søndag 26. september 2010

Første Fagskuleveka

Det var tolv både spente og ivrige elevar som møtte opp på Hjeltnes forrige mandag. Dei var historiske som dei første trepleie studentane i landet. Minst like ivrige og spente var lærarane på skulen.
Etter at eg hadde gleda av å vera med å undervisa i treklatring som del av eit team med Harri Dijkstra, Andreas Løvold og ansvarleg for faget - Sigurd Sondre Huvestad, kan eg sei at det er ein engasjert gjeng med elevar men som før skrive, med stort sprang i røynsle med treklatring frå før, men det skal me bøta på.
Dagane gjekk med til å verta kjende med utstyr, knutar, reglar og ei rad ukjende musklar :).
Å læra seg ei ny ferdigheit er aldri enkelt og ei så krevjande ferdigheit som dette vil nok ta si tid. Me kan berre læra dei teknikkane på skulen, øva dei inn må dei gjera heime og i praksis og skal dette gå bra må dei øva flittig. Dersom nokon dukkar opp att med utstyr som ser ut som nytt til neste samling kan det vera at dei får ein liten formaningstale, men eg reknar ikkje med at det skjer.

Uansett så gledar me oss til å sjå dei att i midten av oktober.

onsdag 22. september 2010

Arboristutdanninga på Hjeltnes

Ja då er første kull på fagutdanninga innan trepleie i gang. Dei første dagane er det treklatring som står i fokus, ikkje fordi dette er eit klatrekurs men fordi klatreferdigheiter er svært viktig å læra seg for å koma fram til arbeidsstaden oppe i trea.
Det er litt ulikt nivå på elevane, spennet går frå nokon som aldri har teke i eit tau til andre som har klatra ein god del.
Eg hadde gleda av å vera med å undervisa i dag og mitt inntrykk er at det er ein vel motivert gjeng som startar på ei halvtanna års reise fram mot statusen som dei første faskuleutdanna arboristane i Noreg.
Eg ynskjer dykk alle lukke til! Det vil nok dukka opp litt drypp frå dette på Arbutus i framtida.
På bileter er to blide damer eg delte tre med i dag :)

lørdag 18. september 2010

Filmklipp frå krankurset

Når eg såg gjennom bileta fann eg dette filmklippet. Det går ikkje an å lasta det opp på web albumet så eg legg det ut her. Her er ein link til youtube der det også ligg.

Askeskotsykja

Nokre turar i askeskotsykje land i sommar har fått meg til å undra på kor alvorleg denne sykja er og korleis ho er spreidd.
For det første, det er sjølvsagt deprimerande å sjå mengder med asketre med meir eller mindre daude toppar og greinspissar men innimellom står det også heilt friske asketre, gjerne i lag med tydeleg sjuke. Kva kan dette koma av? Er ikkje dette så smittsamt som ein opprinneleg trudde eller finnes det resistente tre?
Det er anteke at soppen spreier seg med luft, særleg sidan spreiinga har gått så fort, men etter som eg ser (i frå bilen når eg køyrer forbi) så har sykja spreidd seg mest i kystsona frå Oslo til Flekkefjord, innover i landet i Setesdalen, Hallingdalen osb er det mykje mindre og til sist ingenting. Korleis heng dette saman med dominerande vindar og askebestand? Sjå også observasjonskart frå Skog og Landskap.
Det er relativt mykje skade langs E18 på Sørlandet, eg har ikkje hatt tid til å køyra litt utom E18 for å sjå om det er like ille der men det hadde vore interessant å visst. Kan det kanskje vera at sporane vert spreidde med biltrafikk?
Mange spørsmål dette og ingen svar, har søkt litt på det store nettet men har ikkje funne så mykje der heller.
Dersom nokon av dykk har nokre observasjonar de vil dela så hadde eg sett pris på at de legg dei inn i kommentarfeltet.

onsdag 15. september 2010

Raudrandkjuke

På ein sopptur hin dagen fann eg dette nydelege eksemplaret av ei raudrandkjuke. Det er ikkje så ofte ein snublar over denne flotte kjuka så eg tok nokre bilete.
Soppen kan vera både saprofytisk og parasittisk, som regel angrip han heldigvis allereie daud ved og er på den måten ein viktig nedbrytar i naturen heller enn skadegjerar.
Sjå ellers meir info her på skog og landskap sine sider.

Dyktige kranførarar

Dette vert siste innlegg om krankurset for no. Det slo meg at eg ikkje hadde skrive noko om ein vesentleg del av kurset nemleg kranane og kranførarane.
Til kurset var det leigd inn to kranar frå T.O. Bull .
Dette er eit stort firma som leverer mange slags lastebil og krantenester. Me fekk ein stor mobilkran og ein stor nok leddkran på lastebil, fine greier, men endå betre var det at me fekk to usedvanleg rolege og dyktige kranførarar. Det er no eingong slik at det er dugleiken til kranføraren som avgjer om oppdraget vert ein tur på silkeføre eller ein kamp på klabbeføre.
Desse to var både røynde og rolege, dyktige karar som gjorde at kursdeltakarane kunne via all merksemd på det som gjekk føre seg i treet i full tillit til at kranen var i gode hender.
Det er no eingong litt spesielt å stå fastspent og kappa store seksjonar langt oppe i eit tre, skal ein i tillegg vera utrygg på kranen så er det definitivt ikkje noko moro!
Eg kan i alle fall anbefala firmaet T.O. Bull og desse kranførarane, skal de ta ned eit tre så kan de trygt ringja til dei, men hugs å spør etter dei to som var med på kurset i felling med kran.

tirsdag 14. september 2010

Klatre workshop

På laurdagen etter to lange dagar med felling var det ein dag der klatring sto i fokus. Og kven kunne vel vera betre eigna til å visa oss triks og teknikkar enn den siste verdsmeisteren i treklatring.
Hendinga fann stad på St Hanshaugen, på same staden der NM var skipa til tidlegare i år. Det møtte fram vel 14 deltakarar, kunne kanskje vore fleire?
Vermeldinga var ikkje den beste for dagen men han starta bra. Mark samla alle rundt seg og forklarte om utstyr og teknikkar, knutar, lure triks og anna. Mellom anna ein mykje sikrare måte å setja opp footlocktau i eit tre og korleis ein skal få ned att utstyr som ropeguide eller cambiumsaver som sit fast.
Deretter var det oppstiging som var i fokus. I denne omgang på enkeltau med enten Tree Frog systemet eller Rope walker systemet. Det siste var kanskje litt meir behageleg enn det første men begge var gode system som sparar ein stakkars trepleiar for mange kaloriar på veg til arbeidsstaden.
Deretter vart så mange som ville bedne med opp i ei stor bøk der Mark ville visa korleis ein best kunne posisjonera seg og korleis ein effektivt kunne koma seg rundt i treet.
På det tidspunktet var eg desverre nøydd å byrja på heimvegen, 6,5t køyring, så eg fekk ikkje med meg noko meir men eg vonar at dei som vart att hadde ein minnerik dag.

Tusen takk, Mark og Brian, vonar me møtest att eit anna år.

søndag 12. september 2010

Bilete frå kranfelling kurset

Sjå på denne linken , der finn de ein del bilete frå kurset. Har litt vanskar med eit kamera men når det ordnar seg kjem det fleire. No er problemet fiksa og alle bileta mine er lasta opp, eg vil spesielt påpeika ein del bilete nederst som Goran tok frå utsiktsposten sin i toppen av treet.  Dersom andre har bilete dei vil dela med alle kan de gå til http://www.picasa.com/ og registrera seg og laga eit webalbum der, deretter er det berre å gje ut linkadressa til dei som det skal delast med.

fredag 10. september 2010

Krankurs dag 2

Så var dag to av krankurset unnagjort. Denne gongen var det tre døyande tre ved ein barnehage i Sofienbergparken som var målet. Trea var store og vide og plassen var liten så her var det verkeleg god øving. Mark og Brian tok kvar sine fem deltakarar med seg opp i kvart sitt tre og desse fekk etterkvart lov å prøva seg på balansering og kapping. Det var gode tre til føremålet med mange og lange horisontale greiner som sette krav til både klatreferdigheiter og evne til å finna balansepunkta. Heile tida var Mark og Brian til stades og kom med gode råd, korrigerte feil og oppmuntra som berre dei kan. Gjennomgangsmelodien blant deltakarane etterpå var at dette var moro og slett ikkje så skummelt som dei trudde i byrjinga. Bruk av kran i fellingsarbeidet har nok fått mange fleire tilhengarar etter dette kurset.
Det må også nevnast at me hadde to usedvanleg rolege og dyktige kranførarar frå firmaet T. O. Bull. Dei gjorde absolutt sitt for at kurset skulle verta ein success.
Kjem attende med litt fyldigare stoff seinare, no er det leggetid før workshopen i avansert treklatring i morgon!

torsdag 9. september 2010

Krankurs 2010

Ja, so var årets krankurs i godt gjenge. Onsdagskvelden var det samling der Mark Chisholm viste ein presentasjon om alle aspekt ved trefelling med kran. På torsdagen var det ut i felten. Det skulle takast ned fire store daude almetre ved Madserud Alle i Oslo. Me hadde to kranar til disposisjon, ein stor mobilkran og ein 28m leddkran på lastebil. Først demonstrerte Mark korleis det skulle gjerast på det eine treet. Deretter var det kursdeltakarane sin tur. Det tok si tid, me var ikkje ferdige før kl 18.30 men du verden så lærerikt - ingen meinte at det hadde vore langdrygt. Mark og Brian er svært dyktige og tolmodige lærarar, og dei va roppi trea med deltakarane heile tida og såg til at alt vart gjor slik det skulle.
Ein kjempefin dag!
I morgon er det på´an igjen ein annan stad i Oslo. Me gledar oss!

søndag 5. september 2010

VANDALAR!!

Kvar evige haust når skulen byrjar att er det nokon som enten er proppfulle av testosteron eller av alkohol eller  begge deler som må rengja seg ut over tre og annan pynt på Vossevangen. Aldeles meiningslaust! Kva kan vel vera imponerande ved å herpa blomekassar og knekkja tre? Ikkje ser eg potensialet for å dra damer med slik toskaskap.
Det kan forsåvidt minna litt om oppførselen til den nære slektningen vår, gorillaen, når han skal visa kor sterk han er, så me kan vel trygt kalla dette gorillafakter.
Hadde dei endå klart å knekt eit vakse tre - men neidå, det er desse stakkars nyplanta trea som skal prova kor stor og sterk lakjen er. Kanskje ikkje akkurat noko ein vil skryta av til badnabodne ein gong i framtida.
Skam dekan LAKABADLA!