onsdag 2. september 2009

Rettsvern for tre

Når det gjeld handsaming av tre i private hagar i Noreg er det omlag rettslause tilstandar sett frå treet si side. Det står einkvar nærast fritt til å gjera som han vil med trea på sin eigedom. Det einaste som regulerer dette er plan og bygningslova som kan "freda tre" i reguleringsplanar men dog utan konsekvens ved felling, og nabolova som gjev grunnlag for mange tvistar om naboen sitt tre.
Dette fører til at utsjånaden til nærområdet er prisgjeve dei ulike eigarane som ofte handlar utan omsyn til heilskapen. Som døme kan ein setja ein eigar som har eit fint tre i hagen, dette er stelt og degga med i alle år og er retteleg ein pryd for nabolaget. Eigaren vert eldre og må til sist flytta og selja, inn kjem ein som skal ha sol så lenge som mogeleg med det resultatet at treet vert enten fjerna eller toppa. Treet som mange kanskje var glad i kan altså øydeleggjast eller fjernast utan at nokon har høve til protestar.
Slik er det heldigvis ikkje i alle land, ja Noreg er faktisk meir unntak enn regel.
I Storbritannia har dei ein eigen seksjon i plan og bygningslova der planstyresmaktene kan gripa inn og freda tre som er viktige for nærområdet med omsyn til utsjånad, mangfald, skugge etc. Der er eigne treombod som steller med alle trerelaterte saker i kommunen. Utbyggarar må søkja kommunen om løyve til å fjerna evnt. tre i området. Det er ikkje lett å få det til og planane for utbygginga må tilpassast trea på området og godkjennast av treombodet.

Me har ei streng plan og bygningslov med detaljforskrifter for alt som skal skje på ein eigedom BORTSETT frå planting, beskjæring og felling av tre. Kan nokon sjå logikk i at dersom ein skal skifta vindaugo i eit hus må ein søkja i ørten eksemplar, men dersom ein skal kappa eit 25m fint tre i to er det greitt??

1 kommentar:

  1. Jeg er helt enig. Selv bor jeg i et boligsameie, Østhorn Boligsameie i Oslo, og der har nettopp noen ufølsomme sameiere fått flertallet med seg til å felle det flotteste furutreet i hele Østhorn/Nordberg området. Og idag falt treet, midt i påsken 2011. Det ble ikke tatt noe hensyn til treet, og at barn og vi andre som bor der var glade i treet. En sort dag for naturens frembringelser, og for alminnelig hensynsfullhet. Vennlig hilsen John Sollie, Oslo.

    SvarSlett