mandag 17. mai 2010

17.mai til fjells

I år feira me 17. mai på stølen. Etter mange år med kav og stress for å koma tidsnok til barnetoget på Vangen fann me i år ut at me ville feira til fjells i fred og ro. Som tenkt so gjort, me reiste opp laurdag ettermiddag rusta med rikeleg med mat og drikke og hadde ein fin kveld i finaveret.
Dagen etter var det desverre regn og byger. Ute på selsbødn hadde me fått besøk av eit par reinsbukkar som kom ned for å gjera seg feite. Dei var like forvitne på oss som me var på dei og dei tutla rundt oss ei stund før dei fann ut at nok var nok og sette nasa mot høgda att. Me sat att, takksame for ei fin oppleving.
Veret var ikkje verre enn at eg kunne ta meg ein fin tur rundt i nærområdet midt på dagen, deretter kosa me oss i all stillheit utan fjernsyn og data resten av dagen, herlig!
17. var og regnfull men det kom seg utover dagen og eg tok meg ein fin fjelltur. Det er lite snø i fjellet men det var framleis for mykje til at eg kom særleg høgt, snøen var og blaut og lite eigna til å gå på, han vert nok for vekke i år. Etterpå var det inntak av tradisjonsmat før me tutla oss ned att, fornøgde etter ei fin helg.



1 kommentar:

  1. Var sikkert kjekt med så fint besøk. Og så nærme de var også :)

    SvarSlett