mandag 31. mai 2010

Kosebøkedag i fint ver:)

Ein nydeleg dag i dag og ein kjekk jobb - beskjæra og krunesikra ein stor fin blodbøk på Nesttun. Heilt topp tre å klatra i, 25m høgt og 25 vidt med fine lange horisontale greiner. Friksjonen var topp og alt gjekk på skinner - og så får me betalt og! Kan det verta betre?

søndag 30. mai 2010

Trærs Rettsvern

Dei som vil vita litt meir om rettsvernet til tre kan sjå på heimesida til NTF Der deler av masteroppgåva til Guro Hessner om nettopp dette er lagt ut.
Synspunkt? Legg dei inn som kommentar!

lørdag 29. mai 2010

Engasjement


Noko av det mest gledelege i tida er det sterkt aukande engasjementet mellom folk med omsyn til tre. Ovanføre er eit lesarinnlegg eg saksa frå avisa "Hordaland" nyleg der ein lesar reagerer på at det er fjerna nokon tre mellom ein parkeringsplass og elva.
Trea var små og vanskapte og vart nok sikkert fjerna for at dei på ingen kunne oppfylla oppgåva dei var planta til. Eg vonar, i lag med Sausjord, at det vert planta nye tre som får litt (mykje!) meir jord og skikkeleg stell så dei har ein sjanse til å veksa opp.
Eit slikt aukande engasjement kan også føra til at me også her i landet på sikt tek trea på alvor. Alle har ofte ei meining om offentleg eigde tre, og det er vel og bra, men kvifor skal ein ikkje kunna ha ei meining om og påverknad på stellet av privateigde tre? Noreg er eit av få land i verda som ikkje har nokon uttrykt politikk med omsyn til tre, dette gjev seg sjølvsagt også til uttrykk i eit særs tynt lovverk som omhandlar og regulerer tiløve til tre. Ta til dømes Plan og Bygningslova der ein må søkja om dei mest bagatellmessige ting ein vil endra på huset eller i hagen men eigaren av eit vakkert landskapstre kan utan vidare øydeleggja det - logisk?
Endringar skjer ikkje fordi me trenerdar vil det, difor set eg pris på allslags engasjement frå folk flest.

torsdag 27. mai 2010

Chelsea Flower Show

Attende på hotellet etter ein laang dag på utstillinga. Ikkje så mykje for ein trepleiar akkurat men ein kan ikkje sjå så snevert på livet ;) Kort fortalt så var det overveldande! Enormt! og pakka med folk. Eg skal ikkje trøytta dykk med å prøva å beskriva det, det må berre opplevast!
Den Norske hagen var like fin som annonsert og han vann faktisk sølvmedalje. Mitt personlege syn er at han var best men det er no eingong elgelskmennene som bestemmer her.
Bilete lyt koma når eg kjem heim - litt blafrande internettilgang her.

onsdag 26. mai 2010

London

Jepp, no er eg i London. Skal vera her i nokre dagar og sjå meg omkring. I går var me på rundtur og såg på dei obligatoriske tinga - London Eye, Westminster, House of Parliament, Big Ben, Buckingham Palace og til sist Chelsea Physic Garden. Det er ein hage som er over tre hundre år med ei rekkje gamle sjeldne tre og plantar - liten men god!
I dag var me i Kew Gardens. Fantastisk! Slik skulle dei fleste arboret vore! Me trava rundt i timesvis og kom berre over helvta så der skal eg attende!
I morgon og fredag vert det Chelsea Flower Show med blomar og hagar og så vert det desverre heimreis på laurdag.
Bilete lyt eg nok koma attende med i eit anna innlegg eller via ein picasa link, elendige internett forhold her men veeeldig godt øl :).

fredag 21. mai 2010

i dag har me toppa tre:)

Jaudå du las rett, me har toppa tre - med spikes! Scenarioet er ein fin hage der det veks tre seljer ut mot vegen mot sør. Seljene har starta med ei stamme men har fort funne ut at mange er meir sosialt så dei har delt seg i fem seks stammer kvar. Dei er no gode og fullvaksne femten til atten meter høge og lener seg ut over lågspentlinja ved vegen og hagen på andre sida. Noko måtte gjerast.
Eigaren er oppteken av tre og har rimeleg god greie på trestell. Han forstår godt at seljene vert stygge om me toppar dei ned til omlag tre meter over bakken, men så var det dette med innsynet då. Hagen ligg ut mot ein veg som er stengd for biltrafikk men med desto meir fotgjengarar som eigaren vil skjerma seg mot. Dermed enda me opp med dette kompromisset - kapp dei på tre meter så det vert ein slags hekk. Denne kan han også vedlikehalda med håndsag og ein kort stige.
Me skreid til verket som dei gode vandalane me er, spiksa opp og kutta ned og resultatet vart akkurat så forferdeleg som me hadde venta. Det er difor forståeleg nok ikkje med bilete til dette innlegget ;)

torsdag 20. mai 2010

Ein digresjon

Dette er ein treblogg med nokre mindre digresjonar innimellom. Dette vert ein av dei.
Dei som kjenner meg veit at eg hostar heile tida- mykje. Dette er noko som har auka med tida og særleg i det siste. For fire år sidan vart det fastslege at eg sannsynlegvis hadde sarkoidose, ein autoimmun sjukdom som har mange utslag. Året etter var teikna på dette borte og eg vona at alt var i orden, men det var det nok ikkje. Det viser seg eter mange undersøkjingar at hosten kjem av sarkoidosen. Nye røntgen og ct bilete viser at eg har mange knutar i lungene og pusteprøvane på bedriftshelsetenesta viser nedsett lungekapasitet. Alt svart so langt men no kjem den ljose delen. Lungespesialisten vil ta ein del prøvar for å fastslå 100% at det er sarkoidose, deretter vil dei sannsynlegvis setja inn motrådgjerder, i dette tilfellet kortisonbehandling. Han meiner at ein skikkeleg kur over eit knapt år vil ta rotto på fantaskapen og hosten er vekke. No er ikkje kortisonbehandling berre berre, men det er det ikkje å hosta og harka heile tida heller. Han førespegla meg "månefjes" når behandlinga var på topp, i tillegg ein viss apetittauke så det gjeld å knipa att kjeften.
Vel, det var det. Neste innlegg vil som vanleg handla om tre:)

onsdag 19. mai 2010

Tauteknikk på stolpar

T.L. Hamel har skrive ein grei og oversiktelig artikkel om korleis ein best kan bruka tau ved arbeid på stolpar eller tre utan greiner ved felling. Dette er alltid eit lite problem sidan det systemet me brukar til vanleg er avhengig av ei kløft til toppfeste. Hamel visar her ein del teknikkar der ein kan laga eit toppfeste utan bruk av kløfter. Han er også såvidt innom bruk av Ropeguide, dette er eit fantastisk verktøy i slike høve, dyrt men uvurderlig.
Ut og prøv i finaveret! No er den finaste tida oppe i trea.

mandag 17. mai 2010

Berre for dumt!

Sjekk denne
Somme ting er berre for dumt!

17.mai til fjells

I år feira me 17. mai på stølen. Etter mange år med kav og stress for å koma tidsnok til barnetoget på Vangen fann me i år ut at me ville feira til fjells i fred og ro. Som tenkt so gjort, me reiste opp laurdag ettermiddag rusta med rikeleg med mat og drikke og hadde ein fin kveld i finaveret.
Dagen etter var det desverre regn og byger. Ute på selsbødn hadde me fått besøk av eit par reinsbukkar som kom ned for å gjera seg feite. Dei var like forvitne på oss som me var på dei og dei tutla rundt oss ei stund før dei fann ut at nok var nok og sette nasa mot høgda att. Me sat att, takksame for ei fin oppleving.
Veret var ikkje verre enn at eg kunne ta meg ein fin tur rundt i nærområdet midt på dagen, deretter kosa me oss i all stillheit utan fjernsyn og data resten av dagen, herlig!
17. var og regnfull men det kom seg utover dagen og eg tok meg ein fin fjelltur. Det er lite snø i fjellet men det var framleis for mykje til at eg kom særleg høgt, snøen var og blaut og lite eigna til å gå på, han vert nok for vekke i år. Etterpå var det inntak av tradisjonsmat før me tutla oss ned att, fornøgde etter ei fin helg.



lørdag 15. mai 2010

Kranfelling ved Oppheim hotell

Fredag hadde me ein retteleg kosejobb ved Oppheim hotell. Den store almen framføre hotellet skulle fellast og det gjekk ikkje berre å tippa han overende. Rigging var også utelukka så det vart krane. Seimen AS stilte med ein dugeleg stor og lang krane med jibb og me gjekk i gang.
Som sagt tidlegare; felling med kran er meir moro enn slit. Eg gjekk på enkelline opp i toppen, band inn i rope guiden min og så var det berre å koma seg ut på greinene og festa balansestroppene. Treet var vidt så det kosta nokre kaloriar å koma seg rundt men det gjekk fint.
Kruna var nede på 2t og seks hiv, deretter bytta me og Steinar tok stubbane før me skar treet nede.
Ein fin dag på Oppheim!

tirsdag 11. mai 2010

Vår!?

Mja, så snøar det, 12.mai. kanskje ikkje akkurat den våren eg såg føre meg når det var beinkaldt i vinter men det er no den me har. Trea står og prøver seg med å spretta ut, så kjem det snø og kulde og ljosegrønt vert grønblått. Ikkje direkte skadeleg for stadeigne tre som veit kor svikefull våren kan vera her, meir skadeleg kan det vera for nye innvandrarar som trur at straks varmen kjem er kulden borte (LOL). Vårfrost kan drepa skota på meir eksotiske lauvtre som Robinia etc og føra til at dei får ein buskete utsjånad. I vinter var det også uvanleg kaldt her i landet, når det endeleg losna med eit par fine dagar før påske byrja fleire vintergrøne plantar å vakna til liv, blada opna spalteopningane og åndinga starta men i den andre enden, rota, var det frost og blada tørka ut. Mange vintergrøne tre og buskar vart skadde og står brune no. På ein del buskar kan me tydeleg sjå kor høgt opp snøen rakk då skaden oppsto sidan delane under snøen ikkje reagerte på sola og er følgjeleg like grøne. Særleg utsette artar er rhododendron, sypress, thuja, og edelgran. Det står mange brune edelgrener på Voss no og sjansen for rehabilitering er liten. Ei anna art som kan vera særleg utsett er noko så heimleg som sprakje. Somme år når frosten kjem før snøen i høgare strøk og ein får varme dagar om våren før telen går kan det verta massedaude av sprakje på utsette plassar.
Einaste rådgjerda mot slike skadar er å dekkja utsette plantar i den kritiske tida om våren, greitt nok med busker men kanskje litt vel ambisiøst med tre.
Til sjuande og sist er vel dette noko me må leva med her.

mandag 10. mai 2010

Artikkel om skadde tre av Toni LeLand

Artikkel om kva ein skal gjera med skadde tre.

fredag 7. mai 2010

Film frå NM i treklatring

Juhuu! Jonas Østhassel har laga ein flott film frå NM i treklatring!
Sjå her

torsdag 6. mai 2010

Planting av Vekselbankneverheggen

Bak kumringen me hadde skore hol i var det 32mm singel. Skikkeleg nedtur! Det var berre å leggja seg på kne og grava ut så mykje som mogeleg og fylla på med jord og vona at det kunne verta ei bru som røtene kunne koma seg ut av kummen over.
Deretter henta eg ein 60cm kumring og heiste den ned i holet, den skal halda pyntesteinen som skal fyllast på toppen borte frå stamma. Så heiste me treet ned i kumringen og deretter kumringen litt oppover stamma så det vart plass til plantearbeidet. Treet vart så planta nøyaktig midt i kummen og 60cm kummen vart senka ned att. Så kom turen til stammebeskyttaren. Denne er eit kunstverk i seg sjølv, laga av smed Olav Punt. Han er ikkje delt så me måtte heisa den ned over treet, heldigvis var greinene oppbundne så me fekk lirka han på plass utan å øydeleggja greinene.
Innbindinga og transport plasten måtte så fjernast - på med klatreutstyr og opp i kranen. Skar så av plast og festegreier og tok og beskar nokre greiner med uheldig retning og reduserte nokre sidegreiner med topp ambisjonar - og dett var dett!
I morgon skal eg leggja på pyntesteinane og montera gummioppbinding.


















onsdag 5. mai 2010

Fjerning av den gamle linden

Spennande dag i dag. Me starta tidleg væpna med kranbil, hammar og meisel. Jau du las rett, muttrane som heldt trebeskyttaren på plass var punkta:), men Olav Punt, som hade punkta dei sist klarde å få dei opp att med ein svær hammar og ein skarp meisel, godt gjort!
Deretter lyfte kranbilen vekk beskyttaren og me festa på trestubben og prøvde å lyfta den. Det var verre, etter å ha pressa på ei stund rauk web stroppa me brukte. Me festa på solide kjetting slingsar og etter litt rikling kom stubben opp med heile klumpen sin, mykje arbeid spart.
Det viste seg at kummen var fyllt med den finaste blomsterjord, i tillegg var treet planta 30cm for djupt, kanskje ikkje så veldig rart at det mistreivst..
Deretter var det å ta spaden fatt og grava seg 50-60cm ned under gatenivå og bora hol til røtene. Nedtur der, det viser seg at det er rein singel utanføre kummen så me må prøva å slamma inn ein del jord før me plantar det nye treet. Har ikkje løysinga heilt klart for meg enno men skal nok finna på noko, følg med!
I mellomtida har eg vore til Gimle Planteskule og henta treet, ein neverhegg eller Prunus mackii. Treet så ok ut så me prøver å planta i morgon.









ISA Today mai utgåva

Her er siste utgåve av ISA sine månadsbrev.

Felling med kran i Oslo kurs

Då er datoane 99% spikra! Kurset vert i Oslo 9. og 10. september. 11. september (tragisk dato for amerikanarar) vert det workshop i avansert klatring dersom det er interesse for det. Det burde det absolutt vera, hugs Mark C er ein av verdas beste treklatrarar og står med verdsrekorden i 15m footlock. Han er svært flink å læra ifrå seg så her er det ein gylden sjanse til å plukka opp noko og å ha ein triveleg dag med gode vener!

tirsdag 4. mai 2010

Felling av Vekselbanklinden

So var me i gang med å erstatta treet framføre Vekselbanken på Voss. Ein litt skremande jobb både fordi det er svært krevjande å etablera eitt nytt tre her og fordi dette er banken vår:)
Fellinga vart utført som reine Commandoraidet i frykt for at mange skulle bry seg. Heile operasjonen var unnagjort på eit kvarters tid og litt skuffande var det ingen som brydde seg om at vandalar saga ned tuntreet til Vekselbanken. I morgon skal me fjerna stammebeskyttaren og stumpen og grava opp jorda i holet, så vert det ein tur til Tørrvikbygd for å henta det nye treet, ein Prunus mackii eller neverhegg på godt Norsk. Eg skal halda dykk oppdatert.

mandag 3. mai 2010

Beskriving og stell av buskfuru

I siste nyhendebrev frå Dave´s garden ver det med ein interessant og lærerik artikkel som tok føre seg krypbuskfuru eller Pinus mugo. Det er svært mange som har slike i hagen og det er kvart år stor etterspørsel etter stell og tips. Nokon har kanskje fått den forståelsen frå plantesenteret at desse veks naturleg til fine puter - ha! little ye know! Skal ein få dei fine er det her som i andre høve nitidig arbeid som må til.

søndag 2. mai 2010

Litt av ein pokal!

Sjekk denne vandrepokalen dei har i ITCC (Italian Tree Climbing Championship)

Ingenting gale med den Norske men han vert litt puslete i forhold.

Forza Italia!!

God raudvin har dei og:)