fredag 30. juli 2010

Mark Chisholm verdsmeister i 2010

Mark Chisholm gjekk heilt til topps for tredje gong i verdsmeisterskapen i treklatring i Chicago forrige helg. Gratulerar Mark, vel fortent!
Mark er også kjend for mange her i landet etter at han har vore her to gonger og helde kurs og workshop. 9. - 11. september er det eit nytt høve til å møta denne hyggelege kjernekaren i Oslo der det skal arrangerast eit to dagars krankurs og ein dag workshop i avansert treklatring.
Me gledar oss stort!

fredag 23. juli 2010

Tre i Bergen

Trude var intervjua i BT i går. Dei hadde ein tur rundt i bydn for å sjå på tre som ho var forarga over. Det er desverre ikkje vanskeleg å finna døme på mishandla tre, det er berre å sjå seg ikring. Noko av problemet i byar og tettbygde strøk er at alle her i landet på daud og liv skal sjå 360 grader rundt seg og at eikvar solstråle skal uhindra kunna steika huda eit steg nærare hudkreft. Litt spissformulert men sant. Når ein i tillegg veit at rettsvernet for tre er bortimot null så har me det gåande.
Det som forundrar meg meir er alle dei fantasifulle måtane folk kan handsama eit tre på, det verkar som dei trur at tre kan takla alt mogeleg så det er berre å gå laus. Tre vert toppa og kappa i den tru at " de tar seg igjen", dvs at det kjem nok lauv att. Me ser ofte døme på det motsette, litt spesielt vert det vel dei stadene der folk har kappa toppen og greinene på furutre i eit tappert forsøk på å laga knutekollingar :).
Det mest merkelege med dette er at internett og hagebøker fløymer over av fagstoff om korleis dette skal gjerast, men kutta tre er vel ein mannfolksak og då er bruksanvisinga for pyser.
Kanskje du spør deg sjølv om ikkje folk kan gjera med trea sine som dei vil, dei eig dei trass alt? Sjølvsagt kan dei det, men ha det i bakhovudet at det er ein treeigar, men landskapet treet veks i og formar tilhøyrer alle! Skal det kanskje også vera fritt fram for einkvar å gjera kva som helst på eigedomen sin eller er det betre med litt love rog reglar??

torsdag 22. juli 2010

Retningslinjer for treklatring

På innlegget om Akrobatikk fekk eg ein kommentar frå Kristin Moldestad med ein link til NTF sine retningslinjer for arbeid i høgda/treklatring. Dette er nyttig lesnad som alle bør ta ein titt på, ja til og med lesa grundig.
Me er ikkje fleire trepleiarar enn at me treng alle saman!

Krankurs i Oslo

Då er endeleg informasjon og påmeldingsskjema oppe og går på heimesidene til NTF . Hugs at det er avgrensa antal på sjølve krankurset, på klatreworkshopen er det derimot uavgrensa med deltakarar. Dess fleire dess betre, dette skal verta ein kosedag "oppi trærne" med sjefsekorn Mark C.
Meld dykk på folkens for dette vert årets høgdare for oss trebjødnar!
På biletet ser de nokre av dei 9 me hadde 25m oppe i ein bøk i fjor.

Krankurs i Oslo

Då er endeleg informasjon og påmeldingsskjema oppe og går på heimesidene til NTF . Hugs at det er avgrensa antal på sjølve krankurset, på klatreworkshopen er det derimot uavgrensa med deltakarar. Dess fleire dess betre, dette skal verta ein kosedag "oppi trærne" med sjefsekorn Mark C.
Meld dykk på folkens for dette vert årets høgdare for oss trebjødnar!
På biletet ser de nokre av dei 9 me hadde 25m oppe i ein bøk i fjor.

onsdag 21. juli 2010

Vinterskadar

Norsk institutt for Skog og Landskap har kome med ein rapport om det me allereie har sett ei stund, at det har vore tildels mykje vinterskadar på tre i år. I tillegg har det også vore uvanleg mykje saltskadar langs vegane. Det siste både fordi det har vore ein kald vinter med mykje snø men også fordi våren kom utan den vanlege vårbløyta.

tirsdag 20. juli 2010

Frostmålar

De hugsar kanskje at eg skreiv om ulike målarangrep for ei tid sidan. Somme stader var alt lauv vekke frå mange tre i skogen men syndaren var ikkje å finna. Eg tok kontakt med FAGUS og dei var forsåvidt einige med meg at det måtte vera ein målar, men det var sjølvsagt ikkje råd å sei kva for ein sidan dei var borte.
No har trea stått ein tre vekers tid etter at eg såg dei sist og er såvidt byrja å koma med nytt lauv. Om ein månads tid vil dei nok vera i full vigør att.
Tre tåler godt å missa alt lauvet ein gong men dersom det hender fleire gonger på rad vil det tæra så mykje på energireservane til treet at det døyr. I Nord Noreg er det fleire stader store bjørkebestand som har døydd grunna fleire år på rad med målaråtak men dette er ikkje vanleg. Det vert difor ikkje sett inn nokon store tiltak for å nedkjempa desse åtaka.
På einskildtre kan ein hindra åtak om ein fester ein ring med lim på utsida på stamma av treet, denne vil effektivt hindra den vengelause hoa i å koma opp og leggja egg.

mandag 19. juli 2010

Vekselbanktreet

Akk ja, alt arbeidet me hadde med å planta det treet - og så dauda det!
Fekk litt mistankar då det var veldig seint til å byrja å veksa, dei vart stadfesta då det byrja å visna - rota var skadd. Antakelegvis frosen i løpet av vinteren då treet sto lagra med rota i klump. Planteskulen har fått inn fleire reklamasjonar på klumptre i år så det er ikkje berre vårt, men det er no fortredeleg då!!
Vel, nytt tre er tinga og det kjem i midten av august, så er det på àn igjen, kanskje eg tek nokre bilete då og. Om de vil sjå innlegga om plantinga så leit nedover til byrjinga av mai.
Fin jordbærdag i dag forresten - regnet heldt seg unna og me hadde dei første korgene med Florence, dei seinaste bæra.

Her er bilete av treet i dag, sørgeleg syn!

søndag 18. juli 2010

Akrobatikk?

I siste "Skogeieren", medlemsblad for Skogeierforbundet, har dei teke eit blikk på trefellarbransjen. Dei har vald å gjera det ved å skriva ein reportasje om eit trefellarfirma i Oslo, sjå vedlagde bilete.
Eg vel å sjå på heile greia som eit utslag av agurktida, sjølv om den kanskje ikkje skulle vera så akutt i Skogeierforbundet.
Dersom Skogeieren verkeleg ville ta ein titt på trepleiebransjen her i landet ville det kanskje vore naturleg å ta kontakt med Norsk Trepleieforum eller nokre av dei store seriøse verksemdene innan bransjen i Oslo. Eg har ikkje noka grunnlag for å hevda at TJR Trefelling ikkje er seriøse men etter å ha sett på bileta ser eg at motorsaga vert konsekvent brukt med ei hånd og at det berre vert brukt eitt innfestingspunkt når han sagar, begge deler er både useriøst og livsfårleg. Kva om Skogeieren hadde ein reportasje om ein skogsarbeidar som brukte saga med ei hånd på bakken? Me har som tommelfingerregel at all "sagføring" som ikkje er akseptert på bakken i alle fall ikkje er akseptert oppe i tre!
Det er forsåvidt rett som det vert hevda at det ikkje trengs lisens eller opplæringssertifikat for å byrja som trefellar MEN Arbeidsmiljølova set i Forskrift For Arbeid i Høgda (s.32) heller strenge krav for korleis arbeidet skal utførast og krav til utstyret og opplæring. Det er krav om dokumentert opplæring både på motorsag og bruk av tilkomstutstyr, i tillegg er det krav om nok praksis før ein arbeidstakar kan setjast til sjølvstendig arbeid med dette. Eg ser at trefellaren her har trent på saging og treklatring på familiebruket i Gausdal, det er vel tvilsomt om det er dokumentasjon god nok dersom ulukka skulle vera ute.
No finnes det faktisk både opplæringstilbod og sertifiseringsordningar i trepleie, kanskje Skogeieren skulle ha skrive litt om det? Det er faktisk starta opp ei fagskuleutdanning i trepleie ved Hjeltnes Gartnarskule i Ulvik, kanskje det hadde vore interessant å skriva om?
Norsk Trepleieforum arrangerer årleg eksamen i både ETW sertifisering og ISA Certified Arborist sertifisering, der kan kvalifiserte kandidatar melda seg på og dersom dei består kan dei kalla seg enten ETW sertifisert eller ISA Certified Arborist, kanskje det hadde vore noko for Røyse i TJR Trefelling? Han skal i alle fall vera meir enn velkomen. Kanskje ein reportasje frå dette hadde vore noko for Skogeieren og? Dei er sjølvsagt også velkomne.
No vonar eg at ingen føler seg uthengde etter dette hjartesukket men eg føler at reportasjen er ein slags "sensasjonsreportasje" og eg synest at TJR Trefelling hadde stått seg på å få arbeidsrutinane sine i tråd med bransjestandarden.

torsdag 15. juli 2010

Polyporus squamosus

I år har det igjen dukka opp ein sopplekam av Polyporus squamosus på almen på torget på Voss. Ikkje heilt uventa sjølv om det ikkje var nokon sopplekam i fjor. De finn ein del informasjon om soppen på denne sida.
Soppen er både parasittisk og saprofyttisk, han lever altså både på frisk og daud ved, men han er ikkje rekna som ein sterk skadegjerar så eg reknar med at almen kan leva godt med han i mange år.
Som vist i eit tidlegar innlegg (Torgalmen 2009) hadde almen store vanskar for to år sidan, plaga som han var av mykje graving og styr samt at det var fyllt opp minst 30 cm over rotsona. Trepleiaren i Voss Kommune, Gunnar Lillethun, fjerna fyllet rundt rotsona, la eit tynt lag med kompost oppå  og fyllte opp att med 10 - 15cm elvastein. Dette sette almen stor pris på og skaut skikkeleg til året etter, også i år er han i fin vigør så det ser ut til at han er berga.
Berre no ikkje ein eller annan trehatar finn ut at han står i vegen for noko!

mandag 12. juli 2010

Japanlønn

Her er ein artikkel eg fann om japanlønn skriven av Todd Boland. Japanlønn er på mange måtar det perfekte hagetreet, fin om våren, sommaren og hausten med. Dei er stort sett beskjedne i høgda og krev lite beskjæring. Desverre så er mange av dei såpass varmekrevjande at dei helst passar på Vestlandskysten men det finnes og ein del hardføre.

fredag 9. juli 2010

Blodbøk, blodlønn

Eg har i den seinare tida så smått lagt merke til at sikkert helvta av alle bøkar som er planta heromkring er blodbøk. Det same gjeld for lønn. Eg treng ikkje gå lenger enn i eige tun for å finna eit slikt tre.
Det er ingenting gale med desse trea anna enn at dei stel veldig mykje ljos. Det er kanskje litt slik at i planteskulen ser dei mykje meir interessante ut enn eit vanleg grønt tre men ein må ha i bakhovudet at dei vil verta store tre. Under eit slikt tre vil det vera så mørkt at graset får vanskar med å veksa medan mosen stortrivs. Eg reknar heller ikkje med at dei vert favorittane til solhungrige damer når dei veks opp.
Desse trea kan ha ein stor misjon som fokuspunkt i landskapet, det er litt slik at eitt er bra men fleire er for mykje. Det skal mykje til at ein blodbøk kan fungera som tuntre inne i eit tun, det kan fort verta for tungt og mørkt.
Dette er noko både trepleiarar, landskapsarkitektar, anleggsgartnarar og planteskulefolk bør tenkja igjennom slik at dei kan gje gode råd til kundane.
Sjå dykk omkring litt så forstår de sikkert kva eg meiner.

torsdag 8. juli 2010

Jordbær, erdbeeren, fresas, strawberries,...

Kjært barn har mange navn og jordbær er verkeleg eit kjært barn! Det er også det einaste eg starta opp med på 70 talet som eg framleis driv med, litt fordi det framleis er lønsamt og mest fordi det rett og slett er kjekt.
Eg har nett nok åker til at eg sel unna kvar dag, meir er ikkje lønsamt.
Me startar dagen i 6-7tida, då kjem plukkarane og byrjar å plukka. Plukkarane våre er for det meste lokale ungdomar som vil ha litt sommarjobb. Veldig mange har debutert i arbeidslivet her, gjennom 30 år har sikkert mellom 500 og 1000 stykker vore innom her og plukka litt eller mykje, eg vonar det stort sett var ei god oppleving.
Deretter er det innsamling og kontroll før eg tek bæra med på torget mellom 9 og halv 10. Sannsynlegvis dei ferskaste torgjordbæra i Noreg, og folk veit å setja pris på dei sjølv om eg ikkje kan følgja med på prisgalloppen til dei store kjedene.
Torgdagen varar fram til 3-4 tida eller til eg har selt alle bæra, så er det å pakka i hop, reisa heim og rota ihop litt middag, sjekka åkeren før me tek kveld.
No må eg sei at på torget, der står som regel kona mi. Ho er både penare enn meg og flinkare til å selja. Eg har også ein jobb å skjøtta så eg har nok ikkje tid til å sta der heile dagen så det er godt at ho kan trø til.
Sjå dei fine bæra på bileta - løp og kjøp :) !!

onsdag 7. juli 2010

Kva skjer i skogen?

Kvart år går det føre seg ein kamp på liv og daude i skog og tre rundt omkring oss. Trea kjempar med sine ulike plageånder som sopp, insekt og bakteriar, desse kjempar igjen segimellom. Dersom nokon trudde det var mennesket som oppfann rustningskapplaupet må dei tru omatt. Trea og plageåndene har ei lang felles soge i evolusjonen der nye sofostikerte metodar frå plageåndene vert møtte med mottiltak i høve til regelen at dei sterkaste overlever. Dei siste døma på dette, gode eller dårlege, er almesykja, askeskotsykja og successen til ulike Phytophtora arter. Dei sistnemnde har utvikla eit forsvar mot treet sitt alarmsystem slik at dei kjem seg inn utan at treet oppdagar at det har fiendar på vitjing og kan dermed husera rundt nett som dei vil. Eitt tilbakeslag for trea men dei vil nok slå attende ved at mutasjonar eller andre endringar på sikt vil utmanøvrera denne eigenskapen hjå skadegjeraren og gjera treet immunt mot nye angrep - for ei stund.
Andre, og meir synlege ting no, er angrep av ulike insekt. Desse kan vera massive slik at store område vert snaua for lauv eller dei kan vera små dottar der ein art har fenge totalt overtak og vert svært talrike.
Det hadde vore artig om de som les dette hadde sendt meg ei notis dersom de ser noko slikt eller anna som de lurar på, helst med bilete. Gå litt grundig til verks og sjå om de finn syndaren også.
De finn epostadressa neders på sida.

På biletet ser de eit bestand med lønn som er heilt ribba bak tidlegare Essoen på Dale i Hordaland.

tirsdag 6. juli 2010

Ryddings langs vegar

Me har det siste året rydda langs fylkes, riks og europavegar i Bergen, Os, Osterøy og Austevoll for NCC Roads. Det har vore ei ny røynsle med ein heller bratt og tung læringskurve. Eg har vore, og er, blant dei som meiner at mekanisk skogrydding langs vegane våre er grei vandalisme - så det var litt rart brått å vera vandal. Me byrja idealistisk nok med manuell rydding og flising av alt, det gjekk med dundrande underskot. Så leigde me ei hydraulisk sirkelsag med tre blad som me monterte på kjeften på ei steinklype på ei gravemaskin med rotortilt, det fungerte nokonlunde men vart alt for grovt.
Me prøvde ut ei hydraulisk sag med sagkjede på ei stor skive og beskyttelse over, det var grei katastrofe - det såg meir ut som om eit fly hadde krasja inn i trea!
No brukar me ei hydraulisk sag med eitt blad med same opplegg som den med tre blad, det fungerer stort sett greitt. Føraren kjem greitt til og kan laga nokonlunde snitt, litt knaggar vil det nok alltid verta for dette er ikkje finbeskjæring. Denne saga har nok litt for svak hydraulisk motor men det går ok.
Successen er svært avhengig av kor flink føraren av maskina er, han som me har no klarar seg ok men han har ikkje mykje skogserfaring. Det skulle vore artig å prøvd ein som har køyrt lastbærar eller hogstmaskin og som også har røynsle frå manuell hogst - men kor mange slike er det som køyrer gravemaskin...

torsdag 1. juli 2010

Skadedyr

De har kanskje lagt merke til at det einskilde stader i år står tre som er mest utan lauv? Det er ein liten sommarfugl, ein målar som mest sannsynleg har skulda. Sommarfugltypen vert kalla målar fordi åmene har to par føter framme og to par bak og går framover nett som om dei måler opp ein avstand. Desse artige dyra kan oppformeira seg i enorme mengder år om anna, og eta opp alt lauvet på ei rekkje tresortar. Den staden eg har teke bilete frå er det spesielt Salix, Sorbus og Betula som er offer, litt lenger nede i vegen såg eg ein alm med berre restar av lauvet att.
Om dette berre hender eitt år er det lite til skade for trea, men dersom dei kjem att år etter år vil trea til slutt dauda slik som store bjørkeskogar i Nord Noreg har gjort grunna "tremakken" eller Bjørkemålaren.
Her er litt informasjon om ein av typane, den som har ete på lauvet på staden på bileta er sannsynlegvis liten frostmålar eller gulgul frostmålar.