onsdag 5. august 2009

Torgalmen på Voss







Torgalmen på Voss var i fjor i pjuskete tilstand. Fleire år med graving i gata nedanføre og medfølgjande sannsynleg senking av grunnvatnet, opprusting av torget med komprimering, oppbygging og legging av gatestein og oppfylling rundt rotsona hadde ført til dårleg almenntilstand, harde honningdogg angrep, tynt lauvverk, nedvisning i toppen og angrep av Polyporus squamosus (Huds)- ein svak parasitt som angrip store beskjæringssnitt på svekka tre.



Noko måtte rett og slett gjerast.




I samarbeid med kommunen sin arborist, Gunnar Lilletun, ETW sertifisert, vart det planlagt å grava vekk alt som var fyllt opp inntil stamma oppi det avgrensa området som ikkje var brulagt. Det viste seg at 30-40cm med jord måtte fjernast. Så vart det lagt ut eit tynt lag med kompost av lauvtre før det vart fylt opp att med rund elvestein frå 10cm diameter og oppover langs kanten av plante bingen rundt stamma inntil omlag ein halv meter frå rotsona. Deretter var det sett opp eit vatneregime.
Så var det berre å håpa.
I år, eitt år etter, er det eit heilt anna tre som viser seg - grønt og fint og utan sopplekamar. Det var rett nok eitt kortvarig, kraftig angrep av honningdogg men ei kraftig regnbyge gjorde slutt på det. Det har vore like tørt i år som det var i fjor. Me vonar at dette er ein varande trend og at torgalmen vil gleda oss i mange år framover.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar