torsdag 28. januar 2010

Såg eigentleg litt moro ut

Dette har absolutt ingenting med tre å gjera om dei ikkje landar i tretoppane då. Såg eigentleg litt moro ut, eg er nok fødd 20 år for seint..

onsdag 27. januar 2010

Lyst å vera med?

Lyst på ein Italiatur?

Summer Branch Drop

Ein artikkel av Harris om Summer Branch Drop finn de her

Tree Hazard Rating

Dette er eit vanskeleg tema med mange fallgruber. Under arbeid med ei evaluering fann eg denne pdfén som er ganske nyttig.

tirsdag 26. januar 2010

Phytophtora ramorum

Les meir om styggedomen her
Skummelt

Freda Hestekastanje i Vangsnes

På mandag hadde eg ein fin tur over Vikafjellet for å sjå på ei freda hestekastanje, Aesculus hippocastanum, på Vangsnes i Vik kommune.

Bekymringa var at ho hadde kasta ein del greiner og det var bekymring for at det kunne detta greiner ned på parkeringsplassen under treet.

Treet viste seg å vera ei fin gamal dame som desverre var vorten litt losliten i eksteriøret. Fleire store greiner var falle av og hadde laga store sår på stammene. Ei grein som er utsett for brekkasje går ut over parkeringsplassen og kan vera til fåre for bilane, heldigvis er heile treet i god helse utan synleg råte av nokon grad. Greina over parkeringsplassen kan, i lag med ei som går innover i hagen, sikrast med dynamisk forankring. På den sistnevnte greina er det nok også ein fordel å beskjæra vekk litt tyngd. Deretter kan nok treet stå endå lenge før det må erstattast. Kjekt at nokon bryr seg sopass om omgjevnadane sine at dei legg ned litt innsats i å ta vare på eit gamalt tre.

lørdag 23. januar 2010

Kosedag med kran

Det var ein nydeleg dag i Bergen og me skulle fella nokre tre for Olav Kolås med kran. Endeleg skulle me få bruk for det me hadde lært på kurset i vår med Mark Chisholm og Brian Noyes.
Første offer var ei stor bustegran, Picea abies `bustensis`. Ho skulle fellast med greinene på. Det gjekk enkelt og greitt i tre delar.
Deretter var det ein stor fleirstamma bøk.
Me juksa litt og fekk sett opp toppfeste med hjelp av kranen og korg, deretter gjekk Erlend i gang med å stroppa og kappa stammene som vaks utover. Det var viktig å få dei godt balansert og det vart gjort med å bruka ein kjetting og to balansestropper. Alt gjekk som smurt - no sweat! Deretter vart det min tur til å ta ned dei to siste stammene. Heile treet nede på to timar, ferdig kappa i vedlengder.
Dette var så enkelt og greitt at me heilt sikkert kjem til å gjera det oftare. Mykje av grunnen var sjølvsagt Svanevik transport sin eminente kran og svært dyktige kranførar, dei vert førsteval om me skal fella meir i Bergen.















onsdag 20. januar 2010

Stygge dyr!

Litt om to skadegjerarar frå Skog og Landskap

Kva er dette??




tirsdag 19. januar 2010

Utdanning på Myerscough?

Myerscough College i Preston, Lancashire, UK, har online vidareutdanning alt frå korte kurs, via vidare utdanning til høgare utdanning med Bachelor in Science, Hons som topp. Eg har fullført tre år så langt og teke graden Foundation Degree in Science, Arboriculture. Studiet var svært interessant men også svært tidkrevjande, 50% er ei aldri så lita underdriving.
Eg har lagt ved linken her , om nokon er interessert er det berre å surfa litt rundt og evnt spørja meg om det er noko de lurar på. Studiet kan anbefalast og det er absolutt ikkje noko "Mikke Mus" studie slik som ein del internettstudium og grader er.

mandag 18. januar 2010

E(p)føy

Eg rådførte meg med læraren min på Myerscough om eføyen.
Her er svaret.

Dear Svein,

Not all the pictures are uploading, but I can see some ivy (Hedera helix) on an oak in the one picture that appeared.

The only issues are:

· Increased sail area in the winter – making particularly dead/dying/rotten trees more vulnerable to failure
· The girdling of very slowly-growing elements of trees where winding stems anastomise (fuse together) around them and girdle them. This is quite a rare occurrence – but I have seen it a few times
· Making inspection more difficult – you can’t see the faults, because the climbing plant is obscuring your view of the fault.

What you lose, though is a really important haven for wildlife – and some free evergreen screening.

I don’t think I can comment any further without seeing the case in more detail. I hope what I’ve put is some sort of help.

Kind regards from England,

Duncan.

Duncan Slater BSc. BA(Hons) MSc PGCE MIfL MICFor

E(p)føy!



Oppi Fjeldveien et sted.. der veks det ein eikeallé som etterkvart er
overgrodd med tørre og skadde greiner. For tida gjer me ein jobb der for Olav Kolås med å krunereinska trea med særleg
fokus på trafikktryggleik i vegen under.

Jobben er grei, reine kosejobben med fint ver og fin utsikt, med eit unnantak - dei to første trea. Dei var reine jungelen med eføy - fytterakkaraen! Ikkje særleg lett å få eit godt toppfeste her.
Det har kome opp eit spørsmål om denne eføyen er skadeleg for trea og bør fjernast. Eg trur i utgangspunktet ikkje det så lenge han ikkje skuggar ut greinene men eg er ikkje sikker. Eg vil ta kontakt med Myerscough for å finna det ut, inntil vidare vert han hengande der han er.














lørdag 16. januar 2010

Sprakje til middag


Ein liten elgflokk har tilhaldsstad i området rundt stølen. Det var trakk og legjer alle stader. Somme stader hadde dei hatt eit retteleg festmåltid på nokre stakkars sprakakrakar som var heilt ribba for nåler. Elgen har ein imponerande fordøyelse, det er knapt nokon andre dyr som ser seg mon i sprakje. Litt elg i skogen er eit bra tiltak for kulturlandskapet og burde sikkert vore tilskotsberettiga;). No var det ikkje berre sprakje han hadde ete, også vier, furu, selje og rogn sto på menyen men det var i sprakakrakane han verkeleg hadde gått laus. Lurar på om han var litt sår på tunga etterpå?

Skitur

Var på ein fin skitur her om dagen, ein tur til støls for å sjekka tilstanden

der. På vegen fann eg desse fine motiva.
Det er ikkje berre om sommaren at trea viser seg frå si beste side.










På stølen var nesten alt ok, nesten fordi det hadde vore litt kaldare enn ein Colaboks, nokre pilsboksar og ei flaske raudvin hadde godt av. Det lukta litt liflig av øl i innselet. Vel, ingen stor skade skjedd, eg berre skrapa opp ølisen og bar det ut - enkelt om vinteren.
Det var frosten og ikkje eg som opna vinflaska - godt gjort, flaska var like heil.


mandag 11. januar 2010

Arboriculture 4th ed. by Harris, Clark, and Matheny

Her eit samandrag av Arboriculture 4th ed. by Harris, Clark, and Matheny. Absolutt ikkje noka alternativ til å lesa boka, sjå på det meir som eit glimt av kva ein går glipp av ve ikkje å lesa boka:)

fredag 8. januar 2010

Frost hardiness of forest trees

Ein god artikkel om frostherdigheit i skogstre, på Japansk øverst - men fortvil ikkje de går over til engelsk:). Det er interessant å sjå korleis trea gradvis førereier seg til vinteren med å senka vassinnhaldet i nålene. I september døyr treet ved temperaturar det fint toler midtvinters.
Dårlege nyhende for Robinen min altså som vaks til det fraus - han var antakelegvis tenkt å flytta sydover men rokk det ikkje.

Paradoks

Det er vel kanskje eit lite paradoks at eg som er meir enn litt glad i tre i desse dagar driv eit 24 timars krematorium for tre!
Kastar likdelar av tre i omnen fleire gonger i timen berre for at eg skal kunna gå med t skjorte inne. Har eg dårleg samvit - nei! Det er mange måtar å vera glad i tre på :)

torsdag 7. januar 2010

Arborist utdanninga på Hjeltnes

Siste heite rykte seier at det vert sett i gang utdanning på fagskulenivå innan trepleie på Hjeltnes til hausten. Fullført skulegong gjev tittelen fagskuleutdanna arborist.
Meir om utdanninga her, det kan også finnast informasjon på NTF sine heimesider.

Litt om tre og byggeplassar

Surfa litt og fann denne gode gamle saken som framleis er aktuell.

Fantastisk

Tre er verkeleg fantastiske skapnader. I dag bikka det -30C her og alle tre er stivfrosnefrå rot til topp. Likevel vaknar dei til liv att i april - mai som om ingenting var hendt. Eg har i grunnen ikkje tenkt så mykje på dette før, teke det litt som sjølvsagt sidan det er slik kvar vinter. Men tenk på det - ein organisme som her på Voss toler ekstreme temperatur endringa som -30C om vinteren og +33C om sommaren, i tillegg toler dei det meste av tørke og flaum også. Eg har lese korleis mekanismane verkar men likevel.... ein må berre bøya seg i støvet og leggja meir i ovnen.
Gå ut og klem eit tre, dei treng litt trøyst og varme no ;)

Nytt ISA Månadsbrev, ISA Today jan. 2009

Hei
Her er siste nytt frå ISA

onsdag 6. januar 2010

Huuuttteeemegtu!

På veg til jobb i Bergen i dag bikka termometeret i bilen -30 før Bulken på Voss!! Då er det godt det berre var -8 i Fjellveien ;)

Kurs i Italia

Nedanføre er ein invitasjon til eit kurs i Italia, arrangert av ISA Italia Chapter. Invitasjonen er send via facebook på gruppa SIA Italiana (ISA Italia) av min gode ven Stefano Lorenzi.
OK, det er litt sært, men for dei som er gode i Italiensk er det sikkert interessant og med tanke på klimaet her nett no kan det sikkert vera godt å koma seg vekk litt.
Nedanføre finn de invitasjonen brilliant oversett av Google translate!

"rapportering fremgang med SIA colllaborazione Tree klatring: effektiv kommunikasjon, effektivt teamarbeid Brukerrangering: / 1 ScarsoOttimo mandag 04 Gennaio 2010 kurs på 5-6 February 2010 Kurset skal klargjøre begrepet oppfattet risiko, til komponentene i en arbeidsgruppe markere byrden av kommunikasjon i et arbeid og skape god praksis. Kurset vil bestå av forelesninger av lærer og implementering av metoder og teknikker deres erfaringskunnskap, alternerende med faser av gruppearbeid Forelesere: Dr. Roberta Papi, en konsulent innen Human Resources Management and Development, Riccardo Ferrari , tree klatrer, råd om forebygging og sikkerhet innen treet klatring. Cost: € 215.00 + VAT Påmeldingsavgiften inkluderer, i tillegg til kurs, natten 5 februar kl Farm Genevieve (Pagani, Grosseto), middag, 2 lunsjer, 4 kaffepauser. For mer informasjon: Riccardo Ferrari rikrunner@virgilio.it, tlf. 32-340 7127254 "

lørdag 2. januar 2010

Kaldt


No er det skikkeleg kaldt både for folk og tre. Det kan godt vera at nokre eksotiske nyplantingar ryk med i vinter. Eg har ein Robinia som eg planta i vår. Den vaks som ein helt heilt til kulden kom og han fraus, ikkje sikkert det er mykje liv der til våren - i alle fall ikkje i dei nye skota. Dottera mi har hatt ein Fatsia japonicum ståande ute i Kvinnherad i mange år, den slit nok no.
Eitt anna fenomen var det store snøfallet før jol som ute ved kysten var så fuktig at det la seg på trea og knekte ned greiner og toppar. Ei fin furu i hagen til dottera mi er heilt traska og lyt sikkert fellast :(
Det kan vera lurt å notera seg bak øyret at me trass alt lever langt mot nord og kan få slike periodar med kulde og velja tre deretter. Eksotisk er spennande men kan vera litt gambling. Til trass for dette har eg alt tinga ein Robinia idahoensis il meg og ein Albissa til dottera mi til våren - kjekt å gambla litt og, det kan jo verta fint!