søndag 31. oktober 2010

Tre lever fårleg

Det vert bygd som aldri før her i landet. Nye hus, bydelar, vegar, plassar - alt mogeleg. Samstundes er det etterkvart vorte ei veksande merksemd på grøne verdiar. Dette har gjeve seg utslag i at der ein først reinska all vegetasjon før bygginga starta vert det no planlagt å setja att ein del vegetasjon så som tre og buskar. Dette er gode greier men det er eit stykke frå gode intensjonar til god planlegging og gjennomføring, som eg har skrive om fleire gonger her i bloggen - det er ofte langt mellom gode intensjonar og praksis.
Det krevst ein del å ta vare på opprinneleg vegetasjon. Ein må hugsa på at eit stort, fint tre har stende på same staden heile livet og er på alle måtar tilpassa denne staden, det vere seg ljos, vatn, klima og plass.
Gamle tre er konservative og lite glade i endringar.
For å unngå at resultatet av verninga av treet vert at det likevel vert øydelagd og må fellast eller vert ståande stygt og skadd er det fleire ting som må gjerast.

  1. Planlegging. Det må lagast ei oversikt over tre som det er ynskjeleg skal stå, desse må plottat inn på eit plankart, deretter må alle andre tiltak som kjem innanføre vernesona rundt desse trea vurderast for å sjå om dei kan flyttast o.l. Der dette ikkje går er det like greitt å fella treet først som sist. 
  2. Det må  planleggjast vernetiltak for trea, desse må utformast i høve til beste praksis for å ta vare på tre på byggeplassar, helst av ein arborist med røynsler på dette. Sjå her og her
  3. Entreprenørar må informerast og det bør leggjast ei straff på å skada tre.
  4. Den praktiske gjennomføringa bør utførast av- eller verta overvaka av ein arborist.
  5. Det må setjast av ei "garantitid" på minst fem år der trea må følgjast opp for å sjå om dei har teke skade. Skadane bør takserast av arboristar med utdanning i og røynsle frå takseringsarbeid, om det er mogeleg å påvisa ei direkte årsak til skaden bør skadegjeraren betala.
Som de sikkert allereie har rekna ut så er det ein kostnad å ta vare på tre på byggeplassar. Den treng ikkje vera så stor, det spørs på inngrepa, men det vil uansett kosta. Denne kostnaden må setjast opp mot den verdien treet har i utgangspunktet og "emosjonell verdi" - dvs kor mykje betyr desse trea for tiltakshavar.
Det kan alltids plantast etterpå om det er lagt ti rette for det men eit tre treng lang tid på å veksa opp og fylla ein funksjon, eit tre som står på staden kan fylla denne funksjonen frå dag ein og på denne måten auka verdien av området.
Det kan ofte vera vel anvende pengar, men berre dersom resultatet vert godt!

fredag 29. oktober 2010

Høgt til vers over Vangsvatnet

Det er overskrifta Hordaland Fylke nytta på sine heimesider då dei laga reportasje frå samlinga på Voss forrige veke. Reportasjen finn de her

tirsdag 26. oktober 2010

Flatehogst i Nygårdsparken

Ein politiadvokat i Bergen har fremja tanken om at fjerning av busker og kratt samt oppstamming av tre i Nygårdsparken er vegen å gå for å få bukt med narkotika og kriminalitetsvanskane der.
Dette har sjølvsagt utløyst den vanlege den vanlege diskusjonen om narkotikapolitikken der ytterfløyane frå "jag dei vekk" til forstå i hel´arane" ligg i kvar sine skyttargraver.
Kven som har rett eller feil av dei skal eg lata liggja sidan eg ikkje har noka meining om det. Det eg derimot har ei meining om er skjøtselen av parken.
Det er det glade vannvidd å lata dei narkomane og det som følgjer med dei få overta parken. Slik som det er i dag er parken utilgjengeleg for folk flest både fordi det er direkte ubehageleg å gå der og også fårleg sidan ein del av dese folka er voldelege og det ligg sprøyter over alt.
Kan ein kalla det god skjøtsel å lata desse få tura fram nett som dei vil? Nei, og mitt kjennskap til dei som har kontrakt på skjøtsel av parken kvir seg for å gå inn og gjera det dei skal.
Det er heilt sikkert synd i misbrukarane men gjer det at dei kan gjera kva dei vil i det som skulle vera byen si storstove og grøne lunge. Eg meiner sterkt at Bergen kommune gjer desse misbrukarane ei bjørneteneste ved at dei ser gjennom fingrane med dette. Etter mi ringe kjennskap til problemet trur eg at den korte fråstanden frå Bystasjonen der nye vert rekruttert, opp Strømgaten til "narkohaugen" der det er eit supermarked for ulike stoff gjer at rekrutteringa er mykje høgare enn naudsynt. Eg har høyrt argumentet at om ikkje dei fekk vera der så gjekk omsetnaden under jorda - hallo! Det er forbudt! så om narkotika vert omsett så skal det vel vera under jorda??
Parken er historisk og var i si tid ei perle, parken si nyare historie er ei skam! For ein gongs skuld er eg einig med nokon som vil hogga ned og reinska opp i ein gamal park. Det trengs ikkje store trefellinga til, nei rydd vekk rhododendron og andre busker, stamm opp thuja, sypress og andre eviggrøne, få inn litt ljos så tenkjer eg det vert mindre interessant med ljosskye aktivitetar der. Parken vil ikkje ta skade, det finnes teikningar - den kan restaurerast.
Kanskje han kan fylla intensjonen sin att som ei grøn lunge etter ei tid att?

mandag 25. oktober 2010

Planlegging, planlegging, planlegging

Ein veldig stor del av den trepleia / trefellinga me utfører i hagar kjem av dårleg planlegging. For store tre i små hagar, feil tre i høve staden, tidlegare feilbehandling osv - lista er lang.
Klassikaren på linjerydding er tre som er planta rett under linja :(, då er det som regel lite anna å gjera enn å fella.
Andre vanlege døme er i utgangspunktet søte små tre som ein gong er planta og som etterkvar har vakse seg både store og omfangsrike og ut av plassen sin.
Som sagt litt planlegging folkens, før de skal planta i hagen til våren.
Først; finn ut litt om planteplassen så som klimasone og mikroklima. Klimasone er ei grovare inndeling medan mikroklima er klimaet lokalt på plantestaden, det kan variera ein del frå klimasona. Sjekk korleis det er med soltilgang, det finnes tre som likar skugge og vantrives i sol og visa versa. Er det tørt eller fuktig, skrint eller rikt, surt eller basisk - dette er ting ein bør finna ut før planting. Rett nok er dei fleste tre generalistar men det finnes nok av dei som er meir kresne.

Deretter er det på tide å sjå litt på kva plass det er til eit tre der det er tenkt planta. Det er viktig å ta omsyn til både høgde og breidde, eit middels til stort tre kan fort verta 25m høgt og 20m breitt dvs at det dekkjer nesten eit tredels mål eller ein liten hage. Det er då me får ein interessant fellejobb :)
Ein annan ting er fargen og kor tettvaksen tresorten er. Raudlauva tre tek mykje meir ljos enn vanleg grønlauva, andre tette tre er t.d hestekastanje og bøk.
Til sist er det å sjå etter hindringar for veksten, sjå opp etter linjer, tenk på framtidige parabol signal, sol osv.

Så er det omsider på tide å finna fram plantekatalogane og finna eit tre som samsvarar med den plassen det skal veksa på.
Bilete frå www.inmagine.com
Hugs berre ein ting - det er slett ikkje alltid treet oppfører seg slik det står i beskrivinga, det er overraskande stort sprik mellom ulike bøker og katalogar i beskrivinga av eitt og same tre. Er du i tvil - sjå om du finn eit tre i levande livet i ein hage, park eller arboret og sjå kor det utviklar seg der.

søndag 24. oktober 2010

Hellstrøm rydder opp

Og det gjorde han til gagns på pizzarestauranten til ein triveleg kar frå Kenya ein stad utanføre Oslo. Ut med pizzaen, fryseboksar og anna tull, inn med god mat i buffe!
Kva har så dette å gjera med tre? Jau, kvar gong dei filma restauranten framanteifrå fekk dei og med tre herpa bjørketre, kappa og toppa etter alle vandalkunstens reglar og framsto no som om dei var lettare spedalske med litt pjuskete grønt her og der.
Med all respekt for Hellstrøm, matglad som eg er, så må eg sei at han forsømte seg der - han skulle ha kappa ned rasket!

lørdag 23. oktober 2010

Vintertre

Fin tur til Sandane i går, ikkje så ille føre som eg hadde frykta. Det var mange fine motiv å finna på vegen, tre i haustfargar dekka av eit tynt snølag. Fint å sjå på men eg saknar sommaren som aldri kom skikkeleg i gang - kanskje neste år...

På bileta her ser de frukt som ikkje rakk å verta nedfallsfrukt før snøen kom, det var også plommetre fulle av plommer inne i denne hagen, litt seint å hausta no.
Sjå det nydelege biletet av tre og buskar i ulike fargar inne i denne hagen, betre kan det ikkje gjerast! Men det er flyktig venleik, lauvet fer nok når snøen forsvinn om ein dag eller to - snart er alle tre nakne.


fredag 22. oktober 2010

ETW eksamen

Det er vel første gongen på fleire år eg ikkje har vore til stades på eller vore med og arrangert ETW eksamen. I år passa det rett og slett ikkje desverre.
Men eg har høyrt frå deltakarane at det var ein vel gjennomført eksamen i fint ver i StHanshaug parken i Oslo. Resultatet skal eg ikkje koma inn på her, nokre var fornøgde og andre må nok ta opp att deler til neste år, det er ein tøff eksamen slik det må vera når det skal kvalifisera til eit av dei tøffaste (og beste) yrka i landet.
Til dekan som var fornøgde; GRATULERAR!!
Til dekan andre; Stå på, de klarar det neste år!!

torsdag 21. oktober 2010

Akk ja

Akk ja, så var vinteren komen. Skulle til bydn på byggemøte med BKK i dag. Starta friskt her kl kvart over seks og skulle vera der kl åtte - kom fram kvart over ti!
Det er heilt utruleg at folk ikkje legg om til vinterdekk når vermeldinga har meldt snø fleire dagar på førehand. Kø og kaos alle stader, Bergensarar og utanlandske vogntog blanda opp med nokre bussar og postbilar snurra og spann og stilte seg på tvers over alt.
Ja,ja - sånn er livet, heimvegen gjekk på under halve tida og godt er det.
I morgon skal eg på synfaring i Nordfjord og Sunnmøre - det kan verta interessant...

onsdag 20. oktober 2010

ETW trening




So er det berre to dagar til ETW eksamen. Alt for seint på året etter mi meining - mørkt, kaldt, vått og lite lauv att på trea, nei det er mykje betre i slutten av august eller byrjinga av september.
Men det var no det. Årets deltakarar har legje i hardtrening i lang tid no, i går klatra Ole Kristian og Goran med fagskuleelevane i Prestegardsalleen. I dag øvde Goran og Jon Olav på felling i bømoen. Eit par grantre måtte bøta med livet for den gode sak, ikkje heilt bortkasta forresten, det vart litt ljosare i ljosløypa etterpå.
Øvinga gjekk tolleg bra, får berre vona at ikkje eksamensnervene øydelgg på fredag.
Lukke til alle saman!!

tirsdag 19. oktober 2010

Arborist fagskule i Prestegardsalleen

I dag var det utflukt til Voss og Prestegardsalleen. Ein velkjend stad for alle som har vore på våre ETW kurs. Alleen har ein del fleirstamma lind i passande storleik (20-25m) og nokre almar for dei avanserte (30+ m)
Me var velsigna med fint ver og vindstille så me hadde ein fin dag oppe i trea.
Det går framover med alle sjølv om nokre har ein lengre veg å gå enn andre. No vert det ikkje fleire klatresamlingar før i januar så det er svært viktig at elevane øver intenst på eiga hand før neste samling i januar. Me reknar då med at alle utan vidare kan koma seg opp i trea og ut på greinene fort og effektivt utan at me må pusha på, me har ikkje tid til det, me skal nemleg til å beskjæra.
Her er nokre bilete, fleire her på albumet.




mandag 18. oktober 2010

Arborist Fagskule, veke 2

I dag var første dagen i andre samlinga på fagskulen på Hjeltnes. Ein verkeleg sur, kald og våt dag eller ein vanleg dag på jobben for oss her vest.
Me starta dagen med litt instruksjon i skjæring av tørrkvist og trevurdering før klatring inne. Deretter gjekk me ut og tok ein utstyrsjekk før det var opp i trærne.
Surt og kaldt var det som sagt men det hindra ikkje elevane i å gå laus med liv og lyst. Det viste seg at dei fleste hadde trent ein del heima sidan sist som avtalt. Det er ein viktig del av denne utdanninga - på samlingane kan me berre prøva å drilla inn litt gode prosedyrar, ferdigheitene må drillast inn på eiga hånd.
I følgje yr skulle det roa seg etter middag men i stadenfor tok det berre av og byrja med eit ver som berre ein kraftprodusent kunne elska.
I morgon skal me klatra i Prestegardsalleen i Voss sentrum. Der veks det ein del fleirstamma lind og nokre kjempesvære almar.
Det skal verta moro - berre veret snur...

søndag 17. oktober 2010

Haust

No er hausten komen for alvor, lauvet er borte i høgda og det er ei mengd med ting som er "årets siste". Her er to av dei; årets siste blåbær og årets siste kantarellar. Kantarellane smaka godt i ein god risotto om kvelden, blåbæra var ikkje mykje å skryta av.
Hausten er ei litt melankolsk årstid, den tida på året ein ofte tenkjer attende på alle dei fine dagane som gjekk så fort, på alt ein skulle gjort som det ikkje vart tid til i år heller. Kanskje det vert tid neste år? Neppe om ikkje ein set av tid til det.
Eg fann og ei artig bjørk i tregrensa rett ved stølen vår. Ho hadde kjempa og tapt mot snøen i mange år og hadde vakse langs bakken i over 6 meter før ho omsider klarte å få kruna opp frå bakken. Imponerande livsmot, noko å læra for alle!
Gje aldri, ALDRI opp!!

lørdag 16. oktober 2010

Småpirrande jobb 2


Så var lønna felt. Det gjekk lettare enn rekna med sidan ei telefonlinje var teken bort då ho skulle fellast. Fellinga vart gjort slik; Erlend gjekk opp i den friske toppen og pendla derifrå bort til den skadde delen. Der fellte han ned dei to gjenverande toppane, noko som var greitt no når telefonlinja var borte. Til slutt plukka han ned den friske toppen i deler, litt trongare der med ei lågspentlinje og eit hus i nærleiken men alt gjekk fint så no kan huseigaren sova trygt att.

torsdag 14. oktober 2010

Råte i levande tre, barrieresoner og slikt

Endå litt nyttig ETW stoff. Denne pdf´en fann eg på Skog og Landskap sine web side, særdeles nyttige web sider forresten, sjå litt nærare på dei. Pdf´en er av eit inlegg i Park og Anlegg og eit foredrag på NTF sin årsmøtekonferanse. Mykje god lærdom her enten de no skal ta eksamen eller ikkje.

mandag 11. oktober 2010

Stubbefresing

Hadde Trefeller´n frå Skien på besøk i dag. Me hadde etterkvart samla opp ein passeleg haug med stubbar som skulle fresast og Erlend tok turen over Haukeli for å fiksa dei. Ein stubbefresar er som ein stor vinkelslipar med tenner på ei freseskive som mel stubben opp i flis, ein enkel og grei måte å verta kvitt ein stubbe på. Alternativet er å grava han opp enten med gravemaskin eller hakke og spade, begge deler er ein mykje større jobb. Så dersom de har ein stubbejobb på Sørlandet eller i Telemark / Vestfold kan det vera lurt å ta kontakt med Trefeller´n AS.

søndag 10. oktober 2010

Planteanatomi - organlære

Kjempefin sida her frå universitetet i Oslo med trykkbare linkar til ulike organ i plantar. Denne må de surfa igjennom!

lørdag 9. oktober 2010

Vanntransport i tre

Endå ei kjekk lite websida for dykk som skal ta ETW eksamen snart eller for andre forvitne. Her er litt ekstra for engelskkunnige. Eg reknar ellers med at de er ivrige og trenar på klatring, beskjæring og felling no når det er så bra ver. Det er berre 14 dagar att no veit de :)

fredag 8. oktober 2010

Småpirrande jobb

Her er eit lønnetre som flakna sund i den sterke vinden på onsdagskvelden. Som de ser så er det i ei kløft med innvaksen bork og litt råteinnslag at han har svikta. Den kruna som er vekke la seg til kvile over ei lågspentlinje over natta. Dei to andre har sprukke frå einannan og vil koma ned kortid som helst.
No vil eigaren ha treet ned, forståeleg nok, men det er ikkje plass til å fella det heilt. Det står i mellom ei lågspentlinje, ei telefonlinje og eit eldhus med skifertak så det må plukkast ned. Ikkje spesielt høgt, kanskje 15 meter, men det er meir enn høgt nok.
Me skal ta det ned mandag eller tysdag, planen er å binda saman dei to stammene med ei stroppe og forankra dei i ei bjørk på oppsida. Deretter vil me bruka den friske toppen til klatrefeste og gå ut på dei to toppane og ta dei ned i mindre deler. Til slutt tek me den friske toppen ned i deler og jobben er gjort.


Litt småpirrande vert det nok - lønn har sprø ved!

torsdag 7. oktober 2010

Korleis treet er oppbygd

Det nærmar seg ETW eksamen for ein del folk, her på bloggen tenkte eg å hjelpa til litt med å posta interessante sider eg finn om relevante emne. I dag er det ein pdf om korleis treet er oppbygd.
Vonar det ikkje forvirrar meir enn det hjelper.

onsdag 6. oktober 2010

Tre sine mekaniske eigenskapar

Surfa litt og fann denne kjekke pdf´en om tre sine mekaniske eigenskapar. Mykje kjekt her sjølv om det kanskje først og fremst er tale om trelast. Ein del om trakeidar og vedrøyr og, nyttig stoff for dykk som skal ta ETW eksamen snart, det pleier alltid å dukka opp nokon spørsmål om celler og slikt.
Ringpora og spreiddpora treslag er også nemnde. Her er litt snadder for engelskkunnige.
Les og lær

tirsdag 5. oktober 2010

Raude lauv

Ja, so er hausten her då med frost og regn i skjønn foreining. Det vert glatt og kaldt å klatra, blautt på bakken og lauvet vert gult og raudt.
Ja, kvifor det eigentleg? Oransje og gule lauv har fargen sin først og fremst frå fråver av grønt sidan klorofyllet er nedbrote og næringsstoffa er lagra i veden for vinteren. Fargen kjem av karotenoidar, pigment som kjem fram når klorofyllet forsvinn.
Men raudfargen i raude lauv vert aktivt laga av treet og det har vore verre å finna grunnen til. Det har vore fleire tildels fantasifulle teoriar opp gjennom tida, den siste og mest sannsynlege så langt kan de lesa om her.
Den går i korte trekk ut på at raudfargen skal vera ein solskjerm som skal gje treet meir tid til å tøma bladet for næringsstoff før det fell av.
Enkelt og greitt.

søndag 3. oktober 2010

Graving og trerøter

På byggeplassar og andre anleggsområde er det altfor ofte meir eller mindre naudsynt å grava grøfter og anna forbi tre som skal halda fram å veksa på staden.
Den vanlege metoden er, som vist på desse bileta frå Halsnøy, å gå laus å grava utan å tenkja på røtene.
Når røter vert grevne av på tvers slik som her vert dei øydelagde langt innanføre der det er greve, ofte heilt inn til rotsona og det vert lange langsgåande sprekker og sår som er perfekte for allslags soppar og andre patogen.
Korleis kan ein så gjera det annleis?
For det første kan sikkert litt planlegging der omsynet til trerøter er med som ein faktor sannsynlegvis redusera skadane betydeleg, kanskje kan grøfta flyttast ein meter?
Der det ikkje er mogeleg å planleggja seg ut av uføret finnes det enkle og greie metodar for å minska skadane - faktisk så enkelt som å avdekka hovudrøtene med ein spade (jepp, handmakt!), kappa dei med ei sag eit stykke innanføre der det skal gravast og dekka til røtene så dei ikkje tørkar ut. Treet vert framleis skadd men mykje mindre enn dersom røtene skal slitast av med ei skuffe, resultatet vil visa seg etter nokre år.
I dette tilfellet på Halsnøy ville det kanskje ta to arbeidstimar for ein mann å gjera dette, ca 7-800 kroner, billeg for å unngå sannsynleg skade på desse trea om nokre år.

Kvifor vert det så ikkje gjort? Jau, enkelt og greitt kunnskapsløyse både hjå entreprenør og oppdragsgjevar. Er det akseptabelt i dag? NEI!!