tirsdag 24. august 2010

Anne Frank Hestekastanjen har ramla

Sjå her for å finna oppslaget om at hestekastanjen som trøysta Anne Frank då ho låg i skjul no har ramla over ende. Det har vore ein lang diskusjon om kva ein skulle gjera med treet som etterkvart var vorte svært dårleg. Den enda med at eit stålstøttesystem vart montert i fjor, dette skulle i føgje fagfolk sikra treet i fleire tiår framover. Slik skulle det altså ikkje gå. Naturen er ofte sterkare enn dei fleste rådgjerder me kan setja inn. Når eg ser på biletet frå brotet ser det ut for meg at treet var heilt gjennområtna med kvitråte og såleis dødsdømt. Det bør snarast plantast eit nytt kastanjetre på same staden som kan minna oss om den forferdelege tida i soga vår og at eit tre kan vera til stor trøyst i harde tider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar