søndag 20. februar 2011

Tre på kyrkjegardar

Tønsberg Gamle Kyrkjegard er berre ein av svært mange eldre kyrkjegardar med store, fine tre. Dei fleste av desse er veldrivne innan heller tronge økonomiske råmer, det er ofte kyrkjegardsforvaltarar med stor kunnskap om både tre kyrkjegardsdrift som legg sjela si i arbeidet.
Slike gamle kyrkjegardar er viktige av mange omsyn, dei er sjølvsagt viktige for dei som har sine kjære liggjande der men dei er også viktige for folk flest. Det er mange som likar å gå gjennom ein stemningsfull alle eller vandra gjennom ein velhalden kyrkjegard med store og vakre tre.
Uansett kor god omsorg desse trea får er det ofte slik at dei tilsette manglar kompetanse på trepleiearbeid oppe i trea og kanskje også på vurdering av trea. I eit område med så mange besøkjande er det viktig at trea er i god helse og sikre. Det må fjernast tørrgreiner, greiner og kodominante stammer må kanskje sikrast. Dette er berre døme på ei lang rad tiltak som gjerne er aktuelle å gjera i gamle tre.
Alternativet er desverre ofte at forvaltarane synest at trea er fårlege og får dei felt. Dette er både synd og skam sidan trea gjerne kunne stått i mange tiår til med litt stell.
Det siste tiåret har det etterkvart kome til ein god del sertifiserte og kvalifiserte trepleiarar og trepleiefirma som kan ta på seg slike oppdrag, me i Hogst og Rydding er eit av dei. Desverre er det også kome til minst like mange useriøse firma som gjer meir skade enn gavn - det er ein del døme på slikt andre stader i bloggen.
Utfordringa er å selja oss inn til slike oppdragsgjevarar og utkonkurrera dei useriøse. Dette kan me neppe gjera på pris sidan "raskearbeid" ofte også er billigarbeid, nei me må gå på kvalitet og resultat og dette er vanskeleg sidan kunnskapen om tre og tepleie ofte er låg hjå potensielle oppdragsgjevarar. Men det er ikkje umogeleg - me lukkast i Tønsberg i år og me lukkast i Trondheim i fjor og me har lukkast ei rad andre stader og eg trur ikkje nokon av desse oppdragsgjevarane har angra på at dei satsa på å få det skikkeleg gjort.
Så om det er nokon som forvaltar område med gamle verdfulle tre som les dette - skal de ha noko gjort så få det gjort skikkeleg, sjekk opp heimesida til NTF , der kan de søkja etter sertifiserte trepleiarar som kan gjera jobben for dykk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar