lørdag 19. september 2009

Tre og Allè

I eeterkant av kurset i felling med kran kom det ein del kritiske røyster til uttrykk i lokalavisa. Kort sagt meinte eit par lesarar at trea burde vore verna, og i tilfelle dei var risikable, burde dei vorte stuva ned så dei kunne stå lengst mogeleg.
Allèen er for tida under fornying og det var planta nye tre mellom dei gamle for omlag fem år sidan, desse var no så store at dei vart hindra i utviklinga av dei gamle så dei gamle måtte fellast.

Personleg har eg stor sans for at tre skal få stå så lenge som mogeleg og at knapt noko kan måla seg med verdien av eit gamalt erverdig tre, MEN ein må hugsa på at dette er ein historisk allè og ikkje ei tresamling. Ein allè er eit bevisst tilsikta uttrykk som er avhengig av homogenitet for å fungera. Denne må vedlikehaldast både på einskildtre nivå og på allè nivå men all`nivået er overordna. Dersom det går ut ein del tre misser allèen uttrykket sitt og noko må gjerast. Strategien Voss Kommune her har vald med å planta nytt mellom det gamle er ein anerkjend strategi for å fornya ein allè med minst mogeleg skadeverknader for heilskapen, det finns også ein god del andre strategiar men ut ifrå utgangspunktet med mange store hol i allèen då dei bestemte seg for å gjera noko var nok dette den beste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar