tirsdag 11. mai 2010

Vår!?

Mja, så snøar det, 12.mai. kanskje ikkje akkurat den våren eg såg føre meg når det var beinkaldt i vinter men det er no den me har. Trea står og prøver seg med å spretta ut, så kjem det snø og kulde og ljosegrønt vert grønblått. Ikkje direkte skadeleg for stadeigne tre som veit kor svikefull våren kan vera her, meir skadeleg kan det vera for nye innvandrarar som trur at straks varmen kjem er kulden borte (LOL). Vårfrost kan drepa skota på meir eksotiske lauvtre som Robinia etc og føra til at dei får ein buskete utsjånad. I vinter var det også uvanleg kaldt her i landet, når det endeleg losna med eit par fine dagar før påske byrja fleire vintergrøne plantar å vakna til liv, blada opna spalteopningane og åndinga starta men i den andre enden, rota, var det frost og blada tørka ut. Mange vintergrøne tre og buskar vart skadde og står brune no. På ein del buskar kan me tydeleg sjå kor høgt opp snøen rakk då skaden oppsto sidan delane under snøen ikkje reagerte på sola og er følgjeleg like grøne. Særleg utsette artar er rhododendron, sypress, thuja, og edelgran. Det står mange brune edelgrener på Voss no og sjansen for rehabilitering er liten. Ei anna art som kan vera særleg utsett er noko så heimleg som sprakje. Somme år når frosten kjem før snøen i høgare strøk og ein får varme dagar om våren før telen går kan det verta massedaude av sprakje på utsette plassar.
Einaste rådgjerda mot slike skadar er å dekkja utsette plantar i den kritiske tida om våren, greitt nok med busker men kanskje litt vel ambisiøst med tre.
Til sjuande og sist er vel dette noko me må leva med her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar