lørdag 19. september 2009

Trefelling med kran





Rett før pinse arrangerte Hogst og Rydding AS eit kurs i trefelling med kran.
Bakgrunnen var at dette er noko som stadig oftare vert gjort men det finnes ikkje noko opplæringstilbod for dette.
Undervisar på kurset var Mark Chisholm og Brian Noyes, to karar som er vel kjende i tremiljøet. Dei kjem frå New Jersey i USA så det vart litt kostesamt.

Mark og Brian har vore her og demonstrert dette før men denne gongen skulle folk få prøva seg sjølve.
Først tok Mark ned ein stor alm for å visa teknikkane, deretter var det vår tur..

Deltakarane var nok litt tilbakehaldne til å byrja med, men Mark og Brian gjorde det enkelt og sikkert for oss ved at dei var oppe i kvar sitt tre i saman med deltakarane og forklarte i detalj korleis det skulle gjerast og kva som kunne vera fårleg.

Alt gjekk etter planen, 10 store tre var nede på to dagar og 16 deltakarar var svært nøgde med opplæringa. I etterkant har eg i alle fall fått mail frå ein som reiste rett heim til ein kranjobb.










Også årets ETW kurs deltakarar var med på kurset, og etter kva eg har høyrt fann dei det svært lærerikt.


Det kan verta fleire kurs innan dette fagfeltet men me er avhengig av fortsett støtte frå velvillige firma.
Dette kurset vart støtta av Seimen AS og Ekehaug Maskin som begge stilte med kvar sin kranbil fritt tilgjengeleg i to dagar!
Hovudsponsor var Stihl Norge AS, me er svært takksame for at dei viser vilje til å stilla opp og støtta utdanning og innovasjon innan trepleie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar