tirsdag 30. mars 2010
Shakin´treeman
Eg reknar med at de har sett denne men han er likevel eit klassisk døme på kortid du har lov å banka bakkemannen, og dersom han ikkje hadde bakkemann fortente han vel banken han fekk..
Knuskkjuke
Eg fann dette nydelege eksemplaret av ei knuskkjuke for kort tid sidan. De vil finna meir informasjon om denne soppen her på sida til Skog og Landskap. Knuskkjuka er som regel eit bevis på at treet er døyande og må fellast straks, soppen lever både på daud og fersk ved. Han lagar kvitråte. Sopplekamen er svært dekorativ og sporerøyrene inni er svært tørre og vart brukte til opptenningstry før fyrstikken gjorde kvardagen lettare.
Nicky Ward Allen, ny verdsrekord i footlock damer
Sjå her korleis det skal gjerast gutar og jenter og meg og. Her er det berre å ta hatten av og gå i gang å øva.
fredag 26. mars 2010
Sertifisert Arborist?
Har fått eindel spørsmål i det siste om kva som ligg i uttrykket arborist og seertifisert arborist. Ein arborist er eit engelsk uttrykk for ein som arbeider med tre. Dette er ingen beskytta tittel og kven som helst kan kalla seg for det. Ein sertifisert arborist/trepleiar er sertifisert av ei eller annan sertifiseringsordning og har eit sertifikat, i Norge har både EAC og ISA slike ordningar. Det er også ein del trepleiarar sertifiserte etter Engelske eller andre institusjonar. Det er også ein god del ulike utdanningar innan trepleie i utlandet, sjølv har eg ei grad i trepleie teken ved Myerscough / UCLAN, dette må ikkje forvekslast med sertifikat sidan ein td ikkje treng resertifisering og fordi ein her har fått ei utdanning etter eit godkjendt utdanningsløp. I Noreg vil det til hausten verta starta opp ei fagskuleutdanning for arboristar ve Hjeltnes Gartnarskule som den første spesifikke arboristutdanninga i Noreg. Påmeldingsfrist 01.05 - noko å tenkja på!
onsdag 24. mars 2010
Arborist utdanning plakat
Hey, sjekk fine plakaten dei har laga, med Gunnar midt i biletet til og med.
mandag 22. mars 2010
Askeskotsykje
Snubla over denne artikkelen medan eg leitte etter meir informasjon om askeskotsykja. Eigentleg den einaste eg fann på Norsk og han var informativ og grei.
Kos dekan med elendigheita.
Kos dekan med elendigheita.
lørdag 20. mars 2010
Motorisert drahjelp
Eg fann denne kjekke dingsen på youtube. Kanskje det er noko som kan få oss gamlingar opp i trea lenge etter at me skulle hatt vit til å halda oss nede:)
søndag 14. mars 2010
Den Gamle Mester
Den Gamle Mester
Der stander en Eg paa Presten Jord
Hans Øie til dagligt Mærke;
Den løfter sig op over Dal og Fjord
Og strækker Grenene stærke.
Den bærer paa flere hundrede Aar,
Men frodig den løves Vaar for Vaar,
Hver rindende Morgenlue
Kun meer ærverdig at skue
Jørgen Moe, "Nogle faa dikte, 1855"
Den Gamle Mester er ei kjempestor og svært gamal eik som står på prestegarden i Krødsherad. Ho vart verna som kulturminne allereie i 1914. Eika står i dag langsmed Rv7 i Krødsherad og er framleis i god stand.
lørdag 13. mars 2010
Best conference ever!!
Med fåre for å verta skulda for plagiat vil eg hermed sitera Juan Samaranch sitt utsegn etter OL 94; Årets årsmøtekonferanse var "Best Conference Ever!!"
onsdag 10. mars 2010
Aak Safety + Hogst og Rydding
Me fyl ein trend i Arbutus med å koma med dei heitaste nyhenda først:)
Siste og heitaste no er at Aak Safety og Hogst og Rydding skal inngå ein intensjonsavtale om samarbeid på salg av trepleieutstyr. Dette kan føra til at Noreg får sin første verkeleg store og seriøse salgskanal på trepleieutstyr. Aak Safety er store på salg av utstyr til industriklatring og fallsikring men manglar kompetanse på treklatring. Hogst og Rydding har god kompetanse på treklatring og utstyr og sel allereie i dag ein del utstyr, tida har vore for knapp til å utvikla dette salet i seriøs retning.
I saman vil desse to gjera livet mykje lettare for alle som er på marknaden etter kvalitets treklatreutstyr til prisar som kan konkurrera med utanlandske nettbutikkar.

torsdag 4. mars 2010
Knutekolling på nytt nivå
Desse trea som eg fann i Tønsberg sentrum er litt artige. Vanskeleg å sei kva som var tenkt eller om det var tenkt:) Det fungerer for so vidt som einslags knutekolling, men det er så stygt at det nesten er fint:).
Det finnes ein metode for forproduksjon i England kalla shredding som liknar litt på dette. Metoden går ut på å fjerna alle greinene opp til toppen og deretter hausta vasskota som for til sauer, omlag som ved stuving her i landet.
tirsdag 2. mars 2010
YouTube - Chainsaw Leg Protection
YouTube - Chainsaw Leg Protection
Fann ein referanse til denne videoen på treebuzz. Den viser korleis motorsagkutt riv i kjøt i staden for å skjera. I tillegg viser den kor dårleg td olabukser beskyttar mot motorsagkutt (bomba:)) og forskjellen på 10 år gamle overtrekk bukser versus nye. Kos dekan:)

Abonner på:
Innlegg (Atom)