onsdag 25. august 2010

Historiske tre

Det finnes ein del slike historiske tre som Anne Frank hestekastanjen. Det mest vidkjende her er vel Kongebjørka avbileta saman med kong Haakon under flyangrep i 1940. Stubben til kaptein Dreyer kan vel knapt kallast eit tre men dog, den er nok borte. Treet du fekk ditt første kyss under er historisk nok for deg osv. Poenget her er at slike tre er levande organismar og uansett så gjerne me ville så vil dei ikkje leva evig. Det er mange meiningar om kva som er rette måten å ta vare på slike tre på. Diskusjonen vedrørande kastanjen i Nederland har gått høgt og lenge, den har mellom anna toucha innom temaet om sikkerheit - ville Anne Frank ynskt at nokon vart skadde når treet ein gong fall ned? Vel, det kan ein undra på. Kongebjørka vart også skamfaren av vandalar, kva er så det rette - ta vare på restane eller planta eitt nytt.
Mi meining er at me må sjå på treet som eit symbol på staden og at det ikkje er så viktig at det er akkurat DET treet som står der, det viktige er at det står eit tre!

tirsdag 24. august 2010

Anne Frank Hestekastanjen har ramla

Sjå her for å finna oppslaget om at hestekastanjen som trøysta Anne Frank då ho låg i skjul no har ramla over ende. Det har vore ein lang diskusjon om kva ein skulle gjera med treet som etterkvart var vorte svært dårleg. Den enda med at eit stålstøttesystem vart montert i fjor, dette skulle i føgje fagfolk sikra treet i fleire tiår framover. Slik skulle det altså ikkje gå. Naturen er ofte sterkare enn dei fleste rådgjerder me kan setja inn. Når eg ser på biletet frå brotet ser det ut for meg at treet var heilt gjennområtna med kvitråte og såleis dødsdømt. Det bør snarast plantast eit nytt kastanjetre på same staden som kan minna oss om den forferdelege tida i soga vår og at eit tre kan vera til stor trøyst i harde tider.

ISA Today august

Her finn de ISA Today frå august. Mykje kjekt å lesa her, og link til 2010 resultata frå VM i treklatring er også med. Kos dekan i regnet :)

torsdag 19. august 2010

Ferieslutt

Ja, då var ferien slutt i år og. Siste dag med jordbær var på tysdag, ei og ei halv veke seinare enn normalt. Men kva er no normalt - det veit vel berre meteorologane. Det vart altså ein lang og ymsen sesong med mykje vær og heller lite bær, men dei var fine dei som kom til torgs. Den eldste åkeren er no grundig drept med roundup og ein ny fin åker er planta ut. Denne gongen har eg bytta ut ein del av Koronaplantane med ein ny sort som heiter Sonata, skal verta løye til års å sjå korleis det går.
Ellers er det ein del planlegging av krankurset i Oslo om nokre veker. Det skal verta artig å treffa andre trenerdar att, særleg Mark og Brian som eg ser berre ein gong i året. Hugs at det i tilleg til krankurset også er ein workshop i treklatring på laurdagen, denne kan ein melda seg på uavhengig av krankurset. Dette vert ein fin dag.

onsdag 11. august 2010

Aftenposten 07.08.10

Det var ein flott artikkel i om treklatring Aftenposten forrige laurdag. Fredrik Juelsen, ein av dei unge, ivrige arboristane i trepleiegruppa til ISS i Oslo, hadde med seg ein journalist på klatring i ei stor lønn. Dette resulterte i ein stor og fin artikkel heilt utan tabloid sensasjonsvinkling. Her vart både treklatring i seg sjølv og trepleie presentert på ein god måte.
Godt gjort Fredrik! Way to go Aftenposten!

onsdag 4. august 2010

Frø

Her er ein artikkel av Carrie Lamont om mirakelet med frø.

Arbtalk - nytt soppregister

Arbtalk, ei trediskusjonsside i England, har utarbeidd ei grei side for ulike tresoppar. Denne er akkurat lansert og vil verta oppdatert og utbygd i tida framover. Dette er eit tiltak som har vore sakna lenge, så sjølv om alt er på engelska så kan me alle ha god nytte av denne, også har me no alltid google translate:)
Sjekk ho ut.