tirsdag 9. november 2010

Avansert kirurgi?

For forbi Buskerud Sentralsjukehus i Drammen her hin dagen og fekk litt hakeslepp. Der hadde det vore skikkelege trekirurgar på ferde. Eg vonar sjølvsagt at dei held eit høgare nivå innomhus enn kva som er demonstrert på utsida, men eg synest det er eit dårleg signal med ei skamskore bjørk utanføre hovudinngangen. Etter litt etterrøkjing fann eg ut at det hadde vore eit firma på ferde der med lift og motorsag og jort "jobben". Fleire store bjørketre var skamfarne etter beste evne og kan reknast som totalt øydelagde. Ved parkeringsplassen nedom blokka var det fleire asalar som hadde fått same handsaming, dei vil nok overleva men fine vert dei aldri meir. Rundt sjukehuset var det fleire døme på at standard trepleie utført av dette firmaet er toppkapping og innkorting av greiner - tragisk.
Og noko anna som verkeleg er tragisk er at sjukehuset nok har betalt dyrt for feilbehandlinga sjølv om firmaet har gjort meir skade enn kva fakturaen enn kan lyda på. Det hadde nok vore ei opplagt sak for pasientombodet om det ikkje hadde vore tre det var tale om.



Fytterakkaren!

5 kommentarer:

  1. I beste fall, kan kanskje tena inn att litt det vandalane fekk betalt då ;)

    SvarSlett
  2. Minner litt om kva eit karmøyfirma gjorde med lindane til vegsvesnet gjennom Leirvik sentrum tidleg i vår....

    Frode

    SvarSlett
  3. Veeeldig vanlig, desverre. Nesten så eg lurar på kvifor eg har streva så mykje for å utdanna meg i faget, pengane ligg tydelegvis i juks og bedrag - ofte våre skattepengar rett ut av glaset...

    SvarSlett
  4. Det er tremisshandling,og da gjør ondt langt ned i røttene

    SvarSlett