onsdag 26. august 2009

Endå fleire "trebeskyttarar"


Tja, kva skal ein sei - er det som "beskyttelse" ein kjøper frå Mafiaen eller kanskje det er samfunnet som skal beskyttast frå dei fårlege trea??
Noko særleg effektiv beskyttelse av trea er det i alle fall ikkje - kanskje på tide å tenkja nytt?













mandag 17. august 2009

Pottelind


Dette stakkars lindetreet, Tilia X vulgaris, står midt i Voss Sentrum oppe i ei potte på omlag 1,5m i diameter. Djupna er kanskje 50-60cm.
Treet har no, etter relativt kort tid, møtt veggen - det er ikkje meir å henta for røtene, og treet ber preg av det. Massiv frøsetnad, tynt i toppen og mykje vasskot er typiske symptom. I tillegg står det i ein trefindtleg stamme "beskyttar" og har framleis strikken frå oppstøttinga på seg... I rest my case!
Eigaren vil heldigvis gjera noko og eg arbeider med saka no. Dersom nokon har nokon gode idear så kom gjerne med dei her, mine idear vert framførde for eigaren først men publisert her etterpå dersom eigaren samtykkjer.

onsdag 12. august 2009

Hjartetre men ikkje japansk


Nei dette er ikkje Cercidiphyllum japonicum, japansk hjertetre men ein vanleg vestnorsk stuask som ved eit naturens lune viser sine meir hjartelege sider.

tirsdag 11. august 2009

Naturleg bonansai


Sjå dette flotte bonansai treet, Japanske meistrar kunne ikkje gjort det betre. Ikkje for å snakka om omgjevnadane..

Lorden og meg


Endå eit bilete frå seremonien på Myerscough. Dette fekk eg ettersend frå eit firma som tok bilete frå seremonien og viser lorden og meg når eg får diplomet.

Stamme "beskyttar"







Bileta talar for seg sjølv.

Litt "profesjonell" beskjæring hjelper på heilheitsinntrykket:)








fredag 7. august 2009

"Godt og djupt"




Å planta godt og djupt er eit gamalt uttrykk som ikkje akkurat uttrykkjer stor visdom.
Bakgrunner er grei; treet står tilsynelatande mykje stødigare om ein set det litt godt ned i bakken. Men det fører til at røtene ikkje trives, treet etablerer seg seint eller aldri, det kan til og med døy og uansett vil det føra med seg dårleg vekst, toppvisning og uynskte rotskot.
Så myten om "god og djup" planting er nettopp det - myte. Tre skal plantast i same djupna som dei stod før, eller dersom dei har stende for djupt i planteskulen og - plantast slik at rothalsen ligg i jordskorpa.

onsdag 5. august 2009

Torgalmen på Voss







Torgalmen på Voss var i fjor i pjuskete tilstand. Fleire år med graving i gata nedanføre og medfølgjande sannsynleg senking av grunnvatnet, opprusting av torget med komprimering, oppbygging og legging av gatestein og oppfylling rundt rotsona hadde ført til dårleg almenntilstand, harde honningdogg angrep, tynt lauvverk, nedvisning i toppen og angrep av Polyporus squamosus (Huds)- ein svak parasitt som angrip store beskjæringssnitt på svekka tre.



Noko måtte rett og slett gjerast.




I samarbeid med kommunen sin arborist, Gunnar Lilletun, ETW sertifisert, vart det planlagt å grava vekk alt som var fyllt opp inntil stamma oppi det avgrensa området som ikkje var brulagt. Det viste seg at 30-40cm med jord måtte fjernast. Så vart det lagt ut eit tynt lag med kompost av lauvtre før det vart fylt opp att med rund elvestein frå 10cm diameter og oppover langs kanten av plante bingen rundt stamma inntil omlag ein halv meter frå rotsona. Deretter var det sett opp eit vatneregime.
Så var det berre å håpa.
I år, eitt år etter, er det eit heilt anna tre som viser seg - grønt og fint og utan sopplekamar. Det var rett nok eitt kortvarig, kraftig angrep av honningdogg men ei kraftig regnbyge gjorde slutt på det. Det har vore like tørt i år som det var i fjor. Me vonar at dette er ein varande trend og at torgalmen vil gleda oss i mange år framover.