Arbutus, eller Jordbærtre på godt norsk, beskriv mine to yrke. Eg er trepleiar med lidenskap for tre og eg er jordbærbonde.
Difor vart Arbutus eit naturleg val.
Eg fann dette nydelege eksemplaret av ei knuskkjuke for kort tid sidan. De vil finna meir informasjon om denne soppen her på sida til Skog og Landskap. Knuskkjuka er som regel eit bevis på at treet er døyande og må fellast straks, soppen lever både på daud og fersk ved. Han lagar kvitråte. Sopplekamen er svært dekorativ og sporerøyrene inni er svært tørre og vart brukte til opptenningstry før fyrstikken gjorde kvardagen lettare.
Svein I Ringheim, Voss, Norway
Utdanna i Trepleie ved Myerscough College / UCLAN, FdSci Arboriculture.
ETW sertifisert
ISA Certified Arborist
ISA Utility Specialist
Praktisert i faget sidan 1986
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar