onsdag 25. august 2010

Historiske tre

Det finnes ein del slike historiske tre som Anne Frank hestekastanjen. Det mest vidkjende her er vel Kongebjørka avbileta saman med kong Haakon under flyangrep i 1940. Stubben til kaptein Dreyer kan vel knapt kallast eit tre men dog, den er nok borte. Treet du fekk ditt første kyss under er historisk nok for deg osv. Poenget her er at slike tre er levande organismar og uansett så gjerne me ville så vil dei ikkje leva evig. Det er mange meiningar om kva som er rette måten å ta vare på slike tre på. Diskusjonen vedrørande kastanjen i Nederland har gått høgt og lenge, den har mellom anna toucha innom temaet om sikkerheit - ville Anne Frank ynskt at nokon vart skadde når treet ein gong fall ned? Vel, det kan ein undra på. Kongebjørka vart også skamfaren av vandalar, kva er så det rette - ta vare på restane eller planta eitt nytt.
Mi meining er at me må sjå på treet som eit symbol på staden og at det ikkje er så viktig at det er akkurat DET treet som står der, det viktige er at det står eit tre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar