søndag 6. september 2009

Trevern

Det er mange gode grunnar for ein sterkare og meir planmessig forvalting av tre. Mange undersøkingar viser at ein samanheng mellom grøne omgjevnader og trivnad, produktivitet, psykisk helse osv.
Tre kan også medverka til betre mikroklima i nærleiken, dempa støy, gje skugge, bryta vind osv. Tre bringar med seg mange andre organismar og dyr. Mange har glede av å sjå fuglar og ekorn og andre dyr med tihald i tre.
Tre er også kraftfulle innslag i landskapet. Dei er relativt varige, dvs at eit vanleg tre har mykje lengre livslengd enn menneske. Mange får eit forhold til eit tre i nærleiken, det er på ein måte ein del av livet, difor er det etter mi meining meiningslaust at ein einskild treeigar skal kunna gjera med treet nett som han vil med store konsekvensar for naboane og landskapet i nærleiken.

Misforstå meg no med måte, eg meiner ikkje på nokon måte at eitkvart tre skal vernast, det er dei heller ikkje der det er strengare regime enn her. Det eg meiner er at det skulle vera høve for planstyresmaktene å kunna verna viktige tre i landskapet i langt større grad enn i dag.
Verkar dette urimelig??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar