mandag 28. september 2009

Eksamen nærmar seg


Ja, då nærmar ETW eksamen; http://www.eac-arboriculture.com/en/default.aspx seg med stormsteg. For dei som ikkje veit kva ETW står for kan eg kort fortelja at det er ei sertifiseringsordning for trepleiarar felles for EU og andre Europeiske land. Forkortinga står for European Tree Worker - ETW. Eg har hatt fire elevar på eit fire vekers kurs som skal opp til eksamen i Oslo den 9.10.

Dette er ein omfattande eksamen som går over ein heil dag. Kandidatane vert testa både i praktiske ferdigheiter og i trepleieteori. Det er også eit vanskeleg nålauge å koma igjennom, det er over 50% stryk årleg.

Eg kryssar fingrar og tær for mine i år - både dei som skal ta heile eksamenen og dei som skal ta oppatt deler.

På torsdag startar siste kursveka og eg vil koma attende med bilete og kommentarar undervegs.

onsdag 23. september 2009






Desse sjarmerande døma på "god" trepleie fann eg i Fagernes. Acer platanoides i relativt dårleg forfatning stod rett ved ei travel hovudgate.

Det beste som er å sei er at dei i alle fall har vist vilje til å ta vare på trea sjølv om det mnglar litt på kunnskap og evne. Uansett, vilje er eit godt utgangspunkt, alt for mange gonger vert felling brukt som einaste utveg.

mandag 21. september 2009

So var det den tida..


Ja, so var det den tida på året. Vonar det vert litt fleire før sesongen er slutt og kanskje ein hjort og??

lørdag 19. september 2009

Tre og Allè

I eeterkant av kurset i felling med kran kom det ein del kritiske røyster til uttrykk i lokalavisa. Kort sagt meinte eit par lesarar at trea burde vore verna, og i tilfelle dei var risikable, burde dei vorte stuva ned så dei kunne stå lengst mogeleg.
Allèen er for tida under fornying og det var planta nye tre mellom dei gamle for omlag fem år sidan, desse var no så store at dei vart hindra i utviklinga av dei gamle så dei gamle måtte fellast.

Personleg har eg stor sans for at tre skal få stå så lenge som mogeleg og at knapt noko kan måla seg med verdien av eit gamalt erverdig tre, MEN ein må hugsa på at dette er ein historisk allè og ikkje ei tresamling. Ein allè er eit bevisst tilsikta uttrykk som er avhengig av homogenitet for å fungera. Denne må vedlikehaldast både på einskildtre nivå og på allè nivå men all`nivået er overordna. Dersom det går ut ein del tre misser allèen uttrykket sitt og noko må gjerast. Strategien Voss Kommune her har vald med å planta nytt mellom det gamle er ein anerkjend strategi for å fornya ein allè med minst mogeleg skadeverknader for heilskapen, det finns også ein god del andre strategiar men ut ifrå utgangspunktet med mange store hol i allèen då dei bestemte seg for å gjera noko var nok dette den beste.

Trefelling med kran





Rett før pinse arrangerte Hogst og Rydding AS eit kurs i trefelling med kran.
Bakgrunnen var at dette er noko som stadig oftare vert gjort men det finnes ikkje noko opplæringstilbod for dette.
Undervisar på kurset var Mark Chisholm og Brian Noyes, to karar som er vel kjende i tremiljøet. Dei kjem frå New Jersey i USA så det vart litt kostesamt.

Mark og Brian har vore her og demonstrert dette før men denne gongen skulle folk få prøva seg sjølve.
Først tok Mark ned ein stor alm for å visa teknikkane, deretter var det vår tur..

Deltakarane var nok litt tilbakehaldne til å byrja med, men Mark og Brian gjorde det enkelt og sikkert for oss ved at dei var oppe i kvar sitt tre i saman med deltakarane og forklarte i detalj korleis det skulle gjerast og kva som kunne vera fårleg.

Alt gjekk etter planen, 10 store tre var nede på to dagar og 16 deltakarar var svært nøgde med opplæringa. I etterkant har eg i alle fall fått mail frå ein som reiste rett heim til ein kranjobb.










Også årets ETW kurs deltakarar var med på kurset, og etter kva eg har høyrt fann dei det svært lærerikt.


Det kan verta fleire kurs innan dette fagfeltet men me er avhengig av fortsett støtte frå velvillige firma.
Dette kurset vart støtta av Seimen AS og Ekehaug Maskin som begge stilte med kvar sin kranbil fritt tilgjengeleg i to dagar!
Hovudsponsor var Stihl Norge AS, me er svært takksame for at dei viser vilje til å stilla opp og støtta utdanning og innovasjon innan trepleie.

torsdag 17. september 2009

Klatrekurs med Mark Chisholm 2

Kurset var både luftig og innhaldsrikt med mykje praksis. På eitt tidspunkt var det meir enn 8 deltakarar 25m oppe i eit bøketre og så Mark demonstrera korleis ein effektivt kunne bruka utstyret til å koma seg rundt i trekruna.














Klatrekurs med Mark Chisholm







I Pinsen var det ein dags klatrekurs med Mark Chisholm, 2ggr verdsmeister, i Christieparken i Bergen. Dei ca 20 frammøtte fekk ei grundig innføring i nye teknikkar innan treklatring.




Det var også ein absolutt nydeleg dag og alle storkoste seg med klatring, kaffi og prat.



onsdag 16. september 2009

Felling med kran

To tidlegare kolla bøketre som danna ein portal i innkørsla måtte skjerast kraftig attende. Bakgrunnen var at dei ikkje hadde vore vedlikehaldne i minst 30 år. I staden for skudd og greiner var det no vorte heile stammer som måtte ned.
Det var to alternativ, rigging med tau eller kran. Opplegget krvde uansett stenging av ein køyrebane i ein svært trafikkert veg så krane vart vurdert å vera rimelegast sidan det ville ta kort tid og ein fekk store bitar som kunne fjernast med tømmervogn.







Sjølve jobben gjekk greitt unna på knappe tre timar ferdig rydda, men det var litt pes medan det sto på, særleg for ein seniorklatrar som måtte opp og ned i 9 stammer for å festa inn og kappa.



torsdag 10. september 2009

Lever enno











Jaudå, det gjekk bra med soppen, ingen biverknader. Steikande godt var det og.




Har vore litt dårleg med bilete i det siste men frykt ei, det kjem meir. Ellers nærmar ETW eksamen seg og eg vonar at alle mine elevar får full klaff i år, både nye og dei som kontar.

mandag 7. september 2009

Haustens gleder


Det var nett litt opphaldsver så eg tok ein snartur på soppskogen og der var det nok av ting som likar det fuktig. Soppkontrollen godkjende dei (berre steinsopp:)) tør ikkje anna..
Tre likar også sopp, røtene og soppmycel samarbeider som gode grannar om å ta opp næringsstoff frå jorda, til takk får soppen energi frå trea - slik skal det gjerast.

søndag 6. september 2009

Nokre linkar om rettsvern for tre

Guro Hessner har skrive ei masteroppgåve om temaet, her er deler av den

http://www.umb.no/statisk/ilp/landskapsverdi.pdf
http://www.okokrim.no/aktuelt_arkiv/miljokrim/magasinet/2007-2-3/pages/page6.htm

Trevern

Det er mange gode grunnar for ein sterkare og meir planmessig forvalting av tre. Mange undersøkingar viser at ein samanheng mellom grøne omgjevnader og trivnad, produktivitet, psykisk helse osv.
Tre kan også medverka til betre mikroklima i nærleiken, dempa støy, gje skugge, bryta vind osv. Tre bringar med seg mange andre organismar og dyr. Mange har glede av å sjå fuglar og ekorn og andre dyr med tihald i tre.
Tre er også kraftfulle innslag i landskapet. Dei er relativt varige, dvs at eit vanleg tre har mykje lengre livslengd enn menneske. Mange får eit forhold til eit tre i nærleiken, det er på ein måte ein del av livet, difor er det etter mi meining meiningslaust at ein einskild treeigar skal kunna gjera med treet nett som han vil med store konsekvensar for naboane og landskapet i nærleiken.

Misforstå meg no med måte, eg meiner ikkje på nokon måte at eitkvart tre skal vernast, det er dei heller ikkje der det er strengare regime enn her. Det eg meiner er at det skulle vera høve for planstyresmaktene å kunna verna viktige tre i landskapet i langt større grad enn i dag.
Verkar dette urimelig??

onsdag 2. september 2009

Rettsvern for tre

Når det gjeld handsaming av tre i private hagar i Noreg er det omlag rettslause tilstandar sett frå treet si side. Det står einkvar nærast fritt til å gjera som han vil med trea på sin eigedom. Det einaste som regulerer dette er plan og bygningslova som kan "freda tre" i reguleringsplanar men dog utan konsekvens ved felling, og nabolova som gjev grunnlag for mange tvistar om naboen sitt tre.
Dette fører til at utsjånaden til nærområdet er prisgjeve dei ulike eigarane som ofte handlar utan omsyn til heilskapen. Som døme kan ein setja ein eigar som har eit fint tre i hagen, dette er stelt og degga med i alle år og er retteleg ein pryd for nabolaget. Eigaren vert eldre og må til sist flytta og selja, inn kjem ein som skal ha sol så lenge som mogeleg med det resultatet at treet vert enten fjerna eller toppa. Treet som mange kanskje var glad i kan altså øydeleggjast eller fjernast utan at nokon har høve til protestar.
Slik er det heldigvis ikkje i alle land, ja Noreg er faktisk meir unntak enn regel.
I Storbritannia har dei ein eigen seksjon i plan og bygningslova der planstyresmaktene kan gripa inn og freda tre som er viktige for nærområdet med omsyn til utsjånad, mangfald, skugge etc. Der er eigne treombod som steller med alle trerelaterte saker i kommunen. Utbyggarar må søkja kommunen om løyve til å fjerna evnt. tre i området. Det er ikkje lett å få det til og planane for utbygginga må tilpassast trea på området og godkjennast av treombodet.

Me har ei streng plan og bygningslov med detaljforskrifter for alt som skal skje på ein eigedom BORTSETT frå planting, beskjæring og felling av tre. Kan nokon sjå logikk i at dersom ein skal skifta vindaugo i eit hus må ein søkja i ørten eksemplar, men dersom ein skal kappa eit 25m fint tre i to er det greitt??