onsdag 16. februar 2011

Arborist utdanning vekesamling fem

Tida flyg, no er det allereie midt i februar og vekesamling fem på fagutdanninga er i gang. Denne gongen er det to dagar med felling og rigging av rettstamma tre, to dagar på anleggsgartnardagane og ein dag teori.
Felling og rigging er mitt gebet så Andreas, Harry og eg har vore ute og undervist i korleis ein kan demontera grantre.
Det er eigentleg ein enkel sak i teorien - på med spikes og sele, ta greiner på veg opp, kappa toppen, ta seksjonar på veg ned, tadaa ferdig!
Men på eit eller anna merkeleg vis så er det ikkje så enkelt likevel. For det første så er det høgda, dei trea me tok varierte frå 10 til nokre og 20 meter i høgd. Det er sjølvsagt litt spesielt å stå på eit par piggar på ei laaaang stong og kappa denne i bitar med motorsag.
For det andre er det kappeteknikk med sag og motorsag, det er utruleg kor mange "smarte" måtar folk brukar ei motorsag på oppe i eit tre - måtar de ialdri ville filosofert om å bruka på bakken. Men når det er sagt så vil eg sei at desse elevane på langt nær var det verste eg har sett i så måte så alt gjekk bra.
Dersom ikkje høgde og motorsag er noko problem så kjem me lærarar draksande med ein haug med blokker, slynger, tau og brems som skal brukast til nedfiring. Det er mykje å tenkja på i tuppen av eit tre :)
Etter to dagar med intens nedkapping så sat det meste i alle fall så godt at det er eit grunnlag for å trena vidare. Og det er naudsynt for dette er ikkje noko ein lærar på to dagar, ein må ut og praktisera - fella tre for naboar og vener eller kanskje til og med drista seg til å ta betalt :)

Stå på folkens!

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Korleis kan ein verte sertifisert som arborist? Krev dette ei lang utdanning eller er det nokre kurs ein må ta?

    SvarSlett
  2. Det er to sertifiseringsordningar som kan vera aktuelle. 1) ETW sertifisert som er ei praktisk teoretisk sertifisering der ein må gjennomføra ein eksamen. Den andre er gjennom ISA der ein kan ta ein Certified Arborist eksamen, denne er berre teoretisk. Du finn mykje meir info på heimasidene til Norsk Trepleieforum, www.norsk-trepleieforum.org.

    SvarSlett