lørdag 18. september 2010

Askeskotsykja

Nokre turar i askeskotsykje land i sommar har fått meg til å undra på kor alvorleg denne sykja er og korleis ho er spreidd.
For det første, det er sjølvsagt deprimerande å sjå mengder med asketre med meir eller mindre daude toppar og greinspissar men innimellom står det også heilt friske asketre, gjerne i lag med tydeleg sjuke. Kva kan dette koma av? Er ikkje dette så smittsamt som ein opprinneleg trudde eller finnes det resistente tre?
Det er anteke at soppen spreier seg med luft, særleg sidan spreiinga har gått så fort, men etter som eg ser (i frå bilen når eg køyrer forbi) så har sykja spreidd seg mest i kystsona frå Oslo til Flekkefjord, innover i landet i Setesdalen, Hallingdalen osb er det mykje mindre og til sist ingenting. Korleis heng dette saman med dominerande vindar og askebestand? Sjå også observasjonskart frå Skog og Landskap.
Det er relativt mykje skade langs E18 på Sørlandet, eg har ikkje hatt tid til å køyra litt utom E18 for å sjå om det er like ille der men det hadde vore interessant å visst. Kan det kanskje vera at sporane vert spreidde med biltrafikk?
Mange spørsmål dette og ingen svar, har søkt litt på det store nettet men har ikkje funne så mykje der heller.
Dersom nokon av dykk har nokre observasjonar de vil dela så hadde eg sett pris på at de legg dei inn i kommentarfeltet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar