fredag 19. oktober 2012

Trefelling i Slottsparken

Slottsgartnaren i Slottsparken har bestemt at 150 tre i ein alle skal fellast. Eg har ikkje sett trea så eg skal ikkje uttala meg om det men Andreas Løvold har sett dei. Han har skrive ein artikkel i Aftenposten om saka, les og døm sjølve.

mandag 30. april 2012

Krossfelling

I Gulen sto ein gamal steinkross utanføre kyrkjegarden i over 1000 år heilt til kyrkjeleg fellesråd fann ut at ei stor lønn i nærleiken måtte fellast så ho ikkje skulle ødeleggja krossen om velta i ein storm. Det lokale skyttarlaget vart hyra inn til jobben, gravsteinar vart flytta, vinsjar etc sett opp og ... delar av treet datt på krossen og knekte han.
Saka er no meld til politiet sidan det er tale om eit automatisk freda kulturminne. Kyrkjeleg fellesråd vil ikkje skulda på dei lokale bøndene i skyttarlaget som utførde jobben, det er tilsynelatande eit hendeleg uhell.

No vil det vera verdas enklaste sak å raljera med denne triste saka her i bloggen men eg skal lata det liggja, eg vil berre påpeika at det faktisk finnes fagfolk som feller slike vanskelege tre dagstøtt med godt resultat. Fagfolk med ei 10 mill anleggsforsikring, utdanning i fagfeltet og lang praksis og som ikkje hadde kosta meir enn dei som utførde oppdraget.

Spørsmålet som politiet i si etterforsking naturleg må spørja seg er om oppdragsgjevaren her hadde sikra seg at utførande hadde naudsynt kompetanse for oppdraget, ville dei td brukt same folka til å fiksa det elektriske anlegget, røyropplegget, leggja tak eller måla kyrkjetårnet.
Oppdragsgjevaren har også eit stort ansvar til å sjekka kompetansen til dei som vert sett til eit oppdrag!

Linke her

onsdag 11. april 2012

Arborist fagskulen

Då nærmar søknadsfristen seg for fagskulen i trepleie. Dersom de har tenkt på å søkja på denne unike utdanninga er det no på tide å putta søknaden i posten, hugs det er to år til neste opptak!
De finn mykje info om utdanninga på heimesidene til Hjeltnes Gartnarskule men i korte trekk er det ei praktisk teoretisk utdanning innan trepleie som går over to år på deltid. Det er ei vekesamling på skulen i månaden og ei praksisveke ute i arbeidslivet i månaden.
Ved bestått eksamen får ein tittelen Fagskuleutdanna Arborist og er godt rusta til ein av verdas beste jobbar :)

søndag 26. februar 2012

Årsmøte NTF

Det nærmar seg årsmøtekonferansen til NTF, årets happening for oss treskallar!
Dei som ikkje har fått med seg dette storhendet bør ta ein titt her
I år er det Bergen som er staden og me ser fram til eit par fine dagar i Noregs finaste by - byen som vår Herre er så glad i at han vaskar han mest kvar dag:)
Det er mykje interessant på programmet - berre ta ein titt, ekstra interessant er det at det via ein heil dag til konkurranseutsetjing og problemstillingar rundt offentlege innkjøp. Altfor ofte er me vitne til at me små trepleiefirma tapar i konkurransen for store multitask firma som kjøper inn kompetansen vår etterpå til ein sterkt skvisa pris.
Skal og verta interessant å høyra kva større aktørar seier om oppfølgjinga av slike tilbod.

fredag 24. februar 2012

Søk på Arboristfagskulen!

Nåja, ikkje alle og einkvar då men de som brenn for tre og trepleie og har føresetnader for yrket.
Her ligg ein link til Hjeltnes og meir informasjon om utdanninga.
Det vert teke opp elevar annankvart år, og i år er det opptak med søknadsfrist 15. april.

Å vera arborist er på mange måtar eit spanande yrke. Deler av arbeidsplassen er høgt oppe i trekrunene - gjerne med motorsager og tunge løft i tau, då gjeld det å vita kva ein gjer. Andre deler er på bakken med planting, diagnostisering, trevurderingar etc. Sjølvsagt må ein vita kva ein gjer der og :)

Er du interessert - gå inn på linken og les og kontakt evnt Andrid på Hjeltnes for meir informasjon.

Treet si nyttårsfeiring

I Jødedommen har til og med trea si nyttårsfeiring. Den er i januar etter vår kalender. Litt malplassert her sidan alle trea våre på den tid ligg i dvale, men i Israel er det annleis - det er på den tida trea vaknar til liv og byrjar å veksa.
Her ligg ein link til eit tidsskrift eg ikkje les til dagleg, men dette må vel vera ukontroversielt stoff :)