søndag 31. oktober 2010

Tre lever fårleg

Det vert bygd som aldri før her i landet. Nye hus, bydelar, vegar, plassar - alt mogeleg. Samstundes er det etterkvart vorte ei veksande merksemd på grøne verdiar. Dette har gjeve seg utslag i at der ein først reinska all vegetasjon før bygginga starta vert det no planlagt å setja att ein del vegetasjon så som tre og buskar. Dette er gode greier men det er eit stykke frå gode intensjonar til god planlegging og gjennomføring, som eg har skrive om fleire gonger her i bloggen - det er ofte langt mellom gode intensjonar og praksis.
Det krevst ein del å ta vare på opprinneleg vegetasjon. Ein må hugsa på at eit stort, fint tre har stende på same staden heile livet og er på alle måtar tilpassa denne staden, det vere seg ljos, vatn, klima og plass.
Gamle tre er konservative og lite glade i endringar.
For å unngå at resultatet av verninga av treet vert at det likevel vert øydelagd og må fellast eller vert ståande stygt og skadd er det fleire ting som må gjerast.

  1. Planlegging. Det må lagast ei oversikt over tre som det er ynskjeleg skal stå, desse må plottat inn på eit plankart, deretter må alle andre tiltak som kjem innanføre vernesona rundt desse trea vurderast for å sjå om dei kan flyttast o.l. Der dette ikkje går er det like greitt å fella treet først som sist. 
  2. Det må  planleggjast vernetiltak for trea, desse må utformast i høve til beste praksis for å ta vare på tre på byggeplassar, helst av ein arborist med røynsler på dette. Sjå her og her
  3. Entreprenørar må informerast og det bør leggjast ei straff på å skada tre.
  4. Den praktiske gjennomføringa bør utførast av- eller verta overvaka av ein arborist.
  5. Det må setjast av ei "garantitid" på minst fem år der trea må følgjast opp for å sjå om dei har teke skade. Skadane bør takserast av arboristar med utdanning i og røynsle frå takseringsarbeid, om det er mogeleg å påvisa ei direkte årsak til skaden bør skadegjeraren betala.
Som de sikkert allereie har rekna ut så er det ein kostnad å ta vare på tre på byggeplassar. Den treng ikkje vera så stor, det spørs på inngrepa, men det vil uansett kosta. Denne kostnaden må setjast opp mot den verdien treet har i utgangspunktet og "emosjonell verdi" - dvs kor mykje betyr desse trea for tiltakshavar.
Det kan alltids plantast etterpå om det er lagt ti rette for det men eit tre treng lang tid på å veksa opp og fylla ein funksjon, eit tre som står på staden kan fylla denne funksjonen frå dag ein og på denne måten auka verdien av området.
Det kan ofte vera vel anvende pengar, men berre dersom resultatet vert godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar