mandag 30. april 2012

Krossfelling

I Gulen sto ein gamal steinkross utanføre kyrkjegarden i over 1000 år heilt til kyrkjeleg fellesråd fann ut at ei stor lønn i nærleiken måtte fellast så ho ikkje skulle ødeleggja krossen om velta i ein storm. Det lokale skyttarlaget vart hyra inn til jobben, gravsteinar vart flytta, vinsjar etc sett opp og ... delar av treet datt på krossen og knekte han.
Saka er no meld til politiet sidan det er tale om eit automatisk freda kulturminne. Kyrkjeleg fellesråd vil ikkje skulda på dei lokale bøndene i skyttarlaget som utførde jobben, det er tilsynelatande eit hendeleg uhell.

No vil det vera verdas enklaste sak å raljera med denne triste saka her i bloggen men eg skal lata det liggja, eg vil berre påpeika at det faktisk finnes fagfolk som feller slike vanskelege tre dagstøtt med godt resultat. Fagfolk med ei 10 mill anleggsforsikring, utdanning i fagfeltet og lang praksis og som ikkje hadde kosta meir enn dei som utførde oppdraget.

Spørsmålet som politiet i si etterforsking naturleg må spørja seg er om oppdragsgjevaren her hadde sikra seg at utførande hadde naudsynt kompetanse for oppdraget, ville dei td brukt same folka til å fiksa det elektriske anlegget, røyropplegget, leggja tak eller måla kyrkjetårnet.
Oppdragsgjevaren har også eit stort ansvar til å sjekka kompetansen til dei som vert sett til eit oppdrag!

Linke her

onsdag 11. april 2012

Arborist fagskulen

Då nærmar søknadsfristen seg for fagskulen i trepleie. Dersom de har tenkt på å søkja på denne unike utdanninga er det no på tide å putta søknaden i posten, hugs det er to år til neste opptak!
De finn mykje info om utdanninga på heimesidene til Hjeltnes Gartnarskule men i korte trekk er det ei praktisk teoretisk utdanning innan trepleie som går over to år på deltid. Det er ei vekesamling på skulen i månaden og ei praksisveke ute i arbeidslivet i månaden.
Ved bestått eksamen får ein tittelen Fagskuleutdanna Arborist og er godt rusta til ein av verdas beste jobbar :)