fredag 3. desember 2010

Tredje vekesamlinga på Fagskule i trepleie

Då var tredje veka på fagskulen unnagjort. Ingen utedagar denne gongen heldigvis, det hadde vorte både kaldt og glatt og ikkje bra for korkje tre eller folk. Særleg me som står på bakken og gaular :-).
Men ei utdanning i trepleie inneheld mykje teori. Denne gongen var det om vekstfaktorar med fokus på jord og om planteriket, anatomi og fysiologi. I tillegg var det om vekst og utvikling av tre, BARIT og beskjæring.
Eg var ikkje lærar denne gongen, faget mitt er alt om trepleie, men eg følgjer med på kva som skjer. Alt heng i hop og det er viktig å leggja grunnlaget no for forståinga av korleis tre verkar.
Neste utesesjon vert i vekesamlinga i januar, då vert det spanande om elevane har gjort som dei skal og trena i dei to månadane sidan sist økt. Eg vonar inderleg det, sidan me no skal til å jobba oppe i trea med beskjæring osv. og då er litt klatreferdigheiter naudsynt. Så om nokon av dykk heldige elevar les dette - "Ut i busken og opp i trærne" :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar