torsdag 19. august 2010

Ferieslutt

Ja, då var ferien slutt i år og. Siste dag med jordbær var på tysdag, ei og ei halv veke seinare enn normalt. Men kva er no normalt - det veit vel berre meteorologane. Det vart altså ein lang og ymsen sesong med mykje vær og heller lite bær, men dei var fine dei som kom til torgs. Den eldste åkeren er no grundig drept med roundup og ein ny fin åker er planta ut. Denne gongen har eg bytta ut ein del av Koronaplantane med ein ny sort som heiter Sonata, skal verta løye til års å sjå korleis det går.
Ellers er det ein del planlegging av krankurset i Oslo om nokre veker. Det skal verta artig å treffa andre trenerdar att, særleg Mark og Brian som eg ser berre ein gong i året. Hugs at det i tilleg til krankurset også er ein workshop i treklatring på laurdagen, denne kan ein melda seg på uavhengig av krankurset. Dette vert ein fin dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar