tirsdag 25. oktober 2011

Koparspikar - myte eller fakta??

Det har i mange år versert historiar om at koparspikar drep tre. Nokon meiner at ein skal vera nok, andre tilrår fleire, gjerne dyppa i saltsyre etc.
Det rare er at alle har høyrt om nokon som har gjort dette men ingen har gjort det sjølve.
denne linken finn de ein artikkel om ein som har teke dette på fullt alvor i sitt patetiske forsøk på å drepa ein gamal fin lønn.
Det ville vera skummelt om metallet kopar var så giftig for levande organismar at ein spikar kunne drepa eit heilt tre - i så tilfelle trur eg nok at fri omsetnad av kopar var rimeleg uaktuelt.
Kva trur de folkens, har nokon av dykk prøvd det med success??

tirsdag 21. juni 2011

Asken slit

Det ser ut som om asketrea på Voss er i store vanskar i år. Mange av dei har ikkje skote lauv i toppane, i staden kjem det vasskot lenger nede, ein av desse er ein relativt ung ask i hagen min. Det kan på mange måtar minna om askeskot sykje men er nok neppe det. Det er nok heller den kalde berrfrosten i fjor haust, den som tok halve jordbæråkeren min, som er syndaren.
Eg kutta av ein tørr greinspiss i dag for å sjå etter teikn på askeskotsykje, eg fann ikkje det men merkeleg nok var den tilsynelatande tørre greina frisk inni med grønt og fint kambium. Det verkar som om det har vore knoppane som har fenge nådestøytet. Skal verta interessant å følgja med framover om treet mitt og dei andre "tek" seg att på dei nakne delane, ellers er det desverre berre å hogga ned sidan prydverdien er borte.

torsdag 26. mai 2011

Gatetre 2

Då vart det ein Prunus mackii eller neverhegg som vart planta utanføre Voss Sparebank. Ved eit merkeleg samantreff er det eksakt same treet som er planta utanføre Vekselbanken på Voss. Forsåvidt ikkje uventa forresten sidan begge bankane er noså like ellers og :)
Prunus mackii er ellers eit bra gatetre, vinterherdig, fin bløming, litt frukt og litt haustfargar så dei vil nok pynta bra opp i gatebiletet.
Eg har ein del andre framlegg som eg gjerne ville ha prøvd ein stad - det er viktig med litt mangfald i gatebiletet.
Ta gjerne kontakt om de skal planta noko.

tirsdag 10. mai 2011

Ny supervinsj

CPR Innovations ved Steven Ibeling har klekt ut ein ny lur vinsjtype for trefelling. Han verkar omlag som ein GRCS men i motsetnad til denne er det mogeleg å bruka to tau samstundes. Vinsjen er bygd opp av ein kraftig Harken vinsj i midten og med ein friksjonstrommel rundt. Denne kan brukast både til brems ved seksjonsfelling og til å kontrollera last som vert vinsja. I tillegg beskyttar han vinsjen.
Me har akkurat teke han i bruk og han verkar veldig bra, skikkeleg gjennomtenkt.
I Noreg kan de kjøpa vinsjen ved å kontakta Hogst og Rydding på tlf 90869340 eller epost svein.ringheim@hogstogrydding.no




søndag 1. mai 2011

Gatetre

Eg har fått ein førespurnad om å koma med framlegg til eit gatetre utanføre ein bygning på Voss. Ikkje så vanskeleg skulle ein tru men det vart ein del fundering likevel. Her er ein del kriterie som må oppfyllast:
  • Plassen er avgrensa så det kan ikkje vera noko vidt tre.
  • Uvisst kva som er under fortauet, så det kan ikkje vera for "fintfølande"
  • Det bør minst tola H5
  • Det må vera 4 meter opp til nederste greina på innsida og 5,5 meter ut mot gata, så treet bør vera over ti meter når det er utvakse.
  • Høg prydverdi enten med haustfargar, bork, bløming og bladform.
  • Det skal definitivt ikkje vera Sorbus og Tilia X europea `Pallida`
Nokon som har nokre gode framlegg? Legg dei inn som kommentar under.

torsdag 28. april 2011

NM i treklatring

På laurdag er det NM i treklatring i Oslo. For første gong på mange år kan eg ikkje vera til stades, det er midt i innspurten i bygginga heime på Store Ringheim så eg vert nok ståande med målarkosten heile helga.
Litt surt men ikkje noko å gjera med det.
Det er meldt eit fantastisk ver så alt ligg til rette for eit fint meisterskap så eg vonar mange tek turen og deltek eller ser på.
NM er så mykje meir enn berre ein konkurranse, det er på mange måtar årets høgdepunkt for oss som likar å kliva i tre. Her møtest me ein gong i året og knyter nye band.
Det er også ein stad for å utveksla nye idear og teknikkar, visa nytt utstyr osb.
Det har alltid vore meininga at det ikkje skal vera høg terskel for å delta, det er rom for alle. Nokon er sjølvsagt svært gode og trenar hardt fram til denne dagen, andre er kanskje med mest for moro skuld. Det er i utgangspunktet gleda over å kunna koma seg fram oppi desse fantastiske skapnadane som trea er, som skal stå i fokus.
Ha ein fin dag!

tirsdag 19. april 2011

If there were no trees...

Sjå her for å finna ein fin artikkel om tre eg fann på Dave´s Garden sitt nyhendebrev. If there were no trees.. av Sharon Brown.
Ein aktuell tanke no om våren når folk ringer og vil ha felt hagetrea sine. Tenk den tanken..om det ikkje var tre.
Utenkeleg, sjølv dei største solelskarane og trefiendane tykkjer det. Likevel vil dei hogga ned trea i hagane sine og spesielt i naboane sine hagar - forstå det den som kan.
Les og kos dykk med artikkelen.