mandag 17. januar 2011

Beskjæring i Statens Vegvesen sin regi?

Eg fekk denne eposten i dag frå min gode ven Sivert W Svane i Fevik
:

>Hei Erik og Ingjerd og svein
>Her kan dere se et resultat av beskjærings arbeidene en anleggs gartener gjør for mesta og statens vegvesen reg sør.
>Det er nesten umuligt for oss sertifiserte trepleiere å få utført arbeider for de 2 nevnte aktører fordi vi ikke har personlige vennskap med bestillerene i statens vegvesen og mesta.
>Denne anleggs gartneren har nok utført hærværk i steden for beskjæring på ca 100 - 200 trær i nær område.
>De er derfor ikke veldigt lett å konkurere med folk som kan si at de
>har fagbrev som grøntanleggs gartnere og i fritiden spiser kirsebær med
>de store entrepenørene Hilsen en frustert Svane

Det er vedlagt nokon bilete av skamfarne tre, ser ut som om dei er beskorne etter den "gode gamle hatrack" metoden, dvs skorne for å få hatten til å passa.
Eg forstår godt Sivert veldig godt, det er vondt å sjå på dette. 
Spørsmålet er som vanleg; Kva er føremålet med beskjæringa? Kven har bestilt dette og kven har fulgt det opp? Kva krav til kompetanse er stilt til dei som har utført "jobben"

Det kan vera at det er tenkt på å laga knutekollingar - men det ser ikkje slik ut.
Det kan vera at det er bestilt oppbyggingsbeskjæring i samsvar med SVV si beskriving av slikt arbeid i anbudsgrunnlaget - i so tilfelle er bestillar og utførar analfabetar. Eg har denne beskrivinga liggjande og ho kan umogelegvis lesast slik!
Mest truleg er det tale om kunnskapsløyse manglanda fagkunnskap.
Dette er alvorleg. Det er lagt ned mykje pengar, skattepengar, i planting og stell av desse trea og så vert dei øydelagde slik - antakeleg for god betaling - skattepengar igjen.



Me får vona at det ikkje vert sett tilsvarande kvalifikasjonskrav til andre underentreprenørar som er leigde inn på same funksjonskontrakt, i tilfelle lovar det ikkje godt.

Kor lenge skal det gå før det vert sett reelle krav til kompetanse i kontraktar som omhandlar stell av tre i ulike anlegg? No kan kven som helst som seier dei har kompetanse på dette verta utvalde til slike oppgåver av bestillarar som har like lite kompetanse på det dei bestiller som dei som utfører jobben. Taparane er trea og brukarane av områda som skal leva med eit elendig resultat. 
Det patetiske er at det ofte kostar meir med glade amatørar med lift og motorsag enn fagfolk som har brydd seg med å utdanna seg innan faget.
Beklagar folkens men eg vert litt opptrekt av slikt!

3 kommentarer:

  1. Minner sterkt om "skadeverket" som blei gjort i Leirvik sentrum på oppdrag for Mesta forsommaren 2010.

    Frode

    SvarSlett
  2. No er eg ikkje kjend på staden, reknar med at det Sivert skreiv om var litt lenger sør. At det er gjengs der Mesta er i posisjon er heller urovekkande, eg trur nok at det einaste som kan endra praksisen er at folk bryr seg - slik som du. Skrik høgt i lokalpressa og set dei til veggs!

    SvarSlett
  3. Good on ya Sivert! about time someone spoke up about the corrupsion in this business...

    Andy.

    SvarSlett