tirsdag 30. mars 2010

Shakin´treeman

Eg reknar med at de har sett denne men han er likevel eit klassisk døme på kortid du har lov å banka bakkemannen, og dersom han ikkje hadde bakkemann fortente han vel banken han fekk..

Knuskkjuke

Eg fann dette nydelege eksemplaret av ei knuskkjuke for kort tid sidan. De vil finna meir informasjon om denne soppen her på sida til Skog og Landskap. Knuskkjuka er som regel eit bevis på at treet er døyande og må fellast  straks, soppen lever både på daud og fersk ved. Han lagar kvitråte. Sopplekamen er svært dekorativ og sporerøyrene inni er svært tørre og vart brukte til opptenningstry før fyrstikken gjorde kvardagen lettare.



Nicky Ward Allen, ny verdsrekord i footlock damer

Sjå her korleis det skal gjerast gutar og jenter og meg og. Her er det berre å ta hatten av og gå i gang å øva.

fredag 26. mars 2010

Sertifisert Arborist?

Har fått eindel spørsmål i det siste om kva som ligg i uttrykket arborist og seertifisert arborist. Ein arborist er eit engelsk uttrykk for ein som arbeider med tre. Dette er ingen beskytta tittel og kven som helst kan kalla seg for det. Ein sertifisert arborist/trepleiar er sertifisert av ei eller annan sertifiseringsordning og har eit sertifikat, i Norge har både EAC og ISA slike ordningar. Det er også ein del trepleiarar sertifiserte etter Engelske eller andre institusjonar. Det er også ein god del ulike utdanningar innan trepleie i utlandet, sjølv har eg ei grad i trepleie teken ved Myerscough / UCLAN, dette må ikkje forvekslast med sertifikat sidan ein td ikkje treng resertifisering og fordi ein her har fått ei utdanning etter eit godkjendt utdanningsløp. I Noreg vil det til hausten verta starta opp ei fagskuleutdanning for arboristar ve Hjeltnes Gartnarskule som den første spesifikke arboristutdanninga i Noreg. Påmeldingsfrist 01.05 - noko å tenkja på!

onsdag 24. mars 2010

Arborist utdanning plakat

Hey, sjekk fine plakaten dei har laga, med Gunnar midt i biletet til og med.

mandag 22. mars 2010

Askeskotsykje

Snubla over denne artikkelen medan eg leitte etter meir informasjon om askeskotsykja. Eigentleg den einaste eg fann på Norsk og han var informativ og grei.
Kos dekan med elendigheita.

lørdag 20. mars 2010

Klatreåte

Eller kanskje dette kan lokka oss opp i trea? Har ikkje heilt forstende kva det er men det ser ut som ein promo for Raptor i den nedre truverdige skalaen.

Motorisert drahjelp

Eg fann denne kjekke dingsen på youtube. Kanskje det er noko som kan få oss gamlingar opp i trea lenge etter at me skulle hatt vit til å halda oss nede:)

søndag 14. mars 2010

Linjerydding


Linjerydding kan også vera ein luftig jobb. Her frå ei felling av ei eik på Sotra som var berre 20-30 cm frå ei 22kV linje. Linja var sjølvsagt kopla ut og jau - det er meg den vesle fyren oppi treet.












Den Gamle Mester

Den Gamle Mester
Der stander en Eg paa Presten Jord
Hans Øie til dagligt Mærke;
Den løfter sig op over Dal og Fjord
Og strækker Grenene stærke.
Den bærer paa flere hundrede Aar,
Men frodig den løves Vaar for Vaar,
Hver rindende Morgenlue
Kun meer ærverdig at skue
Jørgen Moe, "Nogle faa dikte, 1855"




Den Gamle Mester er ei kjempestor og svært gamal eik som står på prestegarden i Krødsherad. Ho vart verna som kulturminne allereie i 1914. Eika står i dag langsmed Rv7 i Krødsherad og er framleis i god stand.

lørdag 13. mars 2010

Sertifikat utdeling

Under årsmøtekonferansen vart sertifikata frå fjorårets ETW eksamen delte ut. Våre fire nye ETW sertifiserte her vest; Karin, Inger, Erlend og Nils har med rette grunn til å vera stolte over fin innsats.

Best conference ever!!

Med fåre for å verta skulda for plagiat vil eg hermed sitera Juan Samaranch sitt utsegn etter OL 94; Årets årsmøtekonferanse var "Best Conference Ever!!"

Det var rekorddeltaking, det var svært interessante og engasjerte føredragshaldarar, det var gode og aktuelle tema, det var god mat og fantastisk stemning på årsmøtemiddagen - kort sagt; alt var bra!

Her er nokre bilete av deltakarane.





onsdag 10. mars 2010

Aak Safety + Hogst og Rydding

Me fyl ein trend i Arbutus med å koma med dei heitaste nyhenda først:)
Siste og heitaste no er at Aak Safety og Hogst og Rydding skal inngå ein intensjonsavtale om samarbeid på salg av trepleieutstyr. Dette kan føra til at Noreg får sin første verkeleg store og seriøse salgskanal på trepleieutstyr. Aak Safety er store på salg av utstyr til industriklatring og fallsikring men manglar kompetanse på treklatring. Hogst og Rydding har god kompetanse på treklatring og utstyr og sel allereie i dag ein del utstyr, tida har vore for knapp til å utvikla dette salet i seriøs retning.
I saman vil desse to gjera livet mykje lettare for alle som er på marknaden etter kvalitets treklatreutstyr til prisar som kan konkurrera med utanlandske nettbutikkar.

torsdag 4. mars 2010

Knutekolling på nytt nivå



Desse trea som eg fann i Tønsberg sentrum er litt artige. Vanskeleg å sei kva som var tenkt eller om det var tenkt:) Det fungerer for so vidt som einslags knutekolling, men det er så stygt at det nesten er fint:).


Det finnes ein metode for forproduksjon i England kalla shredding som liknar litt på dette. Metoden går ut på å fjerna alle greinene opp til toppen og deretter hausta vasskota som for til sauer, omlag som ved stuving her i landet.

Mønsterbeskjæring på Gol



Desse prakteksemplara av beskorne gatetre fann eg på Gol, fantastisk. Av alle bjørka sine gode eigenskapar er vel evna til å tola hard beskjæring den mest utprega (LOL).


I Arbutus reknar me som vanleg med at desse fantastiske fagfolka har hatt vit til å ta seg skapeleg betalt!!:)


YouTube - 1st Removal with Spider Legs 3/3/10

YouTube - 1st Removal with Spider Legs 3/3/10

Kranfelling i næropptak

tirsdag 2. mars 2010

March ISA Today

Her finn de siste utgåve av ISA Today.

YouTube - Chainsaw Leg Protection

YouTube - Chainsaw Leg Protection
Fann ein referanse til denne videoen på treebuzz. Den viser korleis motorsagkutt riv i kjøt i staden for å skjera. I tillegg viser den kor dårleg td olabukser beskyttar mot motorsagkutt (bomba:)) og forskjellen på 10 år gamle overtrekk bukser versus nye. Kos dekan:)