fredag 10. desember 2010

Rolege tider

Det vart tidleg vinter i år, beinkaldt og litt snø i over ein månad no. Ikkje akkurat rette veret for trepleie kan ein sei. Det daglege arbeidet med linjerydding og slikt går sin gang, me skal vera ferdige til jol med eit prosjekt for BKK i Bergen. Etter jol er det lite å gjera så me er på marknaden etter trepleie eller trefellings oppdrag.
Det er eigentleg ikkje så bra for trea å verta beskorne no når det er så kaldt, det vil verta ein del frostskadar i kambiet rundt snittet slik at snittet ikkje vert optimalt. I tillegg er det vanskar for lønn som har det med å "blø" straks temperaturen stig litt, når det så frys att om natta kan det verta store frostskadar. Lønn er litt ulik bjørk på det området ved at ho "blør" heile året, bjørk "blør" berre i sevjegangen om våren.
På den andre sida er det ei perfekt tid til å fella tre, berre det ikkje vert for kaldt då. No er det den tida på året det er minst vatn i veden og veden er lett å kløyva.
Dei som har planar om trefelling bør heller få det gjort no istadenfor til våren når sevja går.
Men no er det vel slik at folk har fokus heilt andre stader no enn hage og slikt. No er det skisesong og vinter. Lite å gjera med det, me får ta det som det kjem og snart er det jol :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar