onsdag 30. juni 2010

Share it

Som de ser har eg lagt til ein delingsfunksjon på høgre sida. Dersom de synest det kan vera litt interessant det de les og at det kanskje kan vera det for andre og - trykk på ein delingsknapp og del det med venene dykkar : )

tirsdag 29. juni 2010

Felling med kran i Oslo

For dekan som ventar på nytt om krankurset i Oslo så kan eg sei at det er på skinner. Det vil snart koma opp på NTF sine heimesider med påmeldingsskjema. Det er avgrensa med plassar så det gjeld å følgja med.
Kontrakt med Mark er skriven, tre er funne og kranar er på gang. Det vert mogelegvis både ein leddkran med jibb og ein rettbom kran. Det vil i hovudsak verta undervist i bruken av balansestropper, såkalla spiderlegs.
I tilleg kjem det til å verta halde ein workshop i avansert klatring der Mark vil dela av sine kunnskapar innan nytt utstyr og smarte klatreteknikkar. Absolutt noko å ha med seg.
Datoane er også fastsette; kranfelling vert 9de og 10de september og avansert klatring vert 11te september. Vakne lesarar ser at dette er torsdag, fredag og laurdag.
Nytta dette høvet til å læra av ein av dei beste treklatrarane i verda.
Her er ein link til eit album med bilete frå i fjor og her er eit album frå workshopen i Bergen i fjor.

mandag 28. juni 2010

Ikea tre månader seinare


Var i Åsane hin dagen og hadde kameraet med så eg berre måtte sjå på trea frå i sommar. Vel, de ser at naturen har slege tilbake som venta, det "sprutar" ut med vasskot, etter eit par år vil vel trea sjå ut som villniss. Kanskje ikkje heilt eter intensjonen med "beskjæringa". Dette resultatet viser litt om kor viktig det er å leiga kvalifiserte folk om ein vil ha noko gjort skikkeleg. Eg veit ikkje kva som vart betalt for dette oppdraget men eg ser tydeleg no at oppdragsgjevaren har pengar til gode. Det kostar alltid mindre i det lange laupet å gjera ting skikkeleg og i dette tilfellet har oppdragsgjevaren berre kjøpt seg mykje vedlikehaldsarbeid i framtida. Godt gjort!

torsdag 24. juni 2010

Jordbær

Det er jordbær som er i fokus no om dagane. I dag har eg akkurat sprøytt mot sopp for siste gong, det er enno 14 dagar ti plukking så det vert seint i år. Plukkarane er no ferdige på skulen og ivrige etter å koma i gang så dei driv og ringer. Eg har tre sortar jordbær; Senga Sengana, Korona og Florence, av dei er eg godt nøgd med Florence, middels med Korona og dårleg med Senga. I haust skal det plantast nytt i ein tredel av åkeren og plantane vart tinga i dag for levering i august. Eg har tinga ein ny sort som eg skal prøva som erstattar for Korona eller vert det Florence og Korona igjen.
Det er ei fin tid no med forventing om ein god sesong, nedturar, regn og råte ligg inn i framtida - no er det berre ljosegrønt håp.
Uti neste veke vil eg finna dei første raude bæra, eg skal nok halda dykk informert om smak og utsjånad, mmmmmmmmmmmm eg gledar meg!!!

mandag 21. juni 2010

Emerald Ash Borer

Denne artikkelen av Paul Rodman og omhandlar ei barkebille som går på ask. Den held for tida på å utryddar ask i store område av nordlege USA. Ho har kome inn i USA frå Austen, sannsynlegvis som blindpassasjer i emballasje eller pallar laga av ask.
Fri og bevares for å få ho her, me har nok med askeskotsykja.

Attgroing

Jaudå, det var ei nydeleg helg men no er ein attende i kvardagen att.
Eg la merke til at det var fleire nye område som no var tettvaksne med to - tre år gamle bjørkerynningar, område som tidlegare har vore snaue. Sannsynlegvis har det vorte nett so mykje varmare at bjørka sler seg til der. Det er nett like mykje sau der som før men det er ikkje kyr lenger, ingen av desse har bjørk på matsetelen uansett. Eg er litt delt i synet på dette - på den eine sida vil det ta vekk utsynet me har på stølen no medan på den andre sida vil det binda CO2 og vera del av ei naturleg utvikling som fylgjer endringane i klimaet.
Bjørk er eit sokalla pionertre, eitt av dei første som vandrar inn på nye område. Ho er såleis både hardfør og toler å verta bretta ned av snøen kvar vinter. Bjørk lagar ofte nesten reine bjørkebestand der ho etablerer seg og ville på mange måtar vore ein sterk kandidat på svartelista til mattilsynet om ho ikkje hadde vandra inn natureleg.
Tvisynet mitt lyt vera nett det, å leggja seg i krig med naturen og prøva å nedkjempa bjørka er fåfengt. For seinare generasjonar vil det skogkledde landskapet verta like naturleg som det nakne i dag og eg er sikker på at dei vil koma til å setja pris på det.

fredag 18. juni 2010

Stølshelg

Då skal det verta godt å koma til fjells i helga til ein fantastisk stad utan internett og knapt med telefon. Der skal me nikosa oss og fiska og gå på tur, drikka raudvin og sjå ut på utsikta.
De andre får halda fortet og passa på allslags trevandalar som utfaldar seg fritt til eikvar tid, eg tek helg i trygg forvissing om at dei klarar ikkje å øydelggja alle trea på ei helg ;). Kjem attende med meir godt og gale i neste veke.

torsdag 17. juni 2010

Skog og CO2

På Skjervheimseminaret si klimasamling nyleg kom det fram ein del interessante tankar om skog som CO2 bindar. Trygve Refsdal, forstkandidat, har saman med andre gått djupare inn i problemstillinga og kome fram til at skogen på taigaen som strekkjer seg frå Noreg til Vladivostok og skogane i Alaska, Canada og Nord Amerika kan binda mykje meir CO2 enn allverdas månelandingar over ein kortare periode til verda er vorte omstillt. Dette skjer enkelt og greitt ved å røkta skogen maksimalt for å få maks tilvekst, CO2 vert dermed bonde i veden.Og prisen - ein bagatell, så billeg at det ikkje er interessant for klimakapitalistane å utgreia dette.
Denne artikkelen i BT fortel litt om saka, i tillegg har Trygve Refsdal publisert ein svært interessant artikkel i Vestlandsk Landbruk der han forklarar det heile i forståelege ordelag.
Godt gjort Trygve!

onsdag 16. juni 2010

Vossapakko, sikring av lindetre

I tilbodsdokumentatil Vossapakko, eit større veganlegg i Granvin og Voss, er det spesifisert sikring av eit større lindetre (det synte seg å vera ein alm:)) på oppsida av vegen mellom Lid og Rene. Det var endåtil skrive at ein kvalifisert trepleiar skulle utarbeida ein plan og overvaka abeidet. Me gav inn ein pris til eit par entreprenørselskap som konkurrerte om entreprisen men ingen av desse fekk jobben. Sidan eg no er litt vel uvanleg interessert i slike ting har eg fulgt med på korleis dette treet har vorte tek vare på i byggeperioden.
Kort fortalt; all jorda på ei side av treet er fjerna, røtene er gravne av og ligg opne i dagen, det skal sprengast ei skjæring nær inntil stamma, stamma er ikkje beskytta altså alt som står i boka at ein ikkje skal gjera.


I tilbodsbrevet vårt hadde me beskrive arbeidet slik:

Treet må gjerast inn med mobilt anleggsgjerde fem gonger stammediametern frå stamma, røter må kappast for hånd med sag før graving, rotendane må dekkast med vekstmedium og plast for å hindra uttørking, særlege tiltak må gjerast for å hindra at grunnvasstanden vert vesentleg endra.

Vel, slik vart det ikkje, og no skal det sprengjast så det er vel temmeleg sikkert at grunnvasstanden vert endra.
Eg skal vera veldig forundra (og glad) dersom treet om fem år ikkje er fullt av vasskot langs stamma og hovudgreiner samstundes som kruna og toppen er full av tørrved frå tuppen og innover.

Dette er eit relativt typisk døme på at beskriving og gode intensjonar ikkje er nok, kontroll og oppfølgjing må til sjølv om det er berre eitt tre. Om ikkje det er vilje eller kunnskap til det er det betre å hogga treet ned!

tirsdag 15. juni 2010

Trongt i Haugesund

Eg var ein svipptur til Haugesund i dag, kono hadde nokon ærend og eg fekk litt tid til å sjå meg omkring i sentrum. På tre sjølvsagt. Det er ikkje så mykje grønt i sentrum men litt er det. Nokre staselege tre, ein del nyplanta politisk korrekte søyletre (C. betulus `Erecta`?), formklipte lindar framføre kyrkja og så nokre stakkars lindar som byrjar bokstaveleg talt å få veksesmerter.
Dei sto i ei sidegate til gågata, eg hugsar ikkje adressa.
Dei mangla rett og slett plass, gruberistene over plantegruba var av den typen som ikkje kan justerast og holet var vorte for lite. I tillegg var sjølvsagt stamme "beskyttaren" og vorten for liten. Det verka som om ingen hadde rekna med at trea skulle veksa. Litt rart det der - planta eit tre som kan verta over 20m høgt og få ein stammediameter på over 1 meter inne i eit lite fengsel...











Medan eg no held på; i gågata, eitt av dei nyplanta søyletrea har fått ein skeiv stamme "beskyttar". Denne ligg innpå stamma på treet og gneg seg inn i treet. Ille, men veldig lett å fiksa...
Alle søyletrea sto forresten framleis med oppbindinga på og venta på ein barmhjertig gartnar eller trepleiar med kniv som kan sleppa dei fri.


No er det ikkje berre i Haugesund at det er mykje rart å finna, det er desverre vanleg over heile kongeriket. Mykje arbeid vert gjort med rotvenleg bærelag, gode plantekummar, drenering, lufting, oppbinding, kunstneriske stammebeskyttarar og so...ingenting meir og heile investeringa står og forfell etter få år. Og så, når det er alt for seint kjem nokon på å ringja til ein trepleiar for å få det vurdert og fiksa, lika frustrerande kvar gong.

mandag 14. juni 2010

Kjempeeik i Balestrand

I dag fekk me bestilling på krunereinsk av ei kjempeeik i Balestrand i Sogn. Me var og såg på treet i april og kan sei at det kort sagt er ei kjempeeik. Ho er i overkant av 30m høg, 15m vid og med ei stamme på godt over meteren i diameter.
Treet har ein god del tørt i kruna, litt tørre greiner i toppen og er litt i ubalanse grunna tidlegare nabotre. Sidandet er så gamalt - over 200 år - vil me berre fjerna tørrved og skadde greiner, berre det vil verta litt av ein kosejobb!

søndag 13. juni 2010

New Jersey annual tree climbing competition

Fekk nett denne reportasjen frå NJ meisterskapet i treklatring. Det ser ut som om dei har hatt ein fin dag i parken. Det hadde me i Oslo og men det er meir aktivitetar for folk flest her - ungar og ungdom, ja rett og slett ein familiedag. Amerikanarane er flinke sånn. Kos dekan med bileta og videoane. Det var Mark som sende han med helsing om at han gledar seg til å koma til Noreg i september. (Krankurs og klatreworkshop)

lørdag 12. juni 2010

Fine tre

Her er nokre fine tre som er planta hjå dotter mi på Halsnøy. Halsnøy er meir som ein subtropisk oase i det ellers så varme sørvestlandet. Mange tre og plantar som ein ellers må temmeleg langt sør i Europa for å finna trivst godt her, særleg dersom dei toler litt regn..
Det veks t.d. ein Fatsia japonica ute i hagen, den vart kasta ut for ti år sidan då han fekk spinnmidd inne i stova. Det viste seg at han treivst betre ute enn inne og er i betre stand enn nokonsinne sjølv om det har vore kaldt der og i vinter. Det er meg ei stor glede å planta litt eksotiske vekstar i hagen deira og sjå kor dei trivest. Som de veit bur eg på Voss og der er det litt begrensa kva som overlever -30 om vinteren og +30 om sommaren.
Sjå desse godbitane! Ein Albiza, Davidia og Magnolia - Aah, herlige!


onsdag 9. juni 2010

Beskjæring

Det har vore nokre innlegg her i bloggen om ymse beskjæring, helst av den lugubre sorten. Erik Solfjeld hadde eit innlegg i sist Park og Anlegg om same temaet. Det er, mildt sagt, mykje rart på marknaden både med omsyn til råd og utføring, det finnes til og med framleis dei som brukar spikes for å koma seg fram i trea til slikt arbeid.
Erik sitt poeng i innlegget sitt var å få auka kompetansen til folk flest, både dei som utfører slikt arbeid og dei som bestiller. Dette kan eg stilla meg 100% bak, det ville vore fantastisk om det kunne gjerast. Desverre så ser det ut som om det er eit langt lerret å bleika.
Ta berre kompetansen til større innkjøparar i denne marknaden; Kommunane, burettslag, store firma, statsbygg, kyrkjeforvaltarar osb. Med unnantak av ein del kommunar som bevisst har satsa på kompetanseheving i sine grøne avdelingar er det heller dårleg med trefagleg kompetanse hjå desse store aktørane. Korleis skal ein då forventa at vanlege hageeigarar skal kunna skilja klien frå kveiten?
Eg trur at me trenerdar gjennom Norsk Trepleieforum lyt koma litt høgare opp på banen og få ut artiklar med gode råd etc i media i førekant av dei aktuelle sesongane; beskjæring og felling tidleg på våren og om hausten, planting om våren og hausten. Dette bør ikkje vera overfaglege artiklar spekka med framandord men enkelt og greitt skrive så kven som helst kan forstå det.
Jaudå, eg høyrer alle motførestillingane - kven skal gjera dette, kvar skal det publiserast osv. Me får gjera som ISA, alle som skriv ein artikkel o.l. sender ein kopi til NTF der dei vert lagra i ein database tilgjengeleg for alle medlemene, der kan dei plukka ut ein artikkel dei vil publisera i nærområdet og gå til lokalavisa si med den.
God ide? Dårleg var han i alle fall ikkje!

mandag 7. juni 2010

DMM Impact Blocks

onsdag 2. juni 2010

Wollemi Pine

Det mest celebre treet i Kew Gardens for augneblinken er sjølvsagt det nyleg (-94) oppdaga treet Wollemi Pine, Wollemia nobilis. Treet vart oppdaga av David Noble i 1994 i Wollemi Park, Australia.
Der er funne 90mill år gamle fossilar av det same treet så det er verkeleg ein stayer. Det var faktisk tilstades på jorda før dinosaurane døydde ut!
Det er ikkje funne meir enn 100 tre i naturen så det er eit stort oppformeiringsprogram i gang med det for auga å spreia treet utover verda for å hindra utrydding. Treet har så langt vist seg å overleva ned til -12 og opptil +45 grader C og kan difor godt overleva i ytre strøk av Vestlandet. Her er den Engelske websida  for Wollemi Pine, der kan ein også bestilla plantar.



tirsdag 1. juni 2010

ISA Today June edition

Her er juni utgåva av ISA i dag.

Kew Gardens bilete

Då har eg lasta bileta frå Kew Gardens opp på Picasa. Mykje bilete der men så var det ein svær hage og.