Slit du sånn passeleg med høgder eller ikkje i det heile og ellers er sunn og frisk er kanskje ei framtid i trekrunene eller rotande rundt i trerøter på jakt etter skumle soppar noko for deg:)
Fagskulen i trepleie uteksaminerer no til våren kull nr to av lovande Arboristar og har no inntak av nye elevar.
Sjå her for info og påmeldingsopplysingar.
Det er først i den seinare tida at trepleieyrket har vokse fram her i landet, det byrja med eit par arboristar i Oslo på 80 - 90 talet, tok fart i byrjinga av 2000 talet og no er det over hundre utdanna trepleiarar her i landet, derav 6 med Fagskule - til våren vert det 11 til.
Det er ein stor marknad og nok tre til alle så om dette er noko som fenger deg vil du i alle fall ikkje utdanna deg til arbeidsløysa, tvert imot er det stor etterspurnad etter dyktige trepleiarar. Men det er eit krevjande studie og ein krevjande jobb så det passar ikkje for alle.
Passar det for deg...meld deg på så sjåast me til hausten:)