fredag 26. februar 2010

Bransjeorganisasjonen SOFT

Her finn de litt informasjon om bransjeorganisasjonen SOFT for bransjar som arbeider i tau. Trepleiemiljøet er ikkje representert her, me veit vel knapt nok at det finnes noko slikt. Me kan kanskje sei at det me driv med er så ulikt alt anna og det er vel delvis rett, men me er underlagt dei same lovene og reglane som andre som brukar tau.
Det kan godt vera at me har noko å henta her i dette miljøet, eller kva synes de?

torsdag 25. februar 2010

Hengetraume

Her er ein link til programmet frå fjorårets høydekonferanse arranger av Aak. Foredraget omhandlar hengetraume, dvs eit samlebegrep på dei skadane som opstår når ein vert hengande i selen etter ein skade. Svært interessant og aktuelt med omsyn til tidsbruken ved redning.

mandag 22. februar 2010

Arborist opplæring i NY

Arborist opplæring vert gjort sameleis overalt, her er eit avisutklipp som Mark sende meg frå New York.
Men det er kanskje litt kulare å koma i New York Times enn BT og BA?

søndag 21. februar 2010

Kjøpesenter beskjæring:)



Ein snartur innom Åsane senter avslørte at det har vore "proffar" på farten og "fagmessig" beskore trea på parkeringsplassane og langs gata.
Ein kan i alle fall sei at dei har vore konsekvente med å nytta topping kutt både oppe og nede på treet.
Eg reknar utan vidare med at bestillarane såg føre seg høystakk tre på sikt og bestilte denne noko spesielle beskjæringa.
Eg reknar også sjølvsagt med at fagfolk av ein slik klasse tok seg godt betalt:)






torsdag 18. februar 2010

White mud

Min gode ven, Mike, kalla snøen for f...... white mud og eg er etter kvart byrja å verta einig. Ikkje fordi eg hatar snø, men eg likar ikkje konsekvensane. Me skal rydda linjer og stubba på max 10cm.. hallo! Eg reknar med at me lagar skikkeleg tre dagars skjeggstubb for tida inne i skogen, og framme der det syns meir tek det uendeleg tid å prøva å koma ned mot bakken. Nei, white mud get lost! Anbefalt reiserute for snøen er opp i fjellet der det paradoksalt nok er for lite av slaget!

onsdag 17. februar 2010

Online Seminars

Sjekk denne linken, det er ein link til online seminars. Kvar andre månad vert det publisert nye artiklar, det er mogeleg å ta ein online test etter kvar artikkel og tena CEU for ISA. Mykje bra her.

tirsdag 16. februar 2010

NM treklatring - Damelaget Vest og andre

No er ikkje NM i treklatring akkurat NM i Nordiske greiner då, det er meir ei uformell samling der me som driv i ein av dei smalaste bransjane i landet kan møtast og kosa oss og konkurrera litt. Alle ser fram til dette MEN det vert ikkje noko av om det ikkje er deltakarar. Nokre er gode andre heilt ok, nokon har vore med før andre ikkje det viktigaste er at me møtest og lærer av kvarandre. So damer og herrar frå Vest og andre stader, me møtest i Oslo den 24de.

mandag 15. februar 2010

Tretaksering

Eg var på eit rimeleg interessant kurs i tretaksering i Oslo her hin dagen. Kurset var i regi av NTF og føredragshaldar var Thomas Randrup. Randrup har utvikla takseringssystemet VAT 03 (Værdisetning Af Træer 03), systemet er no brukt eein god del og har vorte delvis innarbeidd i rettspraksis i Danmark. Her i landet er det også brukt ein del, eg har taksert fleire tre etter systemet og vore sakunnig i ei rettsak der systemet vart brukt.
Systemet bygger på "gjenskaffelsesverdi", eit mykje brukt uttrykk i annan taksering. I tillegg tek det omsyn til treet sin estetiske verdi, alder og tilstand.
Randrup har skrive ein artikkel om systemet som er publisert i Journal of Arboriculture, denne kan sikkert googlast. I tillegg kan søk på Thomas Randrup og VAT 03 gje resultat.

NM Treklatring 2010



Som vanleg kjem alle gode nyhende her først! (he,he)


NM i treklatring i år vert den 24.04 i parken på StHans Haugen i Oslo. Det er nok ein del som kjenner staden enten med gode eller dårlege minne frå ETW eksamen i fjor. Det er fine tre der og det vert nok eit fint arrangement sjølv om det skal litt til å matcha Sivert sin bålkveld i fjor.


So no er det berre å leggja seg i trening folkens, eg reknar uansett med eit sterkt damelag frå Bergen.

mandag 8. februar 2010

Nytt kranfelling kurs med Mark

Me har såvidt byrja å arbeida med eit nytt kurs i kranfelling med Mark Chisholm. Denne gongen er det tenkt at det skal vera i Oslo området sannsynlegvis i byrjinga av september.

Dei som var med sist hugsar sikert enno dei fantastiske dagane på Voss i fjor, intensjonen er å gjera det like bra i år. Me ventar stor interesse så det er berre å liggja klar i startgropa til kurset vert utlyst.

søndag 7. februar 2010

Nett ein tur på brett

Byrja dagen med ein god time på fjellet i dag, nyyyydelige forhold før det vert for oppskrie.
Kan godt verta ein dagleg tradisjon dette:)

lørdag 6. februar 2010

Arborist utdanning Hjeltnes




No er det sikkert at det vert oppstart på Arborist utdanninga på Hjeltnes i år.


Søknadsfrist er førebels sett til første mai og oppstart til hausten.


For dei som ikkje las forrige innlegg om dette kan eg kort nevna at det dreier seg om fagskuleutdanning innan trepleie. Den er på deltid og basert på samlingar og utplassering i praksis. Studiet er godkjent for lån og tilskot frå Lånekassa.


Utdanninga gjev rett til den fancy tittelen Arborist.

fredag 5. februar 2010

Visuell Tree Inspeksjon feltguide

Her er ein link til ein felt guide i tre inspeksjon eg fekk på Myerscough. Han er skriven av Claus Mattheck. Desverre så er han på engelsk, finnes ikkje på Norsk. Ser ikkje ut som at han er så enkel å lesa på websida men prøv å lasta han ned.

100 år gamalt trepleiefirma

Lauren Lamphear sitt trepleiefirma er 100 år i desse dagar. Noko å tenkja på her som den spede byrjinga med trepleie starta i 1980 åra.
De finn linken her

torsdag 4. februar 2010

Knutekolling Nordnes

Det har vore djup snø i det siste og me slit med linjeryddinga, difor var det svært gledeleg at Anleggsgartnarmeister Løvaas leigde våre trepleiarar inn til å hjelpa dei med knutekolling i Haugevegen på Nordnes. Knutekolling er kjekt arbeid og gutane gjekk laus med liv og lyst og hadde sikkert ein liten intern konkurranse om kven som var kjappast. Det var også moro å sjå kor fint det er med ein slik nyskoren alle. Takk Løvaas!









Årsmøte NTF

Årsmøtet i Norsk Trepleieforum skal vera i Bergen i år, 11 - 12 mars. Heile konferansen er vigd til temaet beskjæring og det er mange dyktige føredragshaldarar som skal ta for seg ulike tema. Toppen vert nok med prof. Ed Gilman som skal ha ein lengre seksjon kvar dag.
Meir informasjon vil de finna her .
Det er ikkje for seint å melda seg på, det er alltid kjekt å treffa kollegaer i festleg lag!

Nytt av året er at det skal vera eit lite "tradeshow", dvs utstilling og salg av utstyr etc til trepleie og beskjæring. Hogst og Rydding skal ha ein stand der med gode tilbod på ein del utstyr.

mandag 1. februar 2010

Nytt ISA Newsletter! Read and enjoy!

Du finn det her!