fredag 8. oktober 2010

Småpirrande jobb

Her er eit lønnetre som flakna sund i den sterke vinden på onsdagskvelden. Som de ser så er det i ei kløft med innvaksen bork og litt råteinnslag at han har svikta. Den kruna som er vekke la seg til kvile over ei lågspentlinje over natta. Dei to andre har sprukke frå einannan og vil koma ned kortid som helst.
No vil eigaren ha treet ned, forståeleg nok, men det er ikkje plass til å fella det heilt. Det står i mellom ei lågspentlinje, ei telefonlinje og eit eldhus med skifertak så det må plukkast ned. Ikkje spesielt høgt, kanskje 15 meter, men det er meir enn høgt nok.
Me skal ta det ned mandag eller tysdag, planen er å binda saman dei to stammene med ei stroppe og forankra dei i ei bjørk på oppsida. Deretter vil me bruka den friske toppen til klatrefeste og gå ut på dei to toppane og ta dei ned i mindre deler. Til slutt tek me den friske toppen ned i deler og jobben er gjort.


Litt småpirrande vert det nok - lønn har sprø ved!

4 kommentarer:

  1. kor tid verte den tatt ned?

    SvarSlett
  2. Fantastisk bra jobba. Er framleis full av beundring over korleis dei store trea vert saga ned utan skade på hus og div. Du/de er dyktige!
    Frå ein nabo som såg "ned" på dekan.

    SvarSlett
  3. Takkar på Erlend sine vegne :)

    SvarSlett