lørdag 25. desember 2010

Tre nr 1!

Tre nr 1 hjå folk flest er jolatreet. Det er eit tre alle har eit forhold til og kjenner. Eit jolatre er eit grønt nåletre av ukjent sort og opphav som ein enten høgg i skogen eller kjøper ein stad og tek inn i huset.Ja,ja, dette veit de sikkert alt om. Jolatre er faktisk så velkjend at folk refererer til dette når dei skal beskriva tre, når eg spør ein kunde på telefonen kva slag tre han vil me skal fella, stella eller sjå på er det ikkje sjeldan at han seier det er eit slikt "juletre", altså eit nåletre.
Denne forsåvidt merkelege skikken med å dra eit tre inn i stova, pynta det og gå rundt det og syngja Herrens pris er ikkje så gamal som ein skulle tru. Den moderne versjonen byrja i Tyskland i det 18. århundra og spreidde seg så vidare derfrå det neste hundreåret. I dag kan ingen tenkja seg ei jol utan tre.
Eg skreiv at dette var den moderne versjonen fordi det er ein eldre og. I heidensk tid var det mange stader ei tru på at grøne plantar kunne motverka innverknaden av vonde makter i den mørke tida og særleg rundt solarsnu. Kva grøne plantar hadde ein så for handa? Jau, nåletre, kristtorn og misteltein, velkjende symbol frå jolafeiringa i dag, tilfeldig - neppe.
Me menneske har ei tilknyting til tre og plantar med band heilt attende til forfaderen vår vart lei av å bu oppi trea og tok kono og ungane med seg på tur ut på savanna i Afrika. Same kor moderne og urbane me er vortne i dag så sit dette i oss og genane våre. Det er utallige teikn på dette, jolatreet er berre eitt av dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar