onsdag 29. juli 2009

Musøyre, Salix repens

Salix repens eller musøyre er kalla verdas minste tre. Denne vesle planta i seljefamilien vert rekna som ein av dei første som vandra inn etter istida. Den kan laga store grøne område høgt over tregrensa der få eller ingen andre plantar trivs. Skikkeleg tøffing altso.

tirsdag 28. juli 2009

Kryp sprakje


Tøffe tak å vera sprakje over 1000moh, gjeld å halda låg profil:)
Heile planter er over fem meter lang men berre 15cm høg på det høgste.

lørdag 25. juli 2009

Helg!

Så er endeleg helga her, me skal berre gjera ferdig jordbæra så reiser me til støls!

Fleire bilete







fredag 24. juli 2009

Graduation Seremony


Nokre bilete frå Graduation seremonien på Myerscough 16.07

Grisaver

Regn igjen i dag, har det først byrja er det ingen ende. Jordbæra mine vert blaute, kundane held seg heime og eg kunne godt tenkt meg under den varme dyna.

torsdag 23. juli 2009

Hei

Ja, så er eg i gang. Denne bloggen tenkte eg å bruka til treet sitt beste. Dersom de har noko de lurar på vedrørande tre - spør meg og eg skal prøva å gje eit godt svar. Kom også gjerne med innlegg der de luftar frustrasjonar over dårleg trepleie eller glede over god trepleie.