg var instruktør i eit kurs i bruk av motorsag og trefelling langs linjer. Kurset går over to dagar og inneheld ein liten teoridel der ein gå igjennom utstyr, verneutstyr, felleteknikkar og litt fysikk. Deretter er det ein god halvannan time på verkstaden der ein går igjennom motorsaga, vanleg vedlikehald, enklare reparasjonar og til sist men ikkje minst - filing.
Deretter ber det ut i skogen for praksis resten av kurset.
Opplegget her er å øva inn grunnleggjande felleteknikkar slik som å laga ei god felleskåre, korleis ein siktar og retningsfeller, kvisting og arbeidsteknikk med saga. Mykje som på eit vanleg motorsagkurs.
Men i tillegg til det så er dette kurset spissa inn mot sikker felling langs linjer. Ein prøver å få oppdragsgjevarane til å finna eit øvingsområde der det går ei lågspentlinje igjennom for å gjera det litt meir realistisk og så feller me langs denne linja.
Min jobb her er ofte å finna realistiske scenario slik at ein kan øva på dei ulike teknikkane under trygge forhold. Me kosar oss med å setja fast og ta ned fastfellte tre, kubba tre ned kontrollert, bruka tau og taljer, tirfortalje, og tre fire ulike baksnitt tilpassa ulike situasjonar.
Det vert ofte interessante dagar både for deltakarane og for meg, ein er aldri for gammal eller dreven til å læra noko nytt.
I morgon vert ein ny fin dag på Stord :-)

tirsdag 16. november 2010

Brrrr!!!

Stakkars lita gran som har funne på å veksa heilt inntil ein bekk. Kvar gong det frys til vert ho sjølvsagt glasert, ser skikkeleg kaldt ut.
Eitt tre kan ikkje velja kvar det vil veksa, vind og tilfeldigheiter avgjer det. Like greitt eigentleg så vert det grønt overalt og ikkje berre på dei beste stadane. Kanskje me menneske skulle lært litt av dette - så hadde det ikkje vorte så trongt i byane :)
Det er litt rart å tenkja på kvar tre kan finna på å veksa når dei vert frøspreidde; i bergsprekker, i tregrensa mot fjellet, på myrer, i sjøkanten, ja kvar som helst vinden fører frøa.
Når de skal plantast er det ein annan sak, harddrivne plantar som er bortskjemde med god jord og stell skal puttast i jorda. Det er ikkje alltid det går bra, ikkje så rart kanskje - oppfostra som dei er i dei beste tilhøve for så å få kutta av mesteparten av røtene og verta stappa ned i eit hol med ofte heilt ulik jordkvalitet og ph. Det kan røyna hardt det. Om ein så forsømer litt vatning og så er det meste gjort.
Litt tankespinn dette.
Nyt hausten og send den stakkars glaserte grana nokre varme tankar.

mandag 15. november 2010

Formklipping

Fann denne artikkelen hjå Dave´s Garden. Forsåvidt interessant. Les han og søk meir på nettet og prøv på ein Buxus eller Taxus til våren.

lørdag 13. november 2010

Trong trefelling

I dag var Goran og Erlend på ein kjekk men hard jobb på Voss. Det skulle takast ned ein ask mellom eit hus,  ein veg og mange linjer. I tillegg var det litt blomsterbed og gjerde under treet. Alt måtte sjølvsagt firast ned, delvis med andakt.
Bakgrunnen for fellinga var at treet var byrja å verta fårleg og ustabilt. Treet var delt i to stammer med ei sprekk imellom. For seks, sju år sidan var me der og sette opp ein Cobra forankring, denne var no vorten stram som ein felestreng og det var byrja å rotna godt i sprekka nede. Det var sannsynlegvis forankringa som hadde redda heile treet frå å klovna.
Treet var litt komplisert sidan det var heller breitt utan å vera særleg høgt, det vart dermed ikkje optimale forankringspunkt for riggen eller toppfeste for klatraren, men alt går for flinke karar.
Dei verste bitane var greiner som hang over taket og greiner som hang langt over diverse lågspent og telefonlinjer utover vegen. Dei måtte dei ta ned smågreiner i tuppen først før dei kunne letta dei opp litt og lura di ned langs stamma.


Veret var heldigvis fint, mykje klatring og litt avansert rigging - ein fin dag!

fredag 12. november 2010

NTF Årsavslutting i løen


 Dette kom på eposten min nett no, melde meg sjølvsagt på sidan det er kjekt å møta andre trenerdar. Skal forresten verta interessant med eit nærare blikk på trea sitt forbrytararkiv :)

NTF-Vest

Inviterer i tradisjon tro til årsavslutning  19.11.2010. kl.19.00.

Sted:Bergen skog og treplantingselskap,  Øvre Bleken gård i Fjellveien 

se Link:


Foredragsholder: Bernt Håvard Øyen, forsker fra Norsk institutt, Skog og Landskap. 

Tema: Svartelistede trær.

Som vanlig legges det opp til sosialt samvær med mat og forfriskninger.

Påmelding snarest til: frank.johansen@bergen.kommune.no

torsdag 11. november 2010

Tøffe tre

Treplanting kan vera ein liten risikosport, det er utruleg mykje som skal klaffa for at det skal verta bra. Desto rarare er det å sjå kvar tre kan veksa berre dei får bestemma sjølve. De har sikkert alle sett furutre og anna som veks ut or bergsprekker og andre umogelege stader, heilt utruleg - prøv å planta eit tre der!
Her er nokre bilete frå Bergen der nokre bjørker har funne det for godt å slå seg til. Planta? Neppe!

onsdag 10. november 2010

Single rope access, enkelttau teknikk

Her og her er nokre nyttige saker eg fann om enkeltau teknikk. Dette er ein ting fleire og fleire etterkvart brukar for å letta tilkomsten opp i trea. Det er ein metode med mange føremunar men det er også nokre fallgruver. Les og lær.

tirsdag 9. november 2010

Avansert kirurgi?

For forbi Buskerud Sentralsjukehus i Drammen her hin dagen og fekk litt hakeslepp. Der hadde det vore skikkelege trekirurgar på ferde. Eg vonar sjølvsagt at dei held eit høgare nivå innomhus enn kva som er demonstrert på utsida, men eg synest det er eit dårleg signal med ei skamskore bjørk utanføre hovudinngangen. Etter litt etterrøkjing fann eg ut at det hadde vore eit firma på ferde der med lift og motorsag og jort "jobben". Fleire store bjørketre var skamfarne etter beste evne og kan reknast som totalt øydelagde. Ved parkeringsplassen nedom blokka var det fleire asalar som hadde fått same handsaming, dei vil nok overleva men fine vert dei aldri meir. Rundt sjukehuset var det fleire døme på at standard trepleie utført av dette firmaet er toppkapping og innkorting av greiner - tragisk.
Og noko anna som verkeleg er tragisk er at sjukehuset nok har betalt dyrt for feilbehandlinga sjølv om firmaet har gjort meir skade enn kva fakturaen enn kan lyda på. Det hadde nok vore ei opplagt sak for pasientombodet om det ikkje hadde vore tre det var tale om.



Fytterakkaren!

lørdag 6. november 2010

Fjerndendrologi om hausten

Fint ord dette, men det er ikkje verre enn at det beskriv læra om plante identifisering. Fjern og haust står for at det på visse tidspunkt er svært lett å få oversikt over kva slags tre som står på eit visst område når ein ser det på litt avstand. Dette heng sjølvsagt saman med at lauvet endrar farge om hausten og at kvart treslag som regel har sin unike farge. Lønn er velkjend, men ver obs på at det er spisslønna som er mest fargesprakande. Bjørk har sin gulfarge, bøk er raudgul og eik raudbrun. Ospa flammar opp i sprakande gul og av og til i raud/oransje/blåaktige tonar, men uasett karakteristisk osp.
Alt skjer ikkje samstundes så ofte må ein kanskje sjå på same området fleire gonger for å få oversikt. Eik og bøk er ofte dei siste og held lauvet mykje lenger enn andre, difor er det lett å kjenna att dei når andre har mista lauvet, slik som no. Ein annan anonym grøn gjest gøymt inni grøne granfelt og furuskog er lerketre, ikkje lett å skilja dei ut på avstand til vanleg. Men kom igjen no, no står dei lysande gule som faklar innimellom alt det grøne, ha! tok deg!
Sjå dykk omkring, finn fargen på eitt tre og sjå om de finn han att i ei åsside, det kan verta nokre aha opplevingar av slikt.


torsdag 4. november 2010

Fagus, Samling om vurdering og skjøtsel av tre

Sjå her og her. Det skal vera ei samling i Tønsberg gamle kirkegård den 24.11. der fokus er prinsipp for vurdering av gamle tre, korleis skal ein plukka ut dei fårlege og kan evnt dei andre stå. Det vert også drøfta prinsipp for skjøtsel av gamle tre.
Det er hortonom Kristin Moldestad, Fagusrådgjevar om tre og tilsett i Statens Vegvesen, som står for det faglege i kurset. Ei svært dyktig og hyggeleg dame!
Meld dykk på !!

onsdag 3. november 2010

On line seminars

On line seminars er eit opplegg drive av Len Philips der det annankvar månad vert lagt ut ei samling artiklar om trepleie. I tillegg er det ein seksjon der ein kan svara på ei rad fleirvalgspørsmål om kvar einskild artikkel der ein får vita kva ein skårar etterpå. Nyttig og kjekk webside - prøv den!

mandag 1. november 2010

Hitch Climber

Hitch Climber blokka og CE Climb systemet frå Teufelberger har revolusjonert treklatringa sidan det kom for eit par år sidan. Det består av ei mikroblokk med tre festepunkt (Hitch Climber), to DMM O karabinar, Ocean Polyester auga til auga prussik eller ein annan type og Tachyon 11,5mm klatretau med ein spleis.
Som friksjonsknute kan ein bruka VT, XT, Distl, Schwabish eller ein annan som kan løftast med ei blokk. I denne videoen frå TreeMagineers er oppsettet vist.
Dei har også laga "Hitch Climbers Guide to the Canopy" der det i detalj er beskrive om oppsett og bruk.
Då er det berre å gå ut og prøva folkens!
Manglar de noko utstyr? Ta kontakt, me har det meste på lager til rimelege prisar :)