torsdag 29. april 2010

Nytt stolpeplakatfirma


I lang tid har eg småirritert meg over gule stolpeplakatar frå eit visst firma som visstnok skal vera både sertifisert og forsikra. Dei lyser lystig gult ifrå omlag annankvar stolpe over størstedelen av landet, til og med i sentrale strøk som her i nabolaget mitt på Ringheim.
I dag dukka det opp ein ny type, ljosegrøn og laminert. Der lokkast det med stor erfaring i både seksjonsfelling og kronereduksjon (topping?, lang erfaring med store tre. Underteikna med eit mobilnummer.
Er dette måten me vil marknadsføra oss på? I skarp konkurranse med Polske studentar og andre som kan alt til eikvar tid??
Dersom det no skulle vera vanlege folk som les dette ( ikkje einspora trenerdar)så vil eg gjerne gje eit godt råd før de slepper nokon til på trea dykkar; Sjekk referansar, forsikring, sertifikat og om vedkomande firma er registrert i Brønnøysund. Eit enkelt søk på navnet i Purehelp.no vil fort avsløra om det er eit registrert firma eller eit Donald Duck firma.
Plakat vedlagt under.

4 kommentarer:

  1. Jeg har snakket med eieren av dette firmaet. Deres forsvar er at for å møte konkurransen fra "det andre" firmaet må de spille med samme regler. Det er beklagelig men jeg tror at andre vil følge etter hvis ikke myndighetene griper inn og setter stopper for denne markedsføringen med høvelige reaksjoner. Inntil da får vi andre rive dem like fort som de får dem opp.

    SvarSlett
  2. Eg ser at firmaet er registrert og sannsynlegvis har sine formelle ting i orden, endå meir uforståeleg er det då at dei vel å eksponera seg på denne måten. Kvifor ikkje velja ein meir seriøs veg - bli sertifisert, melda seg inn i ntf, delta i det veksande miljøet av trepleiarar i Bergen?

    SvarSlett
  3. Firmaet er registrert i Brønnøysund, forsikra og medlem av Norsk Trepleieforum.
    Har også en god del kurs og referanser og vise til.Dette er et lokalt firma i Bergen sør, som har jobbet med dette i mange år.

    SvarSlett
  4. Kjempeflott! Då er desse få plakatane sikkert berre eit mindre feiltrinn.

    SvarSlett