søndag 3. oktober 2010

Graving og trerøter

På byggeplassar og andre anleggsområde er det altfor ofte meir eller mindre naudsynt å grava grøfter og anna forbi tre som skal halda fram å veksa på staden.
Den vanlege metoden er, som vist på desse bileta frå Halsnøy, å gå laus å grava utan å tenkja på røtene.
Når røter vert grevne av på tvers slik som her vert dei øydelagde langt innanføre der det er greve, ofte heilt inn til rotsona og det vert lange langsgåande sprekker og sår som er perfekte for allslags soppar og andre patogen.
Korleis kan ein så gjera det annleis?
For det første kan sikkert litt planlegging der omsynet til trerøter er med som ein faktor sannsynlegvis redusera skadane betydeleg, kanskje kan grøfta flyttast ein meter?
Der det ikkje er mogeleg å planleggja seg ut av uføret finnes det enkle og greie metodar for å minska skadane - faktisk så enkelt som å avdekka hovudrøtene med ein spade (jepp, handmakt!), kappa dei med ei sag eit stykke innanføre der det skal gravast og dekka til røtene så dei ikkje tørkar ut. Treet vert framleis skadd men mykje mindre enn dersom røtene skal slitast av med ei skuffe, resultatet vil visa seg etter nokre år.
I dette tilfellet på Halsnøy ville det kanskje ta to arbeidstimar for ein mann å gjera dette, ca 7-800 kroner, billeg for å unngå sannsynleg skade på desse trea om nokre år.

Kvifor vert det så ikkje gjort? Jau, enkelt og greitt kunnskapsløyse både hjå entreprenør og oppdragsgjevar. Er det akseptabelt i dag? NEI!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar