onsdag 28. april 2010

Tenk før du plantar

Eitt tre er ei langsiktig investering, i ein hage gjerne for generasjonar framover. Det er difor naudsynt å planleggja litt før ein plantar i stadenfor å impulskjøpa tre på salg på Plantasjen.
Det viktigaste er sjølvsagt å sjekka om treet kan trivast på veksestaden. Kartlegg forholda der med omsyn til sol/skugge, jordsmonn (type, drenering, vasstilgang, pH), klimasone og mikroklima (lunt eller utsett osv), plass både i høgde og breidde og til sist om det finnes epidemiske sjukdomar i nærområdet (Almesykje, Askeskotsykje, Phytophora ramonum etc)
Deretter er det lurt å bestemma seg for kor høgt og breitt ein ynskjer at treet kan verta. Dette er ikkje alltid så enkelt å finna ut sidan det er nokså motseiande opplysingar i dei ulike oppslagsverka, kanskje ein tur på eit arboret kan vera til hjelp.
Ved hjelp av kriteria ovanføre skulle det no lata seg gjera å finna eit utval som høver på staden og har rett storleik. Deretter må ein finna ut kva eigenskapar ein ynskjer; rik bløming, fine haustfargar, bær og frukt, vintergrønt, fin bark eller stamme osv.
Ved slik systematisk framgangsmåte vil ein til sist sitja att med eit lite utval av tre som sannsynlegvis både høver på staden og har dei eigenskapane eigaren likar. Deretter er det å finna dette treet i planteskule eller utsal, i god stand utan skavankar og planta det på staden.
Men hugs: Sjå opp før du plantar - det kan vera linjer over plantestaden. Me som ryddar linjer tykkjer det er tragisk å finna fine tre planta med "loddsnor" under ei straum eller telefonlinje - det endar som regel med kort prossess.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar