torsdag 31. desember 2009

Godt Nyttår!!


Godt Nyttår til alle saman!
Lat det regna englar frå oven
som kan gjera det til eit godt år
for alle!

fredag 25. desember 2009

God Jol


Ja, då er det jol att, og denne gongen til og med kvit jol. Her har me barnebarn på besøk og skal ha fine dagar med mykje god mat og fine skiturar og kjelkeleik.
Fin avslutning på eit fint år!
God Jol til alle dykk som dett innom denne staden av og til!

tirsdag 8. desember 2009

Hitch climber set up with Schwabish

Hei
Kjekk liten snutt om korleis å bruka hitch climber med schwabish knute.

onsdag 2. desember 2009

Nytt ISA Today

Trykk her for ISA Today Desember utgåva.

torsdag 26. november 2009

Epidemiar


Dei seinare åra har det vore og er framleis ei rekkje alvorlege epidemiar som trugar einskilde artar av tre. Dei alvorlegaste i Europa er Almesykja, Askeskotsykja, Phytoftera ramonum, barkebiller og P. syringae pv.aesculi eller blødande hestekastanjekreft på hestekastanje. I USA har ein svært alvorlege Phytoftera ramonum angrep på amerikansk eik og store angrep av Emerald Ash Borer.
Biletet viser ein ask som er råka av Askeskotsykje i Sandefjord.
Tre og sjukdomar lever i eit evig evolusjons kapplaup der sjukdomane utviklar stadig meir sofistikerte metodar å angripa trea på medan trea utviklar stadig betre forsvarsmekanismar.
Det er godt mogeleg at heile artar er slegne ut av ein sjukdom på eit tidspunkt men det er såvidt eg veit aldri vorte dokumentert.
Det som eg finn uroande no er mengda av slike "pandemiar" verkar å vera unormalt stor no. Berre hjå oss er Alm, Ask og Hestekastanje truga.
Eg undrast ein del på kva som kan vera bakgrunnen for dette, er det berre eit tilfelle eller kan det ha noko med tida me lever i å gjera.
Me veit at sjukdomar har lettare spel når organismane dei angrip er svekka - kan me menneske ha svekka trea så mykje at sjukdomane får overtaket? I tilfelle har me stelt oss svært dårleg.

onsdag 25. november 2009

Denne frys ikkje på føtene meir..







Denne bjørka sto vis a vis Texaco stasjonen på Sunde i Kvinnherad. Godt nedgreven og teken vare på etter beste evne.

Stasjonsbøkane


Dei gamle stasjonane på Vossabanen og Bergensbanen hadde i tillegg til vakre bygningar ogso gjerne eit lite hageanlegg - og det vart planta tre. På Voss står det enno att nokre gamle bøketre på Ygre stasjon og Evanger stasjon. Dei er etterkvart komne i ein litt skrøpeleg tilstand og det er vel eit spørsmål kor lenge dei kan verta ståande.







Det hadde vore fint om jernbaneverket kunne planta nye når dei gamle forsvinn men det finns vel ikkje pengar til slikt i dagens armodslege samfunn..

ETW kurs

Hogst og Rydding AS prøver til att med eit nytt ETW kurs i byrjinga av februar 10. Kurset går som vanleg over fire vekesamlingar fram til den årlege ETW ekamenen i sept/okt.
Dersom du vil satsa på ei karriere i trepleie, har eitt års relevant praksis (ikkje nødvendigvis med treklatring) og enten har ikkje eller er villig å fronta høgdeskrekken kan dette vera noko for deg.
Delløysingar kan også verta aktuelt. Ta kontakt med Hogst og Rydding AS
For meir info





tirsdag 24. november 2009

Litt om Hitch Climber

Her er nokre linkar til Treemagineers heimeside:

Hitchclimbers Guide to the Canopy
Hitcclimber videos
Treemagineers

mandag 23. november 2009

Sopphatt

Sjekk denne sida som Kathrine sende inn. Litt nede ser de eit bilete av kva sopp kan brukast til.

http://www.messiah.edu/Oakes/fungi_on_wood/poroid%20fungi/species%20pages/Fomes%20fomentarius.htm

lørdag 21. november 2009

Årsavslutning på Løen

No kan de angra alle de som var for seine med å melda dykk på. Langbordet var fullt av feststemde trenerdar og stemninga var høg. Først heldt Brita Toppe eit interessant foredrag om plantesjukdomar. Lat oss slå fast med ei gong - det er mykje skummelt på gang!

Deretter var det pizza og øl/brus/vatn og generell skravling. Det er ikkje så ofte me trenerdar møtest så det er mykje å prata om og skryta av.

Etter ei stund tok Ole Kristian Askeland ordet og oppnemnde seg sjølv til quizmaster for ein quiz han hadde laga til. Spørsmåla var mildt sagt innfløkte og vidfemnande men alle gjorde sitt beste. Svara vart ei stor overrasking då fasiten vart fastsett ved avstemming i salen og fleirtalet hadde rett uansett kva som var rett - nett som i regjeringa det.

Deretter vart det meir intensiv prat før tida skte men sikkert nærma seg midnatt og det var tid for å gå heim.
God jol til styret i NTF Vest som no tek jolaferie og smlar krefter til neste år.

Felling med kran

Fekk denne linken av Gunnar. Det er ikkje alltid det er lettare med kran...

http://www.abcnyheter.no/node/99834

Mangslags måtar å sikra seg på

Sjekk denne alle de som trudde eitt tau rundt magen var løysinga...

http://www.dagbladet.no/tekstarkiv/pdf.php?pa=A&d=2006-10-01&p=4&read=1

tirsdag 17. november 2009

Og so litt om Honningsopp


Eg sjekka eitt tre på Vossevangen i dag og fann ein del hagehonningsopp både i ei greinkløft og ved rotsona. Litt googling gav denne fine sida i tillegg til skogskade på nett si.

Her eit bilete frå Skog og Landskap si webside.


Gå ikkje glipp av dette!

http://www.norsk-trepleieforum.org/ntf_vest.asp

Verdas eldste tre

Her er ei sak eg fekk av Kathrine. Verkeleg interessant. Også på Voss har me grantre som er formeirte av senkarar frå eldre tre men neppe så gamle.

http://www.info.umu.se/Nyheter/Pressmeddelande.aspx?id=3061
http://www.forskning.no/artikler/2008/april/179769

Her er ei sak om ei mumifisert furu frå Sogn også sendt inn av Kathrine. Takk skal du ha!

http://www.forskning.no/artikler/2009/oktober/232036

torsdag 12. november 2009

Gamal lind i Trondheim


Denne utgamle linden fann eg i Trondheim nær Nidarosdomen. Han er både gamal og "gebrekkeleg" men har på ingen måte tenkt å gje opp. Han står også litt utsett til i ei øy ut mot hovudvegen og har heilt sikkert opplevd sin del av graving etc. Eg kjenner ikkje historien til treet men trur det må vera eit viktig tre sina både kommunen og vegvesenet har teke vare på det, stor honnør til dei rette vedkomande - slik skal det gjerast!

søndag 8. november 2009

Surapadl

Denne apalen (eplatreet), Malus sylvatica, stod i skogen/beitemarka ovanføre Mølstertunet på Voss. Alderen er ukjend men dømt utifrå storleiken er han svært gamal.


Uheldigvis så tippa han overende for tre år sidan men det er framleis liv i han. Ved rota veks det nokre rotskot og ei grein er framleis i live.



Eg har planlagt å ta eit rotskot og prøva å få det til å veksa til ein ny plante som så kan plantast ut att, slik kan det fortsett vera ein surapal på staden.



Treet er merkt som ein attraksjon langs turløypa som ligg like ved.






torsdag 5. november 2009

Har DU nokon spesielle tre du vil dela med andre?


Dersom nokon av dekan som les denne bloggen har nokon spesielle tre de vil dela med andre kan de senda bilete og tekst på sveini_ringheim@hotmail.com

Så skal eg leggja det ut her i serien om spesielle tre.

Her er endå eitt av mine favorittre.

Gamleasken på Halsnøy Kloster






Denne urgamle asken skal vera heile 600 år gamal. Han står i klostergarden i ruinane etter Halsnøy Kloster, på framsida mot sjøen. Hovudstamma er open og det er plass til fleire personar inni. Han vert no teken vare på som veterantre med jamnleg beskjæring så stammene ikkje skal verta så tunge at hovudstamma, som er heller skrøpeleg, rivnar.


Om de ser nøye etter vil de sjå Sigurd og Malcolm oppe i treet i full gang med å beskjæra.



mandag 2. november 2009

ISA Monthly Newsletter

Hei
Soframt eg hugsar det vil eg posta ein link til det månadlege nyhendebrevet frå ISA her.
Detter er oktober:
http://www.isa-arbor.com/publications/ISAToday/ISAToday1109.pdf

søndag 1. november 2009

Asken i Rosendal



Eitt av dei finaste asketrea eg veit om.
Denne eldgamle asken står ved vegen rett forbi sentrum i retning Sunde. Han er harmonisk, symmetrisk og har ei svært dekorativ og interessant stamme som endar i ein enorm base.










Eg vonar at ein trass i den truande askeskotsjuka kan finna slike tre i framtida.


lørdag 31. oktober 2009

Viktige tre

Hei

Har nok vore litt fråverande i det siste, for mykje å gjera, dessutan hadde me ei veke i Dresden i samband med at venene våre der gifta seg.

No har eg tenkt å starta ein liten serie der eg presenterer tre som på mange måtar er viktige i området sitt, tre som det for mange ville vore utenkjeleg å tenkja at dei ikkje skulle vera der, kort sagt tre som mange har eit forhold til.


Torgalmen på Voss


Torgalmen er eit tre mange på Voss har eit forhold til der han står flott plassert i nedre del av Torget. Almen er truleg frøsådd i ruinane etter 2. verdskrigen då sentrum av Voss låg nedbrend i 5 år. Han er dermed ein stad mellom 60 og 70 år, ca 20m høg og retteleg vid og fin.
Han har vore stemodersleg behandla opp gjennom tida med ulike utbyggingar, graving, oppussingar av torget og kommuneplanleggarar som kanskje drøymde om ei karriere som trefellarar. Det sto opprinneleg to fine almetre på torget men eit forsvant under den første oppussinga.



Nok om det, Torgalmen står der framleis trass motgang og gjev naudsynt liv og skugge på eit ellers steinbelagt torg.






onsdag 14. oktober 2009

fredag 9. oktober 2009

ETW eksamen

Jepp, då er me ferdige. Av mine elevar klarte over halvparten dei tildels strenge krava og vart sertifiserte, godt gjort! Resten var rett og slertt uheldige, påán igjen neste år - stå på! Bilete kjem seinare.

søndag 4. oktober 2009

Dag to veke fire


Så var det dag to. Me hadde opphaldsver og til og med litt sol og sjølvsagt ei obligatorisk regnbyge. Nordnesparken var kald som vanleg men elevane fekk fort varmen.
Nordnesparken har ein litt tett bestand av tre så me klatra stort sett i utkanten for å finna tre med lange nok greiner.
Dagens tema var ellers vurdering av tre der me gjekk igjennom prinsippet for visuell tree vurdering og tucha såvidt innom kriteria for å vurdera risiko.







torsdag 1. oktober 2009

Dag ein siste veka ETW 2009

Då var veke fire i gang, i fem intense dagar skal me repetera alt me vore gjennom før, før me neste torsdag reiser til Oslo for å ta eksamen på fredag.









Veke 4 opplegg


Dag 1 Tema: Plantekjennskap og klatring / beskjæring
Oppmøte på Arboretet på Milde ved Blondehuset ca kl 08.00
Før lunsj skal me samla inn samtlege plantar på lista og gå gjennom dei.
Etter lunsj vert det klatring og beskjæring i ein del store eike og lønnetre på arboretet eller Fana Folkehøgskule.
Dei som ikkje skal opp til full eksamen kan sjølvsagt byrja å klatra med ein gong.
Me tek om lag ein time lunsj, den skal i tillegg til å fylla magen nyttast til spørsmål om ulike tema.

Dag 2 Tema: Vurdering av tre, sjukdomar etc
Oppmøte i Nordnesparken eller ein annan park alt etter kvar me får løyve.
Startar med ein runde i parken der me ser på ulike defektar etc. Deretter tek me føre oss ulike kriterie i ei risikovurdering.
Me ser ein del på ulike plantesjukdomar, kvifor tre vert utsette for å verta sjuke, rådgjerder både førebyggande og lækjande.
Sjølvsagt stimulering av mjølkesyreproduksjonen med å klatra i dei store fine trea i parkenJ
Dei som skal ha deleksamen kan byrja å klatra med ein gong om dei klarar.

Dag 3 Tema: Krunesikring og forankring
Me finn ein stad me kan vera, helst med ein del tre som er kandidatar til krunesikring.
Me vidarefører ein del av kunnskapane frå vurderingsdagen til å finna eigna kandidatar til krunesikring.
Kriterie før me sikrar, kva slag sikring, statisk, dynamisk, invasive - non invasive, ulike system, andre tiltak i tillegg, kvar skal ein leggja systemet.
Praktisk klatring og installasjon av dynamisk sikring.

Dag 4 Tema : Beskjæring
Ved rundkøyringa på Midtun.
Me har fått 23 unge lindetre som skal oppbyggings beskjærast.
Deretter går me igjennom dei vanlegaste beskjæringsmåtane og snitta.
Praktisk klatring og beskjæring ein stad der me kan gjera nytte for oss.

Dag 5 Tema: Tre på byggeplassar, planting og plantetypar

Me vil gå gjennom tiltak for å bevara tre på byggeplassar, ta ein runde og sjå på ulike stader om me finn nokon.
Me tek turen innom eit plantesenter og ser på kvalitetar, me går igjennom planting av ulike kvalitetar – kanskje me til og med grev eit hol.
TENTAMEN i klatring i Christieparken der eksamen var i fjor. No bør det gå bra!Ta med masse spørsmål, klatrelyst, godt humør, fint ver og elles kva som skal til for å gjera dette til ei god veke.

mandag 28. september 2009

Eksamen nærmar seg


Ja, då nærmar ETW eksamen; http://www.eac-arboriculture.com/en/default.aspx seg med stormsteg. For dei som ikkje veit kva ETW står for kan eg kort fortelja at det er ei sertifiseringsordning for trepleiarar felles for EU og andre Europeiske land. Forkortinga står for European Tree Worker - ETW. Eg har hatt fire elevar på eit fire vekers kurs som skal opp til eksamen i Oslo den 9.10.

Dette er ein omfattande eksamen som går over ein heil dag. Kandidatane vert testa både i praktiske ferdigheiter og i trepleieteori. Det er også eit vanskeleg nålauge å koma igjennom, det er over 50% stryk årleg.

Eg kryssar fingrar og tær for mine i år - både dei som skal ta heile eksamenen og dei som skal ta oppatt deler.

På torsdag startar siste kursveka og eg vil koma attende med bilete og kommentarar undervegs.

onsdag 23. september 2009






Desse sjarmerande døma på "god" trepleie fann eg i Fagernes. Acer platanoides i relativt dårleg forfatning stod rett ved ei travel hovudgate.

Det beste som er å sei er at dei i alle fall har vist vilje til å ta vare på trea sjølv om det mnglar litt på kunnskap og evne. Uansett, vilje er eit godt utgangspunkt, alt for mange gonger vert felling brukt som einaste utveg.