tirsdag 18. januar 2011

Vekesamling 4 på Fagskule Arborist på Hjeltnes

Då er fjerde veka på fagskulen vel i gang. Elevane har no hatt to dagar med teori om beskjæring, trekjennskap og krunestabilisering.
I morgon skal elevane ut og opp i trea. Me byrjar med opplæring i kameratredning og tek litt redningsøvingar. Dette er ferdigheiter som kan vera svært viktige å ha dersom ulukka skulle vera ute, det er ikkje alltid at redningsmannskap som er trena i redning frå høgda eller frå tre er tilgjengelege. Når ein så veit at hengetraume kan vera livstrugande etter relativt kort tid bør alle innsjå kor viktig det er å vera i stand til å fa ned ein skadd klatrar relativt raskt.
Deretter vert det beskjæringsøvingar i ulike tre i nærområdet. Me føreset no at elevane har inne gode nok klatreferdigheiter til at dei kan koma seg opp og rundt i treet. Det vil no verta lagt meir vekt på sjølve arbeidet og på arbeidsposisjonering.
Av aktuelle arbeidsoppgåver er krunereinsk, tynning og kruneheving.
Veret er lova å vera bra både i morgo og torsdag, det skal verta fine dagar.
Kjem attende med bilete seinare i veka.

mandag 17. januar 2011

Beskjæring i Statens Vegvesen sin regi?

Eg fekk denne eposten i dag frå min gode ven Sivert W Svane i Fevik
:

>Hei Erik og Ingjerd og svein
>Her kan dere se et resultat av beskjærings arbeidene en anleggs gartener gjør for mesta og statens vegvesen reg sør.
>Det er nesten umuligt for oss sertifiserte trepleiere å få utført arbeider for de 2 nevnte aktører fordi vi ikke har personlige vennskap med bestillerene i statens vegvesen og mesta.
>Denne anleggs gartneren har nok utført hærværk i steden for beskjæring på ca 100 - 200 trær i nær område.
>De er derfor ikke veldigt lett å konkurere med folk som kan si at de
>har fagbrev som grøntanleggs gartnere og i fritiden spiser kirsebær med
>de store entrepenørene Hilsen en frustert Svane

Det er vedlagt nokon bilete av skamfarne tre, ser ut som om dei er beskorne etter den "gode gamle hatrack" metoden, dvs skorne for å få hatten til å passa.
Eg forstår godt Sivert veldig godt, det er vondt å sjå på dette. 
Spørsmålet er som vanleg; Kva er føremålet med beskjæringa? Kven har bestilt dette og kven har fulgt det opp? Kva krav til kompetanse er stilt til dei som har utført "jobben"

Det kan vera at det er tenkt på å laga knutekollingar - men det ser ikkje slik ut.
Det kan vera at det er bestilt oppbyggingsbeskjæring i samsvar med SVV si beskriving av slikt arbeid i anbudsgrunnlaget - i so tilfelle er bestillar og utførar analfabetar. Eg har denne beskrivinga liggjande og ho kan umogelegvis lesast slik!
Mest truleg er det tale om kunnskapsløyse manglanda fagkunnskap.
Dette er alvorleg. Det er lagt ned mykje pengar, skattepengar, i planting og stell av desse trea og så vert dei øydelagde slik - antakeleg for god betaling - skattepengar igjen.



Me får vona at det ikkje vert sett tilsvarande kvalifikasjonskrav til andre underentreprenørar som er leigde inn på same funksjonskontrakt, i tilfelle lovar det ikkje godt.

Kor lenge skal det gå før det vert sett reelle krav til kompetanse i kontraktar som omhandlar stell av tre i ulike anlegg? No kan kven som helst som seier dei har kompetanse på dette verta utvalde til slike oppgåver av bestillarar som har like lite kompetanse på det dei bestiller som dei som utfører jobben. Taparane er trea og brukarane av områda som skal leva med eit elendig resultat. 
Det patetiske er at det ofte kostar meir med glade amatørar med lift og motorsag enn fagfolk som har brydd seg med å utdanna seg innan faget.
Beklagar folkens men eg vert litt opptrekt av slikt!

lørdag 15. januar 2011

Tredame

Arne Askeland, eller Arn som han kallar seg, held til på Askeland Gard på Osterøy. Han er ein kreativ sjel som brukar motorsag til å laga ulike skulpturar. De finn meir informasjon om han på facebook sida hans.
Han lagar skulpturar av både dyr og menneske og som de ser nedanføre er det ikkje noko problem med damer berre ein har ei motorsag og ein trestokk :)
Eg synest det er imponerande kva han får til og kjenner vel eigentleg at det kriblar litt i gassfingeren med å prøva litt sjølv, spørs vel om det vert like bra.
Besøk sida hans og sjå bileta.

søndag 9. januar 2011

Nyttig web sida

På denne sida til University of Florida vil de finna ei rad med nyttige faktaark osv. Det meste er produsert av professor Ed Gilman som var i Bergen på årsmøtekonferansen i fjor. Ta dekan litt tid til å sjå igjennom alt som ligg her og andre stader på sidene deira.
Utruleg nyttig, enkelt og greitt skrive.
Ed is the man!

onsdag 5. januar 2011

Skotre

Trudde eg hadde oversikt over dei fleste treslektene på nordre halvkule heilt til eg las denne artikkelen om vandalar som har øydelagt eit vidkjend skotre i USA.
No er det vel kanskje ikkje slik at sko veks på tre der heller, og ikkje er det ei eiga slekt med tre, det er tre der det er vorte tradisjon å hengja opp utslitne sko etter ein lengre tur i skogen.
Fint eller ikkje, eg skal ikkje ha noka sterk meining om det, heller ikkje om kven som er største vandalane av dei som hengde opp skoa eller dei som hakka ned treet. Det var uansett eit tre og ein tradisjon som betydde ein god del for mange folk der borte og soleis var det nok stygt gjort å øydeleggja.

mandag 3. januar 2011

Palmar? Her?

Var det nokon som trudde at palmar berre var for sydlegare strøk? Det viser seg nok å vera feil. Det veks palmar i hagen til Flor og Fjære på øya Hidle i Boknafjorden, litt feilbeskorne men dei klarar seg. Det kan veksa palmar mange stader på sørvestlandet, kulden er eit mindre problem enn sommartemperaturane og nedbøren.
Sjå denne artikkelen frå Dave´s Garden, der finn de mange sortar palmar og kva dei toler. Ver no litt eksperimentelle de som har hage i ei passande klimasone, prøv noko nytt det ka nvera det går.

søndag 2. januar 2011

Veterantre blogg

Fann denne kjekke bloggen på Treebuzz under Sean Freeman sine innlegg. Artigt å sjå korleis dei tek seg av gamle tre i Australia. Sjekk han ut.